DEBATT: Martine Tønnessen er leiar i KrFU og ser fram til debatt om mellom anna rus, på landsmøtet i september.

Ungdommen legger rus-press på KrF

Landsstyret i KrFU er innstilt på å nedkriminalisere narkotikabruk. Men ei endeleg politisk avgjerd vert ikkje teken før på landsstyremøtet i september.

Publisert Sist oppdatert

– Landsstyret har innstilt på depenalisering (nedkriminalisering) med grunngjeving at det gir mogleik for auka bruk av alternativ til straff, seier Martine Tønnessen, leier i Kristelig Folkeparti sin Ungdom (KrFU).

I september samlast ungdomspartiet til landsmøte for å drøfte og vedta eit nytt program. Mange saker skal opp, og ruspolitikk er mellom dei. Ungdomspartiet skal ta stilling til eit spørsmål som har fått mykje merksemd dei seinare åra, nemleg avkriminalisering og legalisering av cannabis.

– Vi i KrF er mot legalisering og avkriminalisering, kommenterer Kjell Ingolf Ropstad som er nestleiar i KrF. Den planlagde rusreforma til regjeringa, der forslaget er å flytte rusomsorgsansvaret frå justissektoren til helse, seier dei også nei til. KrFU ser litt annleis på dette, og det er dermed duka for debatt også mellom KrFU og moderpartiet, noko som vart omtalt av Dagsavisen tidlegare denne veka.

Fire alternativ

Ifølgje Tønnessen skal ungdomspartiet ha fire ulike alternativ oppe til diskusjon. Det første er å halde på ruspolitikken slik den er i dag. Det vil seie at narkotika framleis skal vere ulovleg og at det er justissektoren som følgjer opp og straffar dei som bryt loven. Det går imot regjeringa si planlagde rusreform og vil vere ei endring frå KrFU sin inneverande politikk, der partiet allereie seier det ynskjer å flytte oppfølginga av rusmisbrukarar frå justis til helse.

Det andre alternativet, som altså styret har innstilt på, er ei sokalla depenalisering. Det vil seie at partiet ynskjer å nedkriminalisere bruken av narkotika, ved at ein justerer ned strafferammene.

– Det vil likevel vere rom for å straffeforfølgje bruk og eige, til dømes ved å få prikk på rullebladet eller fengselsstraff. Ein vil i større grad sjå etter alternativ til straff, framfor å straffeforfølgje. Kjøp og sal vil framleis vere forbode, forklarar Tønnessen.

Legalisering

Partiet har to andre alternativ, som er avkriminalisering og legalisering. Avkriminalisering vil kort sagt seie at ein ikkje lenger skal straffeforfølgje bruk og eige av narkotiske stoff, og at lovbrot ikkje vert ført inn i eit strafferegister. Derimot kan det straffast med andre typar sanksjonar som bøter, inndraging av yrkeslisensar og liknande. Kjøp og sal er framleis forbode. Dette alternativet vert løyst ulikt i land der det er innført.

DEBATT: Martine Tønnessen er leiar i KrFU og ser fram til debatt om mellom anna rus, på landsmøtet i september. Foto: Ole Berg-Rusten/ NTB Scanpix

På bordet ligg altså også ei løysing der ein enten kan sjå for seg både å legalisere all narkotika som Unge Venstre tar til orde for, eller å berre legalisere «lettare» stoff som til dømes Unge Høyre har vedteke.

– Ved legalisering vil stoffet verte lovleg, og ein kan både bruke, selje og kjøpe det som er legalisert. Ei løysing er at det ville vorte som vinmonopolet er i dag, der alkohol vert seld til regulerte prisar og opningstider, med ei aldersgrense. Argumentasjonen til dei som er tilhengjarar av dette er at staten vil ha betre kontroll over kva som vert seld og kven det vert seld til, forklarar ho.

Til debatt

– Vi er klare motstandarar av å legalisere cannabis og anna narkotika, noko som står i partiprogrammet vårt, presiserer Tønnessen. Dei er derfor usamde med dei ungdomspartia som har teke til orde for dette. Men ho seier at dei vil diskutere alle endringsforslag som kjem fram.

– I seg sjølv er det uproblematisk at vi diskuterer rus. Vi har over 700 andre forslag som skal opp til diskusjon, og i KrFU diskuterer vi alle forslaga som kjem inn. Det skal vere høgt under taket, og diskusjon er viktig også for å gjere folk medvitne om kvifor vi meiner det vi meiner. Både nedkriminalisering, avkriminalisering og legalisering skal diskuterast i ein debatt der alle kan teikne seg og kome til orde.

– Landstyret er innstilt på depenalisering, men dette kan snu under landsmøtet. Det vil nok vere folk som talar for dei andre alternativa også, men eg ville vorte overraska om KrFU gjekk inn for legalisering, seier leiaren for ungdomspartiet.

– Kvifor vil de ha ei depenalisering?

– Det betyr at ein i større grad gjev alternativ til straff, samtidig som politiet har mogleiken til å gripe inn om dei ser det er den beste løysinga. For ein tung rusmissbrukar er det ikkje gjeve at høge bøter eller fengselsstraff er beste reaksjon.

– Vi støttar opp

Ho meiner at innstillinga ikkje vil endre på KrFUs politikk, dersom den går gjennom. I det noverande partiprogrammet er hovudlinjene i KrFU og KrF sin ruspolitikk den same, men det er eitt unntak:

– KrFU vil flytte ansvaret frå justis til helse. Vi støttar opp om den føreslegne rusreforma til regjeringa, som går inn for dette, seier Tønnessen som likevel meiner at det må være mogleg å sanksjonere dersom det vert naudsynt.

– Det må vere ein norsk modell, og det er også det utvalet regjeringa har sett ned må jobbe fram, seier ho.

Mindre førebygging

Ungdomspartiet må altså finne seg i motstand frå KrF, ikkje minst ved Kjell Ingolf Ropstad. Han presiserer at ungdomspartiet må få utforme sitt program, men er ikkje i tvil om kva KrF meiner både om dekriminalisering og å flytte rus frå justis til helsesektoren.

– Vi har vore opptekne av at det skal ligge i justissektoren, slik at politiet har midlar til å drive arbeidet. Førebyggande einingar i Oslo–Politiet er sjølv tydlege på at dei misser mogleiken til å gripe inn om det ikkje ligg eit ansvar hos justissektoren, seier Ropstad.

Om rusomsorga vert helsesektoren sitt ansvar, gjer Ropstad uroleg for at avhengige kan velje å ikkje møte opp til behandling. Han trur òg at mogleikane for å førebyggje bruk vil verte mindre enn det dei er i dag. At justissektoren har ansvaret med å døme til eventuell behandling, stiller han seg bak.

– For meg er det viktig at ein har eit hovudmål om å få færre inn i rusen og hjelpe dei som allereie er avhengige. Utover det må KrFU finne ei løysing dei meiner er riktig for å lukkast med deira mål.

Powered by Labrador CMS