Vanlegvis jobbar Sajid med trusfridom i Pakistan. No hjelper han ofra etter flaumen
– Denne situasjonen er veldig skuffande. Det er tøft å sjå folk ha det så vanskeleg, seier Sajid Christopher.
Pakistan står overfor den største flaumen dei har hatt.
Ein tredjedel av landet ligg under vatn, ein av sju har mista eller fått skade på heimen og i overkant av 1300 er døde.
Store skadar
Vanlegvis jobbar Christopher med trusfridom i landet for Stefanusalliansen sin samarbeidsorganisasjon, Human Friends Organization.
No har han dratt til provinsen Punjab for å hjelpe til etter naturkatastrofen.
– Denne situasjonen er veldig skuffande. Det er tøft å sjå folk ha det så vanskeleg, seier han.
Då Dagen snakka med Christopher, var han akkurat kommen heim frå felten der han hjelper til med å gi folk mat, reint vatn og ly.
– Infrastruktur, jordbruksområde, hus og levebrød er øydelagt, seier han.
Christopher er også bekymra over den pakistanske økonomien som har tatt skade av katastrofen.
– Prisane vil auke og gjere livet til fattige menneske vanskelegare.
Han seier Stefanusalliansen har vore støttande. Dei har mellom anna hjelpt til med økonomiske midlar.
Klimakatastrofe
Generalsekretæren i Kirkens Nødhjelp, Dagfinn Høybråten, seier flaumen ifølge pakistanske styresmakter er utan sidestykke i landet.
– Det er ein stor katastrofe som vi framleis berre aner omfanget av.
Landet har ein årleg regnsesong, også kjent som monsunsesongen. Det er under denne perioden, som går føre seg no, flaumen har inntreft.
– Det er ein klar samanheng mellom det unormalt enorme monsunregnet og klimaendringar. Det er ein klimadriven katastrofe som råkar og tar menneskeliv, seier Høybråten.
Ein fortvila situasjon
Høybråten beskriv korleis flaumen gjer liva til folk vanskelege.
– Opp i det heile er det menneske som forsøker å berge liva sine. Det er eit land med store økonomiske forskjellar, og som så ofte er det dei fattigaste som blir råka hardast, seier han.
Generalsekretæren seier det har oppstått fleire spontane flyktningleirar.
– Det som skjer når folk lever på den måten, er at faren for sjukdomar aukar. Det har ein alt sett er i ferd med å skje, påpeikar Høybråten.
Han seier det vil ta langt tid å rydde opp og få tilbake eit levedyktig grunnlag.
Kirkens Nødhjelp er til stades i Pakistan. Ifølge Høybråten har dei fått tildelt sju av tjuefem millionar som Noreg har løyvd til katastrofen.
– Vi kan hjelpe mange, men med meir kan vi hjelpe fleire, seier han.