UKRAINA-STØTTE: Henrik Halleland (KrF) er varaordførar i Stavanger og nestleiar i formannskapet.

Ungdom i oppdrag får éin million kroner av kommune: – Me vil gi noko som monnar

Stavanger kommune tener feitt på Ukraina-krigen. No vil politikarane gi noko tilbake.

Publisert Sist oppdatert

– Me ville gi noko som munnar, seier varaordførar, Henrik Halleland (KrF).

Han sit i formannskapet i Stavanger kommune, som einstemmig vedtok ein støttepakke til Ukraina på 1,3 millionar kroner, den 25. april.

Blant mottakarane er Ungdom i Oppdrag Noreg sitt arbeid i Ukraina.

Tok med politikarane til Ukraina

Vedtaket kjem i kjølvatnet av turen som Halleland hadde til Ukraina i mars, saman med Tormod Losnedal (H) og Dag Mossige (Ap), frå Stavanger bystyre.

Formannskapets vedtak

a) 1 million går til lokale frivillige organisasjonar som arbeider opp mot flyktningar. Desse midla gjeld for alle flyktningar som kjem til Stavanger.

b) Det blir sett av 1,3 mill. til to prosjekt i Ukraina. 1 million går til mikrohusprosjekt og 0,3 million til transportprosjekt i Marganets.

c) Kommunalutvalet får oppgåva med å disponere midlane i tråd med vedtaket. Kommunalutvalet skal også jobbe opp mot næringslivet og andre kommunar, slik at dette blir eit spleiselag.

d) 2,3 mill. blir dekka av ubunde disposisjonsfond.

Undervegs på turen måtte Stavanger-politikarane søke tilflukt frå russiske rakettar i eit bomberom i Kyiv.

– Det er noko med det å kjenne krigen på kroppen, seier Halleland.

– Ukraina held grensa til Vesten, dei nå. Stavanger kommune kan bidra, ikkje med kuler og krut, med ved å gi pengar, så dei kan halde fram med liva sine i desse områda og forsvaret landet.

Hus til heimlause

I Ukraina var Stavanger-politikarane i kontakt YWAM Aust-Europa, eller Ungdom i oppdrag (UIO) på norsk.

UIO har bygd opp eit senter i Kyiv, som organiserer firvillig hjelpearbeid, saman med lokale kyrkjelyder. Dei frivillige er mellom anna med å sette opp mikrohus, med seng og skikkelege sanitærforhold, til ukrainarar som er blitt heimlause etter krigen.

MINIHJEM: Slik ser en utgave av et «mikrohus» ut som UIO har vært med på å finansiere. Foto: Privat

Kvart hus kostar 40.000 kroner.

Stavanger kommune har vedteke å gi 1 million kroner til dette husbygjingsprosjektet.

Dei resterande 300.000 kronene, av Ukraina-hjelpepakken, går til eit offentleg transportprosjekt knytt til evakuering i byen Marganets.

– Berre lommerusk?

Stavanger-pengane kjem, ironisk nok, frå Ukraina-krigen.

Konsekvensane av krigføringa pressa opp gassprisane i 2022.

– Når olje- og gassprisen er høg går det bra i Stavanger, seier Halleland.

– Næringslivet her fekk veldig mykje større inntekter etter at krigen braut ut. Me som kommune tente meir. Samtidig kom krigen veldig nært, det var i Europa, og då tenkte me at «her må me gi noko».

– 2,3 millionar er berre lommerusk, samanlikna med summane kommunen har tent på krigen, vil nokon innvende?

– Ja, men eit småhus kostar berre 40.000, og du får ganske mange småhus for ein million, så får me sjå om me skal bidra med meir etter kvart. Eg er einig i at den store samanheng betyr ikkje to millionar så mykje, men for dei som får tilbake seng, tak over hovudet og gode sanitære forhold, betyr det ganske mykje.

Powered by Labrador CMS