EVANGELIKALE: President Donald Trump meiner han har gjort ti gongar meir for evangelikale kristne enn nokon anna amerikansk president.

Trump med dystre spådommar om kristendommens framtid dersom han taper valet

I intervju med kristen tv-kanal hevdar Donald Trump at landet vil gå under dersom Joe Biden vinn valet.

Publisert Sist oppdatert

Rasemotsetnader, koronaviruset og skuldingar om forræderi mot Barack Obama er noko av det president Trump er innom i det eksklusive intervjuet med Christian Broadcasting Network, som vart grunnlagt av tv-predikanten Pat Robertson.

Men hovudsaka er kva han meiner står på spel for evangelikale kristne i USA ved presidentvalet i november.

– Eg kan seie kva det betyr for religionen din. Det inneber eit val, seier Trump til journalisten David Brody som han også har late seg intervjue av tidlegare.

– Mest pro-life

Presidenten meiner Biden vil sørgje for å få ein «radikalt venstrevridd» dommar i Høgsterett og at dette vil bli slutten på «Ja til livet».

– Som du veit, har ingen vore ein meir pro-life-president enn eg har vore, seier Trump.

Brody påpeikar at mange konservative i førre veke vart sjokkerte over høgsterettsdommaren Neil Gorsuch, som Trump utpeika.

Som Dagen skreiv i går, avgjorde Gorsuch saman med fleirtalet i domstolen at seksuell orientering og kjønnsidentitet er verna av borgarrettslova frå 1964. Mange evangelikale kristne fryktar at det skal svekkje trusfridomen til dei som har ei tradisjonell kristen forståing av seksualitet og samliv.

– Eg var overraska. Eg var overraska. Nokre menneske følte det var ei avgjerd som dei ikkje var så overraska som eg, ja eg var overraska, seier Trump.

Han legg til at «vi har hatt mange tap med ein domstol som skulle vere for oss», men meiner dette viser kor viktig det er å få utnemnt fleire dommarar i den neste fire-årsperioden.

Spår betre resultat

På meiningsmålingane leier Biden over Trump. Det har også vore mykje merksemd mot at det var mange tomme sete i Tulsa i delstaten Oklahoma då Trump hadde massemøte der på laurdag. Det var første gongen sidan korona braut ut at han hadde ei slik mønstring. Trump avviser at han er uroleg.

– Eg ser så mykje entusiasme, seier han, og meiner dette ikkje minst har med Ja til livet-rørsla å gjere.

– Eg trur vi gjer det mykje betre enn vi gjorde i 2016, legg han til.

Brody tek også opp påstanden om at forgjengaren Barack Obama spionerte på Trump-kampanjen, og kva brotsverk det kan vere snakk om.

– Forræderi, seier Trump.

– Ti gongar betre

I intervjuet legg ikkje Brody skjul på at han meiner Trump har gjort svært mykje for evangelikale kristne. 81 prosent av kvite evangelikale kristne røysta på Trump ved valet i 2016, ifølgje valdagsmålingar.

– Meir enn nokon annan president i historia med faktoren ti, responderer Trump.

På spørsmål om korleis han vil balansere profilen som lov og orden-president med medkjensle etter drapet på George Floyd, viser Trump til opprør i mange byar over USA.

– Kvar har desse til felles? Dei er styrte av liberale demokratar som Joe Biden. Nasjonen vår vil gå til helvete dersom han vert vald, seier Trump og skuldar motkandidaten for å isolere seg i ein kjellar utan å våge å gå ut.

– Dersom han vert vald, vil Kina eige USA.

Støtte til Israel

Kristne medarbeidarar av Trump som tidlegare pressetalskvinne Sarah Sanders og noverande utanriksminister Mike Pompeo har fortalt Brody at dei meiner Gud har innsett Trump for tida som er no.

– Eg håper det er sant, seier Trump og lovar å gjere sitt beste for både evangelikale og andre truande.

– Evangelikale er veldig viktige for meg, seier presidenten.

Han viser også til politikken overfor Israel - med å flytte den amerikanske ambassaden til Jerusalem, anerkjenne israelsk suverenitet over Golanhøgdene og gå ut av atomavtalen med Iran.

– Så eg har gjort mykje for religion, og har gjort mykje for dei evangelikale. Og eg håpar eg kan ha støtta dykkar, og dersom Biden får berre éin prosent, vil det vere forferdeleg, seier Trump.

Heile intervjuet med presidenten kan du sjå og lese på nettsidene til CBN.

- Skremselspropaganda

Historieprofessor John Fea ved Messiah College, som har skrive boka «Believe Me. The Evangelical Road to Donald Trump», meiner presidenten driv skremselspropaganda.

– Han appellerer til ei oppfatning som er populær mellom mange konservative evangelikale kristne om at skjebna til kristendommen i USA er avhengig av Høgsterett, skriv Fea på bloggen sin.

Powered by Labrador CMS