– Umoralsk å forlate Trump
Medlemer av evangelisk kristent Trump-råd avviser å kutte samarbeidet med presidenten slik ei rekkje næringslivstoppar har gjort.
«Skammeleg når business er meir rettskaffne enn kyrkje», sukka den afroamerikanske baptistpastoren Howard-John Wesley på Instagram sist veke.
Pastoren frå Alexandra i Virginia påpeika at fleire høgtståande forretningsfolk hadde gått ut av eit rådgivande organ for presidenten. Årsaka var handteringa hans av samanstøytane i Charlottesville førre helg, der Trump la skuld på begge sider. Kritikarar meiner han veik unna eit tydeleg oppgjer med rasistar og nynazistar.
LES: – Kristne har bundet seg til Trump
Jesu eksempel
Stemninga er annleis blant dei rundt 30 medlemene i i Evangelical Advisory Board. Desse er alt frå pastorar og forfattarar til eks-politikarar og lobbyistar. Dei skal gi presidenten råd om trusrelaterte spørsmål.
Blant medlemene er psykologen James Dobson som grunnla organisasjonen Focus on the Family, den tidlegare kongresskvinna Michelle Bachmann og forfattar Erix Metaxas.
– Presidenten er i ein tøff situasjon, og menneske som elskar Jesus, veit at når nokon ligg nede, treng denne personen Gud meir, ikkje mindre, seier Metaxas ifølgje Washington Post.
I rådet har herlegdomsteologar som Paula White og ekteparet Gloria og Kenneth Copeland sete saman med traustare sørstatsbaptistar som Richard Land, Ronnie Floyd og Jack Graham. Dei fleste er «kvite evangelikale», men nokre er også afroamerikanarar og såkalla hispanics, altså med latinamerikansk bakgrunn.
Rosar Trump
Ein av dei mest trufaste kristne Trump-støttespelarane, Jerry Falwell Jr., er president ved Liberty University i Virginia og medlem av det kristne presidentrådet. Faren, den avdøde Jerry Falwell, var ein sentral arkitekt for det kristne høgre på slutten av 1970-talet.
«Endeleg ein leiar i Det kvite hus. Jobbar returnerer. Nord-Korea ryggar tilbake. Modig og sannferdig utsegn om tragedien i Charlottsville. Så stolt av Donald Trump», erklærer Falwell Jr. på Twitter.
Forfattar og redaktør i The American Conservative, Rod Dreher, er oppgitt:
«Eg trur ikkje dette kjem til å ende godt for Trumps hoffevangelikale», kommenterer Dreher på Twitter.
– Urettferdig kritikk
Forfattaren og trusfridomsaktivisten Johnnie Moore er også medlem av det kristne presidentrådet.
– Eg meiner det ville vere umoralsk å trekkje oss frå påverknaden vi har fått å forvalte på grunn av press frå menneske som står imot presidenten og vil stå imot presidenten same kva han gjer, seier Moore til britiske Premier Christian Media.
– Det er vårt ansvar å gi råd, gi rettleiing når vi får spørsmål om dette, og det er administrasjonens ansvar om dei tek råda til følgje, seier Moore.
Han meiner mykje av kritikken mot presidenten etter hendingane i Charlottesville har vore urettferdig.
– Han kunne ha sagt kva som helst, og folk ville ha gjort seg opp ei meining på førehand. Eg veit ikkje kor mange gonger du må fordøme kvitt overherredøme og rasisme og nazisme og kvit nasjonalisme før folk tek deg på ordet, seier han.
Samstundes legg ikkje Moore skjul på at han meiner det vart gjort mange feil i kjølvatnet av tragedien. Han meiner ansvaret for det som er skjedd, kviler på heile det amerikanske folket.
LES: Kristenledere kaller rasisme satanisk
Pastor trekte seg
Fleire andre medlemer av rådet har uttalt seg i same baner som Moore, men eitt medlem har valt å trekkje seg. Pastoren for det som vert rekna for å vere den største megakyrkja i New York, A. R. Bernard, annonserte avgjerda på fredag. Bernard omtalte seg som eit «usannsynleg» medlem av rådet, men påpeikte at slikt samarbeid kan vere nødvendig for å finne løysingar i det rådande kulturelle og sosiale klimaet i USA.
– Likevel vart det tydeleg at det var aukande verdikonflikt mellom meg og administrasjonen, skriv Bernard i ei kunngjering som han la ut på Twitter fredag.
Kyrkjelyden hans, Christian Cultural Center i Brooklyn, oppgir å ha 37.000 medlemer. Bernard opplyser at han trekte seg stille ut frå rådet for fleire månader sidan, men no har gjort dette formelt.
LES: Trump innfrir delvis for kristne
– Skader trua
Fleire av medlemene i rådet avviser at dei skulle gå offentleg ut mot ting dei måtte ha å utsetje på Trump. I staden vil dei ta det opp internt.
Den konservative kristne Trump-kritikaren Peter Wehner gjekk allereie før Charlottesville-bråket kraftig i rette med ei slik tilnærming.
«Den evangeliske kristne rørsla i Amerika blir kompromittert og diskredittert av korleis framståande leiarar har assosiert seg først med Donald J. Trump-kampanjen og no med presidentskapet til Trump», skreiv Wehner i ein kommentar for Religion News Service.
Wehner har tidlegare arbeidd for presidentadministrasjonane til Ronald Reagan, George H. W. Bush og George W. Bush. Han er tilknytta tankesmia Ethics and Public Policy Center og spaltist i New York Times.
Wehner meiner leiarar som James Dobson, Jerry Falwell Jr. og Franklin Graham i praksis «velsignar ein leiar som har handla på måtar som er grunnleggjande i strid med kristen etikk». Graham skal ha evangeliske møte i Oslo Spektrum i november. Han sit ikkje i det kristne presidentrådet, men har støtta Trump og bad under innsetjingsseremonien hans i januar.
LES: Frykter Hillary Clintons Amerika
Wehner understreker at leiarane gjer verdifullt arbeid på andre felt. «Men på dette området trur eg orda og handlingane deira skadar trua vi deler», skriv han om støtta til Trump.