Finn Jarle Sæle (t.v.), Odd Sverre Hove (t.h.) og Vebjørn Selbekk har vore sjefredaktørar i Dagen.

Tre sjefredaktørar om Dagens sjel

Halvparten av sjefredaktørene i Dagen gjennom hundre år møttest for å avklare hva dei meiner er det viktigaste med avisa.

Publisert Sist oppdatert

I år fyller Dagen 100 år. Denne artikkelen er en del av vår jubileumsdekning. Vi har også en egen jubileumsside, som du kan sjekke ut her.

----------

Berre seks personar har sidan 1919 hatt privilegiet og problema det inneber å vere sjefredaktør i Dagbladet Dagen. Dei tre som har hatt tittelen siden 1985, kom saman rundt eit kafébord i Bergen i forkant av jubileumsfeiringa.

– Mitt første minne med Dagen er frå 1955. Då var ein klassekamerat av meg avfotografert på framsida, fortel Odd Sverre Hove.

Han var sjefredaktør fra 1999 til 2010.

Få år seinare introduserte han ungdomskameraten Finn Jarle Sæle for avisa. Begge er bergensgutar og fødde i 1947 - med eit mellomrom på knapt to veker.

– Odd Sverre kom opp på rommet mitt og fortalde meg at han hadde oppdaga verdas beste avis, minnest Sæle som skulle kome til å sitje på redaktørkrakken i den same avisa frå 1985 til 1999.

Utfordra av nynorsk

Hove hugsar at både faren, som var sokneprest på Laksevåg, og mora finstuderte leiarartiklane til Arthur Berg.

– Far sukka og ønska at han hadde hatt mange millionar, for då skulle han gjort Dagen til ei stor og sterk avis, seier Hove.

Som 14-15-åring byrja han som avisbod for Dagen. På same tid tok han til å tråkle seg gjennom leiarartiklane som Berg formulerte på karakteristisk, konservativ nynorsk.

– Eg likte språket og tileigna meg kjærleik også til nynorsken, seier Hove.

Saman med kameraten Gunnar Johnstad vart han intervjua i Dagen om prestemangelen, som dei hadde lese om i avisa. Dei to teologsønene kjende kallet, og begge vart også teologar.

Berg bak ryggen

Sæle vart ikkje berre introdusert for Dagen av Hove. Han vart også sterkt utfordra til å skrive den første artikkelen sin i avisen. Debattinnlegget kom på trykk i 1968.

– Temaet var politisk militærnekting. Viss du av nokon samvitsgrunn ikkje ville tene vårt nødvendige forsvar, skulle du ikkje vere der av samvitsgrunnar, men også av militære grunnar, seier Sæle.

Det var eit standpunkt som dåverande sjefredaktør Berg, som hadde bakgrunn som offiser, hadde sansen for.

Trønderen Vebjørn Selbekk vaks opp med Vårt Land som den kristne avisa i heimen, men tidleg i tenåra vart han fortalt om Dagen.

– Ein ven sa: Dette er ei avis som passar mykje betre for dykk og dei meningane de har, seier Selbekk.

Familien tilhøyrde Stjørdal Misjonskirke.

Både Sæle og Hove hadde tett kontakt med Arthur Berg. Selbekk fortel at han ein gong fekk intervjue Berg. Måleriet av den legendariske redaktøren heng framleis på kontoret hans.

– Å ha han hengande bak meg er både ein inspirasjon og litt utfordrande, seier han.

Tre merkesaker

Dei tre sjefredaktørane blir bedne om å trekkje fram tre saker som bør vere viktige for Dagen.

Selbekk løftar fram at avisa må vere kristen røyst i samfunnsdebatten, forsvare det ufødde livet og støtte Israel.

Sæle sluttar seg til dette. I tillegg nemner han vern om Bibelens autoritet og nestekjærleiksbodet i journalistikken.

– Vi skal ikke ha personfokusering og personforfølging, men sterkt fokus på saker, seier han.

Hove samtrykkjer.

– Eg er mykje samd med Finn Jarle og Vebjørn i det dei har nemnt. I statuttane står det også om å ta til gjenmæle mot åtak på kristne trussanningar. Apologetikk er ei voldsomt viktig sak, viktigare enn nokon sinne, seier han.

I tillegg nemner han kampen mot norsk medlemskap i EU.

– Det byggjer på ein sans for å forstå Guds plan for folka i Det nye testamentet som oppdelt i nasjonar, seier Hove.

Han meiner saka vart så viktig for Berg fordi det dreia seg om å avstå nasjonal suverenitet til eit overnasjonalt organ.

– Den saka er veldig aktuell igjen med globalisme som står mot nasjonalstatstenking, seier Hove.

– Breiare enn andre

– Kva tenkjer de om at Dagen er blitt skulda for å vere for smalspora og for oppteken av einskildsaker?

– Vi skal sjølvsagt lytte til all kritikk, men saker ein er blitt skulda for å køyre einsidig på, er ein også nokså åleine om, seier Selbekk.

Han nemner abortsaka og ekteskapet som to døme.

– Her har vi eit særleg ansvar, men ein må jo ikkje bli monoman. Vi skal lage ein miks som gir ei god dagsavis, seier han.

Sæle synest kritikken ikkje treff, verken for Dagen eller Norge Idag som han har vore sjefredaktør for sidan 1999.

– Vi har akkurat dei same allmennsakene som alle dei andre, seier han og meiner profilsakene kjem i tillegg.

– Vi har jo mykje større breidde enn dei andre.

Beste minne

– Kva hugsar de som det beste frå tida som redaktørar?

– Eg vil seie det er å kjenne den sterke støtta og også forbøna frå ei stor gruppe menneske som ønskjer Dagen vel og meiner at Dagen er ein viktig reiskap i samfunnsdebatten. Det har vore ei veldig god og litt audmjukand eoppleving. Eg har lagt vekt på å ta så mange samtalar med lesarar som mogeleg, seier Selbekk.

– Eg var lukkeleg i Dagen og endå meir lukkeleg i Norge Idag, seier Sæle.

– Midt i all striden var det frykteleg lærerikt. Torner vert forkledde velsigningar. Eg synest også eg hadde suksess i Dagen, seier han, og peikar på ein krevjande økonomisk snuoperasjon.

– Det er opplevinga av å arbeide i eit teamfellesskap i redaksjonen og få auge på kollegaer som gjer veldig viktige ting ved sidan av seg, seier Hove.

Takkar støttespelarar

– Er det noko som har festa seg på ein spesiell måte av ting Dagen har skrive om?

– Eg vil trekkje fram den jobben som medredaktør Kari Fure gjer for forfølgde kristne. Ho er den fremste kapasiteten i Noreg på dette området. Ho er mor og bestemor, men reiser rundt for å formidle historiene til menneske som lir og blir både fengsla og drepne. Vi kan føle at vi baskar litt i motvind som kristne her i landet, men samanlikna med søskena våre i trua er det null og niks. For meg er dei ei samvitssak å prioritere dette, seier Selbekk.

Hove trekkjer fram prinsippet om at standpunkt må kunne forsvarast ut frå Bibelen.

– Du må ha ryggdekning før du set noko på trykk. Og for Dagen handlar det om å ha ryggdekning i skriftprinsippet, seier han.

– Ein ting som har gjort djupt og varig inntrykk på meg, var kampen til Børre Knudsen for dei som vi har forfølgd og drepe, dei ufødde, seier Sæle.

– Han ofra det som var aller kjærast for han, gjekk til det ufødde barnets grav og gjekk canossagang gjennom det norske samfunnet. Hadde prestane følgd han, hadde kyrkja vore annleis og Noreg annleis.

----------

De tre sjefredaktørene var også gjester i en jubileumspodkasten til Tore & Tarjei. Episoden kan du lytte til her:

Powered by Labrador CMS