Trur Misjonssambandet slår seg saman med Indremisjonsforbundet

– Det er trong for å byggje alliansar, seier avtroppande hovudstyreformann Lars Gaute Jøssang i Misjonssambandet.

Publisert Sist oppdatert

Dagen møter han etter opningsmøtet på generalforsamling på Oslofjord Convention Center i Vestfold. Han har nettopp stått på scena framfor 3000 og klipt snora for å opne den seks dagar lange generalforsamlinga.

– Kall

For annakvar meter han går gjennom folkemassen utanfor hallen, blir han stoppa av hender som strekkjer seg fram for å helse. I ni år har han vore øvste valde leiar for landets største misjonsorganisasjon, men torsdag er det slutt.

– Er det vemodig?

– Eg har opplevd det som eit kall, men det siste året har eg hatt ein ro for at eg skal gå av. No er det relativt roleg i organisasjonen, seier Jøssang, som til dagleg er professor i samfunnsfag ved NLA Høgskulen i Bergen.

Ei av dei store sakene som har prega Misjonssambandet under Jøssang, er spørsmålet om dei skal opprette eit trussamfunn. Eit indre påtrykk frå unge familiar som ynskjer å ha både dåp og konfirmasjon i forsamlinga, kombinert med den teologiske utviklinga i kyrkja, førte til at trussamfunnet vart oppretta for tre år sidan. No har det passert 1000 medlemer, men det er liten og ingen aktivitet der utanom den formelle registreringa av medlemer.

Fekk kritikk

Jøssang var skeptisk, fekk kritikk frå kontrollkomiteen for å hale ut prosessen og har fleire gonger uttrykt uro for kyrkjeleggjering av organisasjonen.

– Korleis ser du på trussamfunnet no?

– Eg er takknemleg for at det ikkje vart ei sak som splitta. Sidan prosessen drog ut, fekk saka modnast litt. Eg hadde ikkje trudd at trussamfunnet ville få den store oppslutninga. Den norske kyrkja har vore med folk gjennom livet og ved store hendingar. Det er ikkje berre å summere opp teologien og melde seg ut, seier Jøssang.

Misjonssambandet har tradisjonelt vore bygd på misjonsforeiningar som samla inn pengar til misjon. Dei siste 20 åra har det blitt bygd ei rekkje forsamlingar som i stor grad minner om kyrkjelydar.

«Misjonskyrkje» om 10-20 år

No har Misjonssambandet 61 forsamlingar, og målet er 100 innan to år. Jøssang stiller spørsmålet om dei i framtida vert Norsk Luthersk Misjonskyrkje.

– Trur du at Misjonssambandet blir eit fullverdig kyrkjesamfunn?

– Eg veit ikkje. Ideelt sett kunne eg tenkt meg at vi ikkje skulle ta stilling til det. Misjonssambandet er oppretta for å drive misjon. Korleis einkvar ordnar seg med kyrkjemedlemskap skulle vi ikkje leggje oss opp i. Er du medlem av frikyrkja eller kyrkja, er det ok, er du med i ei NLM-forsamling med kyrkjeleg tilsnitt må du kjenne deg fri til det. Misjonssambandet er kjent for å byggje ein sterk identitet hos sine misjonsvener. Dei vert omtala som «sambandsfolk», og det er mogeleg å leggje heile oppveksten og utdanninga i deira institusjonar ved å gå i deira barnehagar, på deira grunnskular, vidaregåande skular og høgskular.

– De byggjer ein sterk identitet. Er det ikkje berre naturleg at folk også vil at de skal vere kyrkjesamfunn?

– Det kan du seie. Det kan hende det veks naturleg fram. Om 10-20 år vil misjonskyrkja vere etablert, trur eg.

Åtvarar mot embetsmannstenking

Samstundes åtvarar Jøssang mot følgjer: Med eit kyrkjesamfunn følgjer pastorar, teologisk utdanning og embetsstruktur.

– Då står vi i fare for å miste noko av dynamikken i lekmannsrørsla. Der er det ikkje snakke om du er kvinne eller mann, har utdanning eller ikkje. Har du møtt Jesus, kan du vere prest. Begynner embetsmannstenkinga å kome inn, forsvinn fleksibiliteten.

– Åtvarar du eigentleg mot å gå i retning av ei misjonskyrkje?

– Eg gjer eigentleg det. Utfordringa er å halde misjonskallet varmt og sterkt.

Samanslåing om ti år

For to år sidan gjekk det ein debatt om Misjonssambandet og Indremisjonsforbundet bør slå seg saman. Torgeir Skrunes, tidlegare krinsleiar i ImF Sør, tok til orde for ei samanslåing. Den gongen var det lunken respons frå toppleiinga i begge organisasjonar. No ser Jøssang litt annleis på det.

– Eg trur det kjem ei samanslåing på sikt. Utviklinga i samfunnet med stadig større motstand mot kristne gjer at det blir tøffare å vedkjenne seg trua og stå på det gamle synet. Det er trong for å byggje alliansar.

– Kor lang tid vil det ta før de er slått saman? Fem år? Ti år?

– Ti år.

– Er det prosessar på gang for samanslåing no?

– Nei, men det er god kontakt mellom Øyvind og Erik, seier han og viser til generalsekretær Øyvind Åsland og Erik Furnes.

Misjonssambandet er ein mykje større organisasjon enn ImF, både med omsetnad, talet på tilsette, forsamlingar og skular.

– Vil ikkje ein fusjon berre bety at Misjonssambandet sluker Indremisjonsforbundet?

– Det er litt følsomt kva ord ein bruker, men det er klart at vi ikkje er to likeverdige partar.

Kvinner i hovudstyret

Misjonssambandet har eit tenestedelingsprinsipp, der hyrde- og læreoppgåver er for menn. Kvinner fekk røysterett i generalforsamlinga i 1997. No tek fleire til orde for at kvinner også bør få plass i hovudstyret, der det i dag sit sju menn. I Indremisjonsforbundet har kvinner fått plass i styret, mot at einskilde lære- og hyrdeoppgåver er flytta frå styret.

– Kjem hovudstyret til å bli opna for kvinner?

– Det kan hende. Kvinner er ein stor ressurs for oss. Vi er overtydde om at Bibelen talar om ei tenestedeling som forpliktar oss. Men vi må passe på at vi ikkje lagar stengsel som ikkje er teologisk grunngjeve. I organisasjonen i dag er vi medvitne på at kvinnene er viktige i alle ledd og vi må passe oss slik at vi ikkje gjer dei urett.

Onsdag er det val til nytt hovudstyre. I år er det fire av dei sju plassane i hovudstyret som skal fyllast. Det er ikkje direkteval på formann, men styret konstituerer seg sjølv etter valet. Det er forventa at det skjer seint torsdag kveld.

Powered by Labrador CMS