IDENTIFISERING: Beth Moore seier ho ikkje lenger kan identifisere seg som sørstatsbaptist.

Var glanseksempelet på ein moderne sørstatsbaptist. Så kom Donald Trump

Ein av USAs mest populære kvinnelege forkynnarar vekkjer oppsikt ved å melde seg ut av landets største protestantiske kyrkjesamfunn.

Publisert Sist oppdatert

For millionar av kristne amerikanske kvinner har Beth Moore vore glanseksempelet på ein moderne sørstatsbaptist. Så kom Donald Trump.

Sørstatsbaptistane er det største protestantiske kyrkjesamfunnet i USA med rundt 14,5 millionar medlemer. Den teologiske profilen er konservativ og jamt over lite prega av karismatikk.

Kjendisar som skodespelar Brad Pitt og popartist Britney Spears har vakse opp i kyrkjesamfunnet. Det same har dei tidlegare presidentane Bill Clinton og Jimmy Carter. Av forskjellige grunnar er ingen av desse lenger sørstatsbaptistar.

Verdsevangelisten Billy Graham (1918-2018) var sørstatsbaptist. Det er også kjende kristenleiarar som Rick Warren i Saddleback Church, teologen Al Mohler og pastor og Trump-støttespelar Robert Jeffress.

Ingen «kulturkrigar»

Beth Moore (63) har vore ein av relativt få profilerte kvinnelege forkynnarar i kyrkjesamfunnet, der visse åndelege leiarfunksjonar berre kan fyllast av menn.

New York Times meiner ho kan karakteriserast som den mest prominente kvite evangelikale kvinna i USA. Utanfor kristne krinsar har ho vore mindre kjend, mellom anna fordi ho ikkje har vore ein «kulturkrigar» og har unngått politisk strid.

Selt i millionopplag

I nesten tre tiår har ho modellert kva det betyr å vere ein moderne sørstatsbaptist, skreiv Religion News Service, som var først til å melde at Moore hadde meldt seg ut.

«Ho elskar Jesus og Bibelen og har vigd livet sitt til å lære andre kvifor dei treng begge i livet sitt», heitte det i omtalen av henne.

Bibelundervisninga til Moore er seld i millionopplag til kristne kvinner. Ho har fylt store stadion med menneske som vil høyre henne leggje ut Skriftene.

Samstundes har ho hatt kritikarar som meiner verksemda hennar har utfordra den bibelske rollefordelinga mellom kjønna. Men Moore har ikkje vore lett å skulde for å vere liberal. Ho har forsvart at det er menn som skal vere pastorar. Og ho har vore ei sterk talskvinne for evangelisering og misjon.

Opprørt av Trump

Verkeleg bråk vart det likevel først då Donald Trump kom på banen. Moore fortel at ho opplevde ei «svimlande forvirring» då mange kristne leiarar flokka seg rundt han som presidentkandidat og seinare president.

Ho understrekar at ho sjølv er «pro-life» frå livet vert unnfanga til ein naturleg død og forstår at Trump appellerte med løfte om å utnemne konservative dommarar som er imot abort.

Likevel kunne ho ikkje fatte posisjonen Trump fekk som «banneret» og «redninga for kyrkja i Amerika».

– Ingenting kunne ha budd meg på dette, seier Moore.

Særleg opprørande synest ho det var etter lydopptaket frå 2006 der Trump skrytte av at han kunne forgripe seg på kvinner.

Kristen nasjonalisme

Forkynnaren har fortalt at ho som barn i Arkansas vart utsett for seksuelt misbruk og i periodar hadde kyrkja som den einaste trygge staden i livet sitt.

Dei siste åra har ho uttrykt seg sterkt kritisk ikkje berre til kristen nasjonalisme og ein politisert teologi mellom Sørstatsbaptistane, men også toleranse for leiarar som har handsame kvinner med mangel på respekt.

Afroamerikanarar ut

Dei siste månadene har fleire afroamerikanske pastorar også forlate kyrkjesamfunnet fordi dei meiner ein ikkje verkeleg har teke oppgjer med tidlegare tiders rasisme.

«Hald dykk i biblane dykkar», skreiv Moore i august til dei rundt 950.000 som følgjer henne på Twitter. Ho oppmoda til å lese korleis dei gammaltestamentlege profetane tok oppgjer med urettferd. Så tilskunda ho å halde fram med evangelia og resten av Det nye testamentet.

«Les, les LES», skreiv ho.

Ikkje ferdig

USA Today spør om oppbrotet til Moore og fleire afroamerikanske pastorar er eit vekkjarrop for Sørstatsbaptistane. Kyrkjesamfunnet melde i fjor om nedgang i medlemstalet for 13. året på rad.

Sjølv om Moore ikkje lenger er sørstatsbaptist, understrekar ho at ho framleis er baptist og vil forkynne.

– Eg kjem til å tene dei Gud plasserer framfor meg, same kven dei er, seier ho til Religion News Service.

Beth Moore

Fødd Wanda Elizabeth Green i 1957.

Gift med Keith Moore, som er rørleggjar. Dei har to born saman.

Evangelist, forfattar, bibellærar og grunnleggjar av Living Proof Ministries. Har base i Houston, Texas.

Powered by Labrador CMS