FARVEL: Donald Trump markerte nok ein gong støtte til Ja til livet-rørsla før han gjekk av som president.

Trump-punktum med Ja til livet-dag

Donald Trump erklærte 22. januar som nasjonal dag for vern om livet før han gjekk av som president.

Publisert Sist oppdatert

Noko av det siste Donald Trump gjorde før han gjekk av som president, var å erklære 22. januar som livsverndag. Det er ein tradisjon som går tilbake til Ronald Reagan, som var president frå 1981 til 1989. Trump har erklært «National Sanctity of Human Life Day» fire år på rad.

På denne datoen i 1973 kom høgsterettsdommen slo fast at amerikanske kvinner har ein grunnlovsfesta rett til å avslutte svangerskap. Dermed måtte alle delstatar tillate abort.

Årleg vert March for Life med titusenvis av deltarar arrangert i Washington D. C. for å protestere mot denne avgjerda. I fjor vart Trump den første presidenten som var til stades og talte til dei frammøtte. I år vert marsjen digital på grunn av koronasituasjonen.

«Kvart menneskeliv er ei gåve til verda. Enten ein er fødd eller ufødd, ung eller gammal, frisk eller sjuk, er kvar person skapt i Guds heilage bilete. Den allmektige skaparen gir unike talent, vakre draumar og eit stort siktemål», sa Trump i ei fråsegn.

Sjølv om Trump tidlegare i livet har støtta til fri abort, har han som president ført ein politikk som mange kristne støttespelarar har oppgitt som ein avgjerande grunn til å røyste på han.

Det gjeld mellom anna utnemning av konservative dommarar og kutt i økonomisk støtte til organisasjonar som fremjer abort internasjonalt.

Powered by Labrador CMS