Varsler solid bot til Visjon Norge-butikk
Forbrukertilsynet har sendt varsel til Visjon TV Norge og Webshop AS om at dei risikerer eit gebyr på 250.000 kroner for brot på marknadsføringslova i samband med reklamering for kosttilskotet Chaga.
I går melde Dagen at Forbrukertilsynet hadde starta ein gjennomgang av TV Visjon Norge sin marknadsføring av kosttilskotet Chaga.
Kanalen sel produktet i sin eigen nettbutikk, og omtalar det som «virushemmande».
Forbrukertilsynet har den siste tida fått fleire tips om Visjon Norge sin reklame, og i dag konkluderte dei med at markedsføringa har vore i strid med marknadsføringslova paragraf §7 om villeiande marknadføring og §9 om aggressiv marknadsføring.
– Har bevisst utnyttet frykten
Forbrukertilsynet trugar difor med å gje Visjon TV og Webshop AS eit gebyr på 250.000 kroner.
«Forbrukertilsynet mener at bruddene har vært gjort forsettlig. Etter vår oppfatning har Visjon bevisst utnyttet frykten blant befolkningen for å bli smittet av coronaviruset for å øke salget av Chaga. Utformingen av markedsføringen og tidspunktet for publisering taler sterkt for dette», skriver Forbrukertilsynet i sin sitt varsel til Visjon TV og Webshop.
Dei har også blitt bedt om å umiddelbart stanse eller endre annonseringa for Chaga.
Visjon Webshop og TV Visjon Norge får i første omgang frist til fredag på å endra reklamen, og har deretter to veker på seg til å koma med tilsvar. Eit endeleg vedtak frå Forbrukertilsynet kjem truleg ikkje før over påske.
Hanvold: – Ingen kommentar
Visjon Webshop hevdar i annonser i sosiale medier og i nettbutikken at produktet «styrker immunforsvar, er betennelse og virushemmende». Dei skriv også at kosttilskotet er «viktig i disse tider».
Nettbutikken er heileigd av TV Visjon Norge AS. Styreleiar og pastor Jan Hanvold i TV Visjon Norge ønskjer ikkje å kommentere saka.
– Eg har ingen kommentar til det. Eg snakkar ikkje med Dagen, har eg sagt, seier Hanvold til Dagen.