For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

1 måned - 1 krone Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

«Underet i Bern» – VM-finalen i fotball i 1954

I 1954 sto det vesstyske laget for ein sensasjon då dei slo Ungarn 3-2. «Underet i Bern» markerte starten på tysk storhetstid i fotball.

Publisert Sist oppdatert

I årets fotball-EM i Sveits og Østerrike har tre av kampane i gruppe C gått på det tradisjonsrike Wankdorf Stadion i Bern, ombygd og modernisert til Sveits sitt nye nasjonalstadion, Stade de Suisse. Den mest berømte kampen på gamle Wankdorf Stadion er VM-finalen i 1954, der Vest-Tyskland slo Ungarn 3–2.

I dag kan det vere vanskeleg å forstå at resultatet av VM-finalen i 1954 skulle vekke slik oppsikt. Mens Ungarn etter 1986 ikkje har klart å kvalifisere seg til noko EM eller VM, og ligg langt nede på fotballens rankinglister, har Tyskland dei siste 30–40 åra vore i toppsjiktet både i europeisk og internasjonal samanheng. At det verkeleg var ein sensasjon det vesttyske laget stod for i Bern i 1954, kan vi derfor berre forstå om vi går lenger tilbake.



Trong fødsel for tysk fotball

Sjølv om fotballen har lange røter tilbake i fleire land, er det ingen tvil om at England er fotballens heimland. Den 26. oktober 1863 møttest representantar for 13 engelske klubbar og danna Football Association (FA). Dette fekk interessa for fotballen til å skyte fart, og frå England spreidde interessa seg til resten til andre land i Europa. Historikaren James Walvin har gått så langt som å kalle fotballen Englands mest varige eksportvare.

I Tyskland var grobotnen for den nye sporten best i arbeidarmiljøa. Her vart fotballen ein måte å utvikle kameratskap og fellesskap på. Dei politiske styresmaktene såg med uvilje på denne utviklinga. Dei antisosialistiske lovene som Riksdagen vedtok i 1878, retta seg derfor også mot fotballag og andre idrettslag innanfor arbeidarrørsla. Sjølv om desse lovene var oppheva i 1890, var det fyrst etter 1. verdskrig at fotballen fekk sitt store gjennombrot i Tyskland. Det galdt også publikum. Før 1914 var det sjeldan at kampar samla meir enn nokre få tusen interesserte. Etter verdskrigen, derimot, møtte gjerne 40.000 tilskodarar og meir både på landskampar og klubbkampar. .

Eit særtrekk ved tysk fotball var kampen mot ei profesjonalisering. I England hadde proffotballen gjort sitt inntog alt i 1885, og i mellomkrigstida var det dette også blitt vanleg i andre store fotballnasjonar. Men i Tyskland dreiv fotballforbundet nærmast klappjakt på alle som betalte spelarane, det vere seg over eller under bordet. Då ein undersøkingskommisjon i 1930 påviste at spelarane på Schalke 04 hadde fått betaling, førte dette til at dei vart erklærte for profesjonelle og utelukka frå serien. Samtidig måtte klubbleiinga gå – kasseraren tok det så tungt at han gjorde sjølvmord. Denne saka skapte ei slik røre at fotballforbundet etter eit års tid måtte oppheve suspensjonen av spelarane.

Det beste resultatet det tyske landslaget oppnådde i denne perioden, var ein tredjeplass i VM i 1934. Dette gjorde at mange tyskarar såg fram til OL i Berlin i 1936 med optimisme. Men i kvarfinalen mot Noreg gjekk det tyske laget på eit stygt 0–2 tap. Dermed var dei ute av turneringa. For nazistyresmaktene var det ekstra forsmedeleg at Hitler var blant publikum – visstnok einaste gongen han var på ein fotballkamp.



Dei magiske ungararane

Det ungarske fotballforbundet vart danna i 1901. Sju år seinare kom den moderne fotballens heimland, England, på besøk til Budapest. Resultatet var slik ein måtte vente: eit 1-11 tap for vertane. Men gradvis arbeidde både klubbfotballen og landslagsfotballen i Ungarn seg oppover. I VM i 1938 nådde såleis Ungarn heilt til finalen, der dei måtte gje tapt med 2–4 mot Italia.

Etter andre verdskrig og den kommunistiske maktovertakinga i landet gjekk det nokre år før Ungarn igjen var tilbake i internasjonal toppfotball. Omslaget kom i 1949-1950, og frå då av gjekk det berre framover. Det nye politiske regimet såg – som mange andre, med ulike politiske forteikn både før og seinare, fotballen som eit eigna propagandamiddel. Talet og ressursar vart i stor grad kanaliserte inn i èin klubb, hæren sitt lag, Budapest Honvèd. At dei beste spelarane var samla i èin klubb førte til at dei utvikla kameratskap og samspel, noko landslaget i neste omgang profitterte på.

Den fyrste store triumfen for Ungarn var gullmedaljen i OL i Helsinki i 1952, med finalesiger 2-0 mot Jugoslavia. Gullmedaljen førte til at England året etter inviterte Ungarn til Wembley. Etter mange års fråver frå internasjonal fotball hadde England delteke i VM i Brasil i 1950. England var blant favorittane – i alle fall i eigne auge. Men det kunne knapt ha gått verre. Med tap både mot USA og Spania vart England tidleg utslegne. Mest sveid 0–1 tapet mot USA, der fotballen på dette tidspunkt var ein «miniidrett». For England var derfor møtet med dei olympiske meistrane på Wembley i 1953 ei gyllen anledning til å vise at «oppfinnarane» av fotballen framleis kunne.

På førehand kalla engelske aviser kampen «The Match of the Century». England hadde tidlegare aldri tapt mot eit ikkje-britisk lag på Wembley. Men i denne kampen fekk dei ein fotballeksjon dei seint kom til å gløyme. Etter 90 sekund scora Ungarn sitt fyrste mål, og då fløyta gjekk for full tid, stod det 6–3 til bortelaget. I realiteten hadde ungararane vore endå meir overlegne enn resultatet kunne tyde på. Statistikken synte såleis at Ungarn hadde 35 skot på mål, England berre 5. Til det engelske publikummet si ære bør det nemnast at dei reiste seg frå plassane sine og applauderte då dei ungarske spelarane gjekk av banen.

Året etter var det duka for eit nytt oppgjer i Budapest. Denne gongen gjekk det endå verre for engelskmennene. Etter å ha blitt rundspelte måtte dei dra heim med 1–7 i bagasjen. Engelsk sportspresse la seg etter dette nærmast flate i beundring for det ungarske laget, «The Magical Magyars», som dei kalla dei. 1–7 tapet i Budapest står framleis bokført som Englands største tap gjennom tidene. Det ungarske laget stod for fleire rekordar i desse åra. Fram til VM-finalen i 1954 spelte Ungarn 33 kampar på rad, over fire og eit halvt år, utan tap. Ingen andre landslag har klart det same verken før eller seinare.



Ballen er rund – VM i Sveits i 1954

Ungarn kom til VM i Sveits i 1954 berre nokre veker etter at dei hadde sabla ned England 7–1. I gruppespelet vann dei fyrst 9–0 mot Sør-Korea, så 8–3 mot Vest-Tyskland. Kvartfinalen mot Brasil vart meir dramatisk, ja, ein av dei styggaste kampane i VM-historia. Brasilianarane hadde frykta det ungarske laget, og etter at ungararane oppskriftsmessig tok leiinga, synte dei brasilianske spelarane meir interesse for motstandarane enn ballen. Begge lag fekk kvart sitt straffespark, i tillegg vart to brasilianarar og ein ungarar utviste. Ungarn vann til slutt 4-2. Då fløyta gjekk for full tid, braka laga på nytt i hop i eit durabeleg slagsmål, der sveitsisk politi måtte gripe inn for å skilje partane. På brasiliansk radio vart den engelske dommaren skulda for å ha delteke i eit kommunistisk komplott.

I semifinalen møtte ungararane eit anna søramerikansk lag, Uruguay, som i desse åra var ein meir frykta motstandar enn Brasil. Faktisk hadde Uruguay vunne alle internasjonale meisterskap dei hadde funne det for godt å stille opp i: to olympiske meisterskap, i 1924 og 1928, og to verdsmeisterskap, i 1930 og 1950. Før semifinalen i 1954 hadde Uruguay ikkje tapt ein einaste kamp verken i OL eller VM. Ingen andre lag hadde klart det same. Det var med andre ord ein formidabel motstandar Ungarn stod overfor, og det vart ein spennande og mykje betre kamp enn mot Brasil. Ved ordinær tid var stillinga 2–2. I ekstraomgangane lukkast det Ungarn å få eitt mål til, og dermed plass i finalen.

For Vest-Tyskland var situasjonen annleis. Fotballforbundet kjempa stadig mot ei profesjonalisering. Dette resulterte i at mange av dei beste spelarane drog til utlandet, helst Italia. Og som om ikkje det var nok: Fram til 1950 var landet utestengt frå all internasjonal fotball. Trass i desse dårlege rammevilkåra var fotballinteressa enorm i Vest-Tyskland rett etter krigen. I eit land som enno for ein stor del låg i ruiner, hungra folk ikkje berre etter mat og betre levekår, men også etter god fotball. Det var slett ikkje uvanleg at toppoppgjera mellom dei beste laga samla eit publikum på 70.000– 80.000.

I 1952 tok det vesttyske laget ein overraskande brosjemedalje i OL, der Ungarn fekk gull. Trenar var Sepp Herberger, som hadde fått ansvaret for landslaget etter tapet mot Noreg under Berlin-OL i 1936. Som trenar satsa Herberger på disiplinerte og hardt arbeidande spelarar. Mange fyndord i fotballverda stammar frå denne tyske trenaren, for eksempel: «Ein kamp varer i 90 minutt», «Den neste motstandaren er alltid den verste» – og, kanskje det mest kjende, «Ballen er rund.»

I trenargjerninga la Herberger vekt på å få spelarane til å fungere som eit kollektiv og kameratfellesskap. Kapteinen, Fritz Walter frå Kaiserslautern, delte sjefen sin fotballfilosofi og var hans høgre hand ute på bana. Herberger var elles ein slu taktikar. Under VM i Sveits var 3-8 tapet i gruppespelet mot Ungarn stygge siffer å sjå til. Men ut frå kampoppsettet hadde Herberger vurdert det slik at Vest-Tyskland ville få ein lettare veg til finalen om laget vart nummer to i puljen etter Ungarn. Derfor valde han å spare fleire av dei beste spelarane i denne kampen. Det var eit dristig trekk, som ikkje tillet tap i andre kampar. Men det lukkast. Vest-Tyskland vart nummer to i puljen, og i kvartfinalen slo dei Jugoslavia 2– 0, i semifinalen Austerrike med 6–1.



Den historiske finalesigeren

Då dei vesttyske spelarane sprang ut på Wankdorf Stadion i Bern 4. juli 1954, var det likevel utan store forventningar i heimlandet. På bakgrunn av Ungarn sine resultat både før og under WM rekna dei fleste nokså nøkternt med at det ville bli vanskeleg å hamle opp med ungararane. Kanskje var det noko av grunnen til at ikkje fleire tok turen over grensa til Sveits. Av publikum på 65.000 skal det såleis berre ha vore nokre få tusen tyskarar. Dette var elles det fyrste fotball-VM som vart overført i TV, men i Vest-Tyskland hadde det nye mediet enno ikkje blitt folkeeige. Storparten følgde derfor kampen via radio.

Byrjinga av kampen var som forventa, prega av stor ungarsk dominans. I det 6. minutt scora Ungarn, og to minutt etter gjekk dei opp til 2-0. Alt såg ut til å gå Ungarns veg. Men ikkje lenge etter, i det 10. minutt, reduserte Vest-Tyskland, og litt seinare, i det 19. minutt, utlikna tyskarane til 2–2. Etter dette bølgja spelet fram og tilbake, sjølv om Ungarn hadde dei fleste store sjansane.

Fyrst i det 84. minuttet kom avgjerda. Helmut Rahn på det vesttyske laget fekk då ballen litt utanfor sekstenmeteren, avanserte forbi eit par ungarske forsvararar, før han med eit velretta venstrebeinsskot sende ballen bak Ungarns keeper. Det var ein magisk augneblink i fotballens historie. Den vesttyske radioreporteren trudde nesten ikkje det han såg. Ein augneblink vart det heilt stille, så kom det: «Mål for Tyskland! Venstrebeinsskot av Rahn. (...) 3-2 til Tyskland fem minutt før slutt. – Kall meg gjerne galen, kall meg gjerne vanvittig.» («Halten Sie mich für verrückt. Halten Sie mich für übergeschnappt.») Eldre tyskarar siterer den dag i dag orda han brukte som var det eit vakkert dikt.

Dei siste fem minutta vart ei hard prøving både for radioreporteren og lyttarane hans. Ungarn pressa hardt. Like før slutt fekk ungararane inn eit mål, men det vart annullert for offside. Sensasjonen var eit faktum. Vest-Tyskland hadde slege Ungarn 3–2. Ekspertar på internasjonal fotball var lamslegne. Då dei skulle prøve å forklare kva som hadde skjedd, meinte mange at Ungarn ikkje hadde teke motstandaren sin alvorleg nok. Då motgangen kom, klarte dei ikkje å omstille seg.

Ei anna forklaring var vret. I dagane før finalen hadde det regna tett. Dette gjorde bana tung og vanskeleg å spele på, særleg for det lette, tekniske spelet som det ungarske laget representerte. I tillegg brukte dei vesttyske spelarane fotballsko med skruknottar av metall, spesiallaga av ein skomakar, Adolf (Adi) Dassler, seinare grunnleggjar av utstyrsprodusenten Adidas. Desse skruknottane skal ha gjeve betre feste på det våte underlaget enn ungararane fekk med sine kortare og mjukare korkknottar. Om dette var gode forklaringar, eller meir eller mindre dårlege unnskyldningar, skal vere usagt.

Forbundsrepublikken vart grunnlagd på Wankdorf Stadion

I radioopptaka frå finaleseremonien kan ein høyre vesttyskarane blant publikum synge fyrste verset av den gamle nasjonalhymna «Deutschland, Deutschland über alles». Begeistringa var like stor hos dei som venta på spelarane då dei kom heim. Berre i Düsseldorf var ca. 200.000 møtt fram på jernbanestasjonen då «der Weltmeisterzug» toga inn på perrongen.

Historikaren Joachim Fest hevdar at finalesigeren i Bern var ein viktig grunnlag for den nye Forbundsrepublikken, den offisielle nemninga på Vest-Tyskland. Det same seier statsvitaren Arthur Heinrich i ei bok med tittelen Die Gründung der Bundesrepublik im Wankdorf-Stadion zu Bern (2004). Mange ulike markeringar har gjort at minnet om det som skjedde denne julisøndagen i 1954 framleis er levande. I Kaiserslautern, for eksempel, er det sett opp ein svær bronsefigur av dei fem Bern-heltane frå denne byen, blant dei Fritz Walter, som byens stadion er oppkalla etter. Radiooverføringa av kampen vart elles tidleg kopiert på vinylplater og seld i store opplag. Til 50-årsjubileet i 2004 vart det til og med laga ein svært populær spelefilm om «Underet i Bern.»

I Ungarn har ein heller hatt eit ønske om å gløyme. Straks spelarane kom tilbake frå EM, vart dei forhørte og plaga av dei kommunistiske styresmaktene. Den vanlege mann i gata hadde også vanskeleg for å godta det som hadde skjedd. Sidan fleire spelarar kom tilbake frå Sveits med tyske bilar, vart det skumla om at dei hadde late seg kjøpe. Under oppstanden mot det kommunistiske regimet i 1956 flykta fleire av spelarane til Vesten. Blant dei var den største stjerna, Puskas, som seinare hadde stor suksess som klubbspelar i Real Madrid. Men for stakkars Ungarn var stordomstida som fotballnasjon ute.


Powered by Labrador CMS