Utfordrar kristen Trump-entusiasme

Kristen historieprofessor meiner den massive oppslutnaden om Donald Trump frå evangeliske kristne er eit forståeleg, men dårleg svar på utfordringar dei står overfor.

Publisert Sist oppdatert

Den ferske boka «Believe Me. The Evangelical Road to Donald Trump» har John Fea dedisert til dei 19 prosent av kvite evangeliske kristne som ikkje støtta Donald Trump under presidentvalet i 2016. Samstundes skriv Fea også boka til dei 81 prosenta som røysta for Trump. Han vil få dei til å tenkje gjennom kva det eigentleg inneber å påverke samfunnet med kristne verdiar.

Fryktar for vitnemålet

Forklaringa på at 81 prosent av evangeliske kristne røysta på Trump finn Fea i strategien som vart utforma av det kristne høgre på 1970-talet. Ein grunntanke er at det gjeld å få inn politikarar som kan få utnemnt konservative dommarar.

– Kvite konservative evangeliske kristne som følgjer den politiske oppskrifta på kulturkrig frå det kristne høgre, burde vere nøgde med Trump, seier Fea.

Han påpeiker at Trump har utpeika to konservative dommarar til Høgsterett, har lova å forsvare trusfridom på område der kvite evangeliske kristne opplever at denne er under åtak, og at han har flytta den amerikanske ambassaden til Jerusalem.

Likevel trur Fea at dei undervurderer kostnaden ved å knytte seg sterkt til presidenten.

– Vi har enno ikkje sett korleis den evangeliske kyrkja og vitnemålet hennar om evangeliet vil ta skade av å verte assosiert med Trump, seier Fea.

Fea har gitt tilnamnet «hoffevangelikale» til den laust samansette gruppa av evangeliske kristne leiarar som Trump held kontakt med og får støtte frå.

– Dei hoffevangelikale har ein ting til felles: Alle trur at USA vart grunnlagd som ein kristen nasjon og må bli gjenoppretta, fornya eller erklært på nytt ved at ein søkjer politisk makt. Dei har heller ikkje lært av historia. Når kyrkja vert for tett knytt til politikken, svir ho seg alltid.

LES: Trump snakker mer om Gud

Åtak frå Obama

George W. Bush fekk rekordstor oppslutnad frå kvite evangeliske kristne då han var attvald i 2004, men med si omvendingshistorie var han ein av deira eigne. Donald Trump framstod derimot temmeleg framand for evangelisk kristendom.

– Kva skjedde mellom Bush og Trump?

– Svaret er enkelt: Barack Obama. Konservative evangeliske kristne gjekk imot Obama på grunn av politikken han førte i sosiale spørsmål, særleg abort og religionsfridom knytt til homoekteskap. Verda endra seg raskt for kvite konservative evangeliske kristne i Obama-perioden, spesielt med tanke på homoekteskap, seier Fea.

Han påpeikar at Obama forsvarte ei tradisjonell forståing av ekteskapet under presidentvalkampen i 2008, men snudde i dette spørsmålet som president. Det gjorde også Høgsterett.

– Kva vil du seie til dei som hevdar at evangeliske kristne no vert respekterte og lytta til av presidenten, medan dei vart ringeakta av Obama og administrasjonen hans?

– Sidan 1980-talet har evangeliske kristne forstått sin suksess eller fiasko i det offenlege liv ut frå kor mykje dei vert «respekterte» av presidenten. Det å søkje slik respekt er ikkje i og for seg eit kristent ideal. Kyrkja har alltid utført oppdraget sitt meir effektivt når ho har vore ringeakta av verda eller opererer utan ein maktposisjon, seier Fea.

LES: Få norske kristenledere vil støtte Trump

Heller til King

Som evangelisk kristen meiner Fea det er forståeleg at trusfellar er urolege for utviklinga i USA. Samstundes ser han som historikar at den evangeliske tradisjonen, trass alle sine kvalitetar, gjennom fleire hundre år også har hatt ei mørk side. Det handlar særleg om å dyrke frykt i staden for håp, verdsleg makt i staden for tillit til Gud og nostalgi i staden for ei nyansert forståing av fortida.

No meiner Fea det er på tide at evangeliske kristne søkjer ein annan strategi. Som alternativ peikar han på borgarrettsrørsla i USA, slik denne vart leia av Martin Luther King Jr.

– Kva trur du må til for at dette skal skje?

– Den einaste måten borgarrettsrørsla kan tene som ein modell for politisk engasjement er at unge evangeliske kristne studerer denne. Evangeliske kristne gjer fantastiske ting rundt i verda med tanke på hjelpearbeid, evangelisering og kamp for sosial rettferd. Men intellektuellt engasjement, særleg djuptgåande studiar av fortida, har aldri vore eit sterkt punkt, seier Fea.

LES: Her er de kristne Trump-velgernes vinnersaker

Kritisk til strategi

Samstundes har han tru på at det kan skje endringar med ein ny generasjon. Han påpeikar at den gjennomsnittlege Trump-veljaren er 57 år gammal.

– Eg håper at ein ny generasjon av evangeliske kristne kan vere klare for utfordringa. Dei er ikkje lenger nøgde med strategien frå kulturkrigen. Den gjennomsnittlege Trump-veljaren nådde vaksen alder på 1980-talet og lærte politikk frå Jerry Falwell Sr. og det kristne høgre, seier Fea.

Sjølv understrekar Fea i boka at han ser abort som ein «forferdeleg praksis». Samstundes spør han seg om strategien det kristne høgre har valt er den beste for å kjempe mot abort.

– Den neste generasjonen er sterkt opptekne av vern om livet, men forstår overtydinga om vern av livet på ein breiare måte som også påverkar forståinga deira av innvandring, miljøet og fattigdom for å nemne nokre få døme, seier han.

Powered by Labrador CMS