SAMKØYRT: Hans Johan Sagrusten og Reidar Svare køyrer saman - elektrisk - til gudstenester og gravferder i Lom-kyrkjene.
Privat
Treng ikkje 100.000 frå Kyrkjerådet for å finne ut korleis dei skal køyre saman i elbil
– Dette har vi gjort lenge, seier presten i Lom.
Sokneprest Hans Johan Sagrusten og organist Reidar Svare køyrer saman til gudstenester og gravferder i bil med «zero emission».
– Det er berre triveleg, seier presten.
Dagen fortalde fredag at Den norske kyrkja brukar 400.000 kroner i fire kommunar, der ein skal finna ut korleis kyrkjeleg tilsette skal reisa meir miljøvenleg med bil. Kvar av fellesråda får 100.000 kroner til forsøket.