Illustrasjonsfoto: Adobe Stock
Vakker KRLE-bok for dei yngste
Illustrasjonane kan vere gode utgangspunkt for samtalar om det elevane har lært, eller for å hente fram kunnskapar dei gjerne har frå før.
Det er ikkje ofte at det kjem nye læreverk i KRLE. Erfaringa tilseier at det nok ikkje er det første faget forlaga kastar seg over.
«Eg trur» er ei lærebok som er laga med dei kristne friskulane som primær målgruppe, men det betyr ikkje at ikkje vi som er lærarar i offentleg skule kan ta ein kikk når det dukkar opp noko nytt.
Noko av det første ein legg merke til er at det er lagt mykje arbeid i det visuelle. Boka er gjennomført vakkert illustrert av kunstnaren Oscar Jansen, med unntak av eit par kapittel.