HISTORISK: Sokneprest Aksel Lygre (t.v.) og komitéleiar Haakon Georg Moe ser fram til feiring av kristenretten på Moster.

Tre kristne tv-kanalar samarbeider om sending frå kristningsjubileum

Markeringa av tusen år med kristenrett på Moster blir formidla av Kanal 10, Bedehuskanalen og TVL.

Publisert Sist oppdatert

Sendinga går laurdag 1. juni frå kl. 15 og varer i sju timar. Denne går på Kanal 10, og Bedehuskanalen.

TVL er også med på samarbeidet, men sender ikkje direkte. Kristen Media Norge og nettavisa Verdinytt skal bidra med innhald gjennom dagen.

Denne dagen skal kronprins Haakon Magnus vere gjest under den offisielle markeringa av tusenårsjubileet. Og seglskuta Christian Radich skal nå Bømlo etter å ha sigla frå Oslo.

Artist, forfattar og Farmen-prest

Programleiarar på dagtid vert Elisabeth Mork frå Kanal 10 og pastor Birger Wroldsen, samt utegåande reportarar frå Verdinytt, ifølgje ei pressemelding frå Felleskristen komité for Moster 2024.

På kvelden vert det «LIVE med venner – spesial» med Bjarte Ystebø og Tone Haukeland Mork frå Kristen Media Norge som programleiarar.

Mellom gjestene er artist Inger Lise Rypdal, forfattar Ole Petter Erlandsen som gir ut boka «Anno 1024 – Året som forvandlet Norge», og Farmen-presten Thor Haavik. Han har laga miniprogramserien «Hendelsen som forandret Norge» i samband med jubileet.

Lik sending heile dagen

Redaktør Øyvind Rygg i Kanal 10 set pris på samarbeidet som er etablert.

– Det betyr mykje at det blir eit skikkeleg avtrykk i kristen-tv av denne viktige feiringa av kristenretten, seier Rygg til Dagen.

Han opplyser at produksjonsansvaret vert delt slik at Kanal 10 tek ettermiddagen og Bedehuskanalen kvelden, men sendinga vert lik på kanalane heile dagen.

– Å markere kristenretten er viktig, særleg i ei tid der verdiar smuldrar litt opp. Det kristne fundamentet er avgjerande i lovverk og samfunnsbygging, seier Rygg.

Samtale med biskop

Redaktør Alf Gjøsund i TVL opplyser at tidlegare biskop Halvor Nordhaug, uavhengig av TVL, har sagt ja til å gjennomføre nokre samtalar på Moster i jubileumsveka, mellom anna med katolsk biskop Erik Varden.

– Vi fekk tilbod om at ein av desse samtalane vart filma av Kanal 10 og gjort til eit program i serien Dialogen, der Nordhaug er programleiar, og at det vart sendt direkte på dei andre kanalane. Det har vi takka ja til, seier Gjøsund i ein sms.

Resten av dagen har dei takka nei til å sende.

– Vi har sjåarar som ikkje er så fortrulege med stilen til dei andre kanalane, så vi har bedt om å få sjå gjennom opptaka og vurdere om det kan vere aktuelt for oss å sende i etterit. Eg har møtt stor forståing og rausheit for dette ønsket frå dei andre kanalane, og dei har sagt ja til at TVL er med på det premisset.

Gjøsund håper samlinga og sendingane på Moster kan vere med på å styrkje opplevinga av einskap i Kyrkje-Noreg, og auka medvit om det ein har felles, både kulturelt og åndeleg.

– Og så vil eg berømme Kanal 10, Bedehuskanalen og Kristen Media Norge for den respekten de har for TVLs profil og oppdrag, legg han til.

Powered by Labrador CMS