Trekkjer seg frå sentralstyret
Sentralstyremedlem Astrid Aarhus Byrknes trekkjer seg for å gje plass til Karl Johan Hallaråker i KrFs øvste organ. Valkomiteen meiner det kunne vore plass til begge.
Byrknes står på andreplass på stortingsvalslista i Hordaland bak partileiar Knut Arild Hareide og kan få fast plass på Stortinget etter valet. Ho sit no i sentralstyret, men valde å trekkje seg for å gje plass til partiveteranen Karl Johan Hallaråker i det mektige partiorganet. Begge kjem frå Hordaland.
- Kvifor trekte du deg?
- Det var to kandidatar frå Hordaland i tillegg til at partileiaren kjem frå fylket. Det kunne bli vanskelig å få inn to. Eg visste at Karl Johan hadde lyst på ein sentralstyreplass. Etter ei heilskapleg vurdering bestemte eg meg for å trekkje meg for at Hordaland skal kunne samle seg om ein kandidat.
- Var det ei vanskeleg avgjerd?
- Det har vore to lærerike år i sentralstyret. Eg var innstilt på å fortsetje då eg fekk spørsmål om å stille til attval.
- Korleis kan det tolkast at ei kvinne trekk seg til fordel for ein mann?
- Det må andre svare på, for meg er det ikkje ein kamp om posisjonar. Det er av omsyn til partiet.
- Vil Hallaråker bidra til å demme opp lekkasjar av veljarar til partiet De kristne?
- Det kan godt hende. Eg hadde det med i vurderinga, men det var ikkje det viktigaste. Karl Johan er ein dyktig ideolog, medan eg er meir praktikar som er oppteken av kvardagen i kommunane, seier Byrknes, som er ordførar i Lindås kommune.
Takknemleg
Karl Johan Hallaråker er leiar i Bergen KrF, tidlegare generalsekretær i Indremisjonsforbundet og rektor ved Bildøy Bibelskole. Han er takknemleg for støtta Byrknes har gjeve han gjennom å trekkje seg.
- Eg har ikkje bede om plass i sentralstyret, men har blitt beden om å stille, seier han.
- Vil du bidra til å demme opp for De Kristne?
- Eg er glad for alle eg kan bidra til å demme opp for.
- Plass til begge
Geir Bekkevold, leiar i valkomiteen, seier det er «trist å høyre» at Aarhus Byrknes har trekt seg.
- Ho er ein dyktig KrF-politikar og har gjort ein god jobb, seier Bekkevold.
Han meiner at det ville vore plass til både Aarhus Byrknes og Hallaråker i sentralstyret.
- Vi tenkte ikkje berre geografi, men også breidde. Vi håpte landsmøtet ville tenkje det same.
- Var det unødvendig av Aarhus Byrknes å trekkje seg?
- Eg håpte vi kunne unngå at nokon trakk seg.
Då det vart kjent at Hallaråker var foreslått til sentralstyret, sa Bekkevold at han bidreg til breidde i partiets profil og viste også til Hallaråkers kompetanse, fartstid og sterke engasjement for KrF.
- Sterkt ynskje for Karl Johan
Aarhus Byrknes seier ho hadde oppfatta frå Hordaland-delegasjonen at det er vanskeleg med to kandidatar frå same fylke når ein i tillegg har partileiar frå same fylke.
- Har du kjent deg pressa?
- Kva er det å kjenne seg pressa? spør ho.
- Det var argument frå Hordalandsdelegasjonen om at dei ikkje kunne tale for oss begge to. I den samanheng kjende eg at det var eit sterkt ynskje for å ha Karl Johan. Då valde eg sjølv å seie at dei kunne sleppe det valet. Eg ville gjere det enklare for Hordaland-delegasjonen, seier ho.
Valkomitéen hadde innstilt ni kandidatar til fem plassar i partiets øvste organ. Det er val laurdag føremiddag.
Følg KrF-landsmøtet direkte på nett-TV her på Dagen.no