Vaktmeisteren ved denne skulen nektar å heisa homo-flagget

Foreningen FRI vil denne veka heisa flagg på fleire av landets skular. Ein vaktmeister går ikkje med på å fremja det han kallar "destruktiv seksuell adferd".

Publisert Sist oppdatert

Den 22.-25. august blir flagget med regnbogefargane heist ved ei rekkje av landets skular. Men ved Tvedestrand og Åmli videregående skole, nektar den ansvarlege for flagginga ved skulen - vaktmeisteren - å etterkoma kravet.

– Var ikkje drøfta med tilsette

I eit lesarbrev publisert i Agderposten forklarer han kvifor. Der stiller han spørsmålsteikn ved at skuleleiinga let Foreningen Fri (tidlegare Landsforeningen for lesbiske, homofile, bifile og transpersoner), heisa eit slikt flagg utan motførestellingar.

– Leiinga har bestemt dette utan å ha avklart det med dei tilsette eller med foreldra. Me føler oss djupt diskriminert og krenka, skriv Jens Arild Nordheim i brevet, som også er signert av kona hans, Aud Nordheim.

Destruktiv seksuell åtferd

Vidare skriv han at «Fri» har ikledd seg «Keiserens nye klær» og forfører ein heil generasjon, barn og ungdom, til laussleppt, fri sex".

Han viser til at det er 98 prosent heterofile i Noreg, og at dei to prosenta som er homofile ikkje må få rett til å dominera over det store fleirtalet.

– At denne rørsla vel å leva ut sine lyster er deira val, men me vil ha oss fråbede deira målsetjing om å tvinga denne ideologien på våre barn og unge, skriv ekteparet.

Og vidare: – Me meiner at LHBTs frammarsj i skular og i barnehagar skaper forvirring i barnesinnet og bidrar til å framelska ei destruktiv seksuell åtferd på sikt.

Her kan du lesa heile lesarbrevet.

Rektor: – Følgjer berre overordna føringar

Rektor Line Marie Poppe seier t il Agderposten at dei berre følgjer signal dei har motteke frå fylkeskommunen.

– Skulane har i fellesskap blitt einige om dette saman med utdanningssjefen, seier ho.

Ho seier at dei også har flagga ein gong før, og tidlegare ikkje har registrert protestar.

Powered by Labrador CMS