Verdas eldste kristne privateigde bok er til sals – kan gå for over 40 millionar
Norsk samlar sel den rundt 1.700 år gamle boka.
Den aktuelle teksten vert kalla The Crosby-Schøyen Codex og kjem for sal på auksjonshuset Christies i London no i juni, ifølgje BBC.
Teksten er skriven på koptisk i Egypt og er truleg frå tidsrommet 250 til 350 etter Kristus.
Den skal vere ei av dei eldste kristne bøkene som finst.
Det er ein liturgisk tekst som er skrive for eit av dei første kristne klostra.
Teksten var del av det Bodmer-papyrusa som vart funne på 1950-talet.
To bibelske bøker
Den inneheld to bøker frå Bibelen: Jonas bok frå Det gamle testamentet og 1. Peters brev frå Det nye testamentet.
Den inneheld også eit avsnitt frå 2. Makkabearbok, som tilhøyrer dei apokryfe eller mellomtestamentlege bøkene. Desse er ikkje med i protestantiske biblar, men i katolske og ortodokse. Bibelselskapet har no gitt ut ei utgåve der desse er inkluderte.
Til slutt inneheld boka ei påskepreike av Meliton av Sardes, som var ein biskop som levde i dagens Tyrkia på 100-talet, og ei påskedagspreike av ein ukjend predikant.
Boka er presentert på nettsidene til den norske samlaren Martin Schøyen.
– Monumental verdi
Auksjonshuset Christie's reknar med at boka kan bli seld for mellom 2 og 3 millionar britiske pund. Det vil i meste fall seie over 40 millionar kroner.
Teksten vert sagt å vere av «monumental verdi som vitnemål om den tidlege spreiinga av kristendommen rundt Middelhavet».
– Dei første munkane i Øvre Egypt og dei første kristne klostra brukte akkurat denne boka til i dei første påskefeiringane, berre nokre få hundre år etter Kristus og rundt hundre år etter at det siste evangeliet vart skrive, seier manuskriptspesialist Eugenio Donadoni til BBC.
Klenodium frå tidleg kristendom
Nag Hammadi-bindinga, ei av dei tidlegaste bokbindingane som finst, skal også auksjonerast bort. Det blir anslått at ho vil gå for 100.000 - 150.000 pund.
Codex Sinaiticus Rescriptus, eitt av dei viktigaste fragmenta frå kristen palestinsk-arameisk tradisjon, er eit tredje klenodium som vil bli selt. Ho kan bli heile ti gonger så dyr: mellom éin og halvannan million pund, anslår auksjonshuset.