Var papirlaus fram til 2013. No takkar superstjerna Gud for talentet
To sesongar er han kåra til den beste spelaren i den amerikanske ligaen. No spelar han finale i verdas største basket-turnering.
I barndommen selde Giannis Antetokounmpo og brørne klokker og solbriller på gata i Hellas for å hjelpe foreldra økonomisk. I desember signerte han ein femårskontrakt med ei årsløn på nesten 440 millionar kroner.
I eit intervju med FOX Sports vart Giannis bede om å beskrive reisa hans til NBA med eitt ord. Svaret?
Tru.
Tru på seg sjølv, og tru på Gud.
Vanskeleg oppvekst
Tre år før Giannis Antetokounmpo vart fødd, flykta foreldra hans frå Nigeria til Hellas. I 2019 fortalde basketballspelaren til avisa El pais at han gjennom barndommen levde i frykt for å bli sendt tilbake.
Han fekk ikkje pass før han fylte 18 år.
Basketspelaren vaks opp med foreldra og fire brør. Foreldra hadde utfordringar med å skaffe seg jobb som papirlause flyktningar, og det var sjeldan nok mat.
— Det var tøft. Vi hadde ikkje mykje pengar, men vi hadde mykje glede. Så vi var ikkje fattige på glede, sa Antetokounmpo i eit intervju med «60 minutes».
Thanasis, storebroren til Giannis, forklarte til Yahoo Sports i 2014 at dei var ute på gata og selde leiker saman. Dei nekta å gå heim før dei hadde nok pengar til å betale for matvarene og straumrekninga.
Høgaste nivået
No er Antetokounmpo i sin åttande sesong i NBA. NBA vert rekna som det høgaste nivået av basketball i verda, og ligaen består av 29 lag frå USA og eitt lag frå Canada.
Vi hadde ikkje mykje pengar, men vi hadde mykje glede.
Giannis Antetokounmpo Basketspelar
Stjernespelaren sitt lag, Milwaukee Bucks, har gjort det bra i både den ordinære sesongen og i sluttspelet. Dei var tredje best i den ordinære sesongen, og no har dei kome seg til finalen. Der dei speler dei mot Phoenix Suns.
Antetokounmpo har vore ein viktig spelar for Bucks. Han scorar 28,1 poeng i snitt per kamp, som er det femte beste snittet i ligaen denne sesongen.
Støttande familie
NBA-stjerna har ved fleire høve takka familien for at han er der han er i dag. Då Giannis vart kåra til den beste spelaren i NBA i 2019, kalla han mor si grunnsteinen i familien og den store helten hans.
— Ho såg alltid framtida i oss, sa han i takketalen.
Og mora såg ei framtid i basketballen for den langstrekte guten. Ho let Antetokounmpo spele basketball kvar dag, og han sov ofte i gymsalen han trente i.
Gresk tredjedivisjon
I 2011 vart han lagt merke til av Filathlitikos, ein klubb i gresk tredje divisjon. Året etter byrja ryktene om ein ung spelar i Hellas å spreie seg i NBA-miljøet.
John Hammond, som var dagleg leiar for basketballaget Milwaukee Bucks, bestemte seg for å reise ned og sjå han spele. Dei såg potensialet til den tynne grekaren og bestemte seg for å velje han i den komande «draften».
«Greek Freak»
«NBA-draften» er ei årleg hending der alle laga i den amerikanske basketballigaen får velje seg spelarar etter tur.
Giannis Antetokounmpo var den 15. spelaren som vart valt. 14 daglege leiarar riv seg nok i håret no.
For Bucks-spelaren kan allereie skryte av 2 MVP-titlar (årets beste spelar i NBA) og fem uttak til den årlege NBA All-star kampen, der dei 24 beste spelarane i ligaen får vist seg fram.
I tillegg har han fått kallenamnet «the greek freak» på grunn av kombinasjonen hans av høgde, fart og styrke.
Underdogs
Det er ikkje berre Bucks-spelaren som har ei god «underdog»-historie. ABBA vann Eurovision Song Contest med «Waterloo» same år som Milwaukee Bucks var i sin førre finale. I 1974.
Men som Napoleon, tapte Bucks den finalen.
Dei er heller ikkje i nærleiken av store NBA-lag som New York Nets og Los Angeles Lakers i TV-marknad. I følgje sportsmediawatch.com når Lakers og Nets ut til 7,4 millioner og 5,7 millioner heimar. Bucks når ut til 922.000.
Stjernespelarar vil ofte til laga med store marknadar. Lebron James speler i Los Angeles. Kevin Durant speler i New York. Giannis Antetokounmpo speler i Milwaukee.
Det er difor ein stor bragd at den tidlegare papirlause grekaren har hjelpt laget til finale.
Audmjuk
Men sjølv om Antetokounmpo har all grunn til å skryte av kva han har oppnådd, held han seg audmjuk.
«Giannis» er ein gresk variant av det bibelske namnet Johannes, som tydar «Gud er nådig».
– Eg ynskjer å takke Gud for at han har site meg i posisjonen eg er i i dag. Alt eg gjer, gjer eg gjennom han. Eg er ekstremt velsigna, sa Bucks-spelaren i takketalen i 2019.
Kunne mista finalen
Ei stund såg det ut som om Bucks ville vere utan stjernespelaren sin i finalen. I den fjerde kampen av semifinalen mot Atlanta Hawks pådrog Antetokounmpo seg ein kneskade då han skulle blokkere eit skot.
Grekaren frykta sjølv at han hadde rive av korsbandet. Åtte dagar seinare spelte han 35 minutt og scora 20 poeng i fyrste finalekamp mot Suns. Den kampen tapte Bucks 118–105.
Dårleg start på finalen
NBA-finalen består av sju kampar, og laget som får fire sigrar vinn finalen. Natt til fredag vann Suns sin andre kamp 118–108, og leiar no 2–0 mot Bucks.
Det var ikkje Antetokounmpo sin feil.
Grekaren hausta 42 poeng, og hadde ein knallsterk tredje omgang. Då scora han 20 poeng på 12 minutt. Førre gong nokon scora meir enn 20 poeng i ein finale-omgang var i 1993. Då var det Michael Jordan som scora 22 poeng mot Suns.
No treng superstjerna meir hjelp frå lagkameratane sine. Natt til mandag kan dei innhente leiinga på heimebane.