Verdsevangelisten gjekk heim
Billy Graham ønskte neppe at folk skulle tenkje at han gjekk bort då han anda ut 21. februar i år.
Ei av dei siste bøkene til Graham fekk den norske tittelen «Snart er jeg hjemme: Livet, troen og det å fullende løpet».
Løpet til Graham vart både uvanleg langt og uvanleg innhaldsrikt. Han vart 99 år og tre månader gammal. Foreldra var mjølkebønder i Nord-Carolina og kunne neppe førestille seg at sonen skulle forkynte i dei aller fleste land i verda. Han besøkte Noreg i 1955 og 1978.
Kall på golfbane
Eit anna særtrekk med Graham er at han kom i kontakt med mange mektige menneske. Venskapet med dronning Elizabeth 2. av Storbritannia er eit tema i den populære tv-serien «The Crown». Han møtte samtlege amerikanske presidentar frå Harry S. Truman til Barack Obama, tolv i talet, medan dei var i embetet. Den trettande i rekka, Donald Trump, var med på å feire 95-årsdagen til Graham i 2013, men då var han enno ikkje president.
På nettsida til Graham-organisasjonen finst det foto som dokumenterer presidentmøte i både formelle og uformelle samanhengar. Vi ser også Graham på fisketur med president George H. W. Bush og på golfbanen med president Gerald Ford. Det siste er interessant fordi det i si tid var ved det 18. holet på ei golfbane i Florida at Graham opplevde kallet til å bli evangelist.
Misjonsstrateg
Mot slutten av livet sa Graham at dersom han hadde fått velje igjen, ville han vore meir saman med familien, bedt meir, talt mindre og halde seg unna politikk. Trass i at han hadde kontakt med politiske maktpersonar, vert han først og fremst hugsa som kristen formidlar.
Han var også ein pådrivar for kristent samarbeid, ikkje minst knytt til Lausanne-rørsla. Den første kongressen for verdsmisjon vart arrangert i den sveitsiske byen som gav namnet til denne i 1974. Det har skapt eit globalt nettverk for evangelikal misjon som framleis er vitalt og vesentleg.
For hundre millionar
«Billy Graham var kanskje den mest betydelege religiøse skikkelsen i det tjuande hundreåret og organisasjonane og rørslene han hjelpte til med å skape held fram med å forme det tjueførste», stod det i eit minneord i Christianity Today. Også denne publikasjonen hadde Graham ei sentral rolle i å opprette i 1956.
Vurdering av kor viktig ein person er, vil det alltid vere usemje om. Men det er ikkje tvil om at Graham har hatt ein unik påverknad både gjennom å forkynne for 100 millionar menneske «live» og langt fleire via overføringar og gjennom det skrivne ord. Oppunder tre millionar responderte til invitasjonen hans om å «ta imot Jesus i hjartet».
Møtte kritikk
Mellom 1950 og 1990 figurerte Graham meir enn nokon annan amerikanar på Gallups liste over menneske som flest såg opp til. Det betyr ikkje at han gjekk fri frå kritikk. Frå meir liberalt hald vart han skulda for å formidle ein overforenkla bodskap. Frå meir konservative vart han kritisert for samarbeid med katolikkar og meir liberale kyrkjeleiarar. Somme skulda han for å bli mjukare i kantane teologisk enn han hadde vore i unge år. Antikommunisten Graham møtte også ein storm av motbør etter at han tok imot ein invitasjon til å forkynne i Sovjetunionen i 1982.
Med Grahams død er også ein æra over i amerikansk historie. I eit meir pluralistisk og polarisert USA er det vanskeleg å tenkje seg ein kristen leiar som kan verte lytta til med tillit av så mange. Men minnet om Graham vil leve hos dei som opplevde han gjennom fleire tiår etter krigen. Framleis lever det mange som har fått livet forvandla takka vere tenesta til Billy Graham.
-----
Årskavalkade 2018: Dagens journalister og redaktører ser tilbake på året som har gått, utfordringer, minner og menneskemøter som gjorde inntrykk.