Vårt Land sluttar med forlag
– Forlagsdrifta var ikkje økonomisk bærekraftig, seier sjefsredaktør i Vårt Land, Bjørn Kristoffer Bore.
Forlaget har hatt som mål å gje ut kvalitetsbøker om tru, tanke og eksistens. Katalogen inneheld bøker av oslobiskop Kari Veiteberg, KrF-politikar Erik Lunde og pastoren Tomas Sjödin, men no er det slutt.
– Det er utfordrande å drive eit sakprosaorientert kristent forlag, forklarar sjefsredaktøren til vl.no.