Ufatteleg vondskap

No er me komne til Noreg på besøk til familie og vener her. Me har kun vore her i eit døgn, men har allereide rukke ein lang og koseleg båttur på fjorden og bringebærplukking i hagen. Ja, - det er mykje som er svært annleis enn livet i Jerusalem...

Det var då eg var i bringebæråkeren at eg først fekk høyre nyhenda om terroråtaket i Jerusalem idag. Seth hadde funne det på ei israelsk nettside. Det tok lenger tid før det vart rapportert noko om det på norske og andre internasjonale nyhende, og då var det også eit noko skeivt bilete som vart presentert.

Eit stort engelsk nyhetsbyrå byrja reportasja si med å fortelje at ein arabisk bulldoser-sjåfør vart idag skoten og drept av israelarar... Dersom du så fortset å lese nedover, får du med deg at like før dette skjedde hadde personen køyrt over fleire bilar. På andre nettsider kunne ein lese ein noko klårare presentasjon av at denne mannen var ute etter å øydeleggje så mykje han kunne. (Han køyrde faktisk full fart rett inn i ein buss tre gonger på rad med skufla høgt oppe i lufta.) Men dei einaste me så langt har funne som har kalla mannen ein terrorist, er israelske media.

Her kjem min definisjon på ein terrorist: Ein terrorist er ein som prøver å drepe så mange som mogeleg eller bringe så stor øydeleggjing som mogeleg mot ei bestemt gruppe, og som ofte er villig til å ofre sitt eige liv i prosessen. Eg strevar med å finne forskjellen på terroristane i bulldosarane og terroristane som bandt bomber til kroppane sine og gjekk ut for å sprenge seg sjølv og andre i lufta. Dei brukar berre ulike våpen.

I Bibelen kan me lese om at ein dag skal sverd smis om til hakker, eller plogar som ordet også kan oversetjast som (Jesaia 2). Så flott, - for ein draum, - eit folk skal ikkje lenger lyfta sverd mot eit anna, og dei skal ikkje lenger læra å føra krig. Gled deg, du jord! Diverre er det det heilt motsette me ser i våre dagar, - plogar vert gjort om til sverd... Så utruleg tragisk.

Det er berre ufatteleg, - slik vondskap, slikt hat. Det virkar så umenneskeleg. Denne terroristen, som også bur i Jerusalem og har israelsk identitetskort, var far til ni born. Korleis kan ein få seg til å utføre slike grusomme handlingar som det han gjorde i dag?

Te'ena Østhus Ben-Haim