BRANN: Ein UTV parkert på Tryggheim vidaregåande skule på Nærbø tok fyr larudag morgon.
Foto: Privat
Tryggheim-brannen: Elev har erkjent straffskuld
Politiet etterforskar brannen på Tryggheim vidaregåande skule på Nærbø sist helg.
Det var laurdag morgon at det tok fyr i ein UTV som sto parkert ved eine internatbygninga. Brannen spreidde seg til eit anna køyretøy, som stod parkert ved sida av.
Innan brannmannskapet hadde fått sløkt elden var begge køyretøya utbrende, ifølgje Aftenbladet.
Politiet trur brannen skuldast varmegang i restar av eit fyrverkeribatteri som låg bakpå lasteplanet til UTV-ein.