FELLES BØN: Den republikanske senatoren James Lankford (t.v.) og den demokratiske senatoren Chris Coons la hendene på Donald Trump og bad for han under bønefrukosten. Foto. Evan Vucci, AP/NTB scanpix

Tverrpolitisk bøn for Trump

Donald Trump snakka om trusfridom, abort og menneskehandel under årets bønefrukost i den amerikanske hovudstaden.

Publisert Sist oppdatert

– Eg kjem aldri til å svikte dykk. Aldri, innleia president Donald Trump talen sin under den tradisjonsrike nasjonale bønefrukosten i Washington D.C. på torsdag. Helsinga var etter alt å døme mynta på evangelikale kristne som var ei viktig veljargruppe for Trump.

Den nasjonale bønefrokosten samlar likevel langt breiare enn dette. Deltakarane tilhøyrer forskjellige politiske fløyar og trusretningar, både frå USA og andre land over heile verda. Kvar første torsdag i februar sidan 1953 har den sitjande presidenten i USA delteke under arrangementet. Det vart etablert av den norske immigranten og metodistpresten Abraham Vereide frå Nordfjord.

MOSTANDAR: Speaker i Representanthuset, Nancy Pelosi, er ein markant politisk motstandar av Trump, men bønefrukosten samlar deltakarar på tvers av andre motsetningar.

Trump framheva kva religiøs tru har betydd i amerikansk historie. Han sa at dei som deltok på bønefrukosten var «sameinte i ei felles tru på Guds ære og krafta i bøn».

Mest applaus hausta han for ei setning som han på tysdag hadde med i State of the union-talen i Kongressen: Alle born, fødde og ufødde, er skapte i Guds heilage bilete.

– Kvart liv er heilagt, og kvar sjel er ei dyrebar gåve frå himmelen. Som Herren seier i Jeremia: «Før eg forma deg i mors liv, kjende eg deg, før du var fødd, helga eg deg», sa Trump.

TALE: Donald Trump tok mellom anna opp abort, trusfridom, jødehat og menneskehandel i talen sin under Den nasjonale ­bønefrukosten.

Orda går inn i ein heit abortdebatt i USA med fleire statar diskuterer å opne for abort fram til fødselen.

Presidenten lova også å verne om trusfridomen, mellom anna for kristne adopsjonsbyrå som er blitt saksøkte fordi dei ikkje vil plassere born hos likekjønna par.

– Kvar dag viser menneske i dette rommet kva kraft tru har til å forandre liv, lækje lokalsamfunn og løfte opp dei som er blitt gløymde, sa Trump.

INTERNASJONALT PREG: Gjester frå heile verda deltek under Den nasjonale bønefrukosten. Arrangementet vart starta av nordmannen Abraham Vereide.

Han rosa også kona til visepresident Mike Pence, Karen Pence, som har hamna i hardt vêr i media den siste tida. Grunnen er at ho igjen har begynt å undervise ved ein kristen skule som har eit tradisjonelt syn på ekteskap og seksualitet.

Menneskehandel om moderne slaveri var eit sentralt tema under bønefrukosten, og Trump lova å stå saman med folk som kjempar for å få slutt på dette. Trump viste også merksemd til den amerikanske misjonæren Andrew Brunson som har site fengsla i Tyrkia og var til stades i salen.

Powered by Labrador CMS