VG-redaktøren opplevde tydeleg tru og toleranse på Finnøy
Hanne Skartveit har gode minne frå mange somrar på øya i Rogaland.
Politisk redaktør Hanne Skartveit i VG har etternamnet sitt frå Finnøy. Faren Andreas Skartveit vaks opp der.
– I oppveksten var eg på Finnøy kvar einaste sommar, fortel ho.
I fleire veker var ho og broren på besøk hos besteforeldra. Foreldra kom etter når dei fekk ferie. Tanta, onkelen og familien deira budde på det same tunet.
– Det var mykje dårleg vêr, minnest Skartveit og ler.
Kvardagstru
Både klimaet og åndsklimaet skilde seg frå det ho var van med i Oslo.
– På Finnøy var det eit miljø der dei song «O du som metter». Det var veldig uvanleg på Manglerud. Familien min på Finnøy var knytt til bedehuset og kyrkja og var prega av dette. Truslivet var kvardagsleg og naturleg, seier Skarveit.
Det lærte henne mykje.
– Dei var veldig tolerante folk. Det er lett å tenkje at det ikkje er slik dersom ein ikkje sjølv kjenner dette miljøet. Dei var faste i overtydinga si, men var samstundes rause over for verdiane og synspunkta til andre menneske, seier ho.
Skartveit meiner det også har vist seg seinare ved at Finnøy vart ein av dei første kommunane i landet som fekk ein open lesbisk ordførar, Gro Skartveit.
Kunnskapshunger
Sjølv om besteforeldra til Skartveit ikkje hadde høg formell utdanning, merka ho at dei var opne og nysgjerrige. Ho merka at dei var godt orienterte om kultur og politikk.
– Farfar reiste til USA og gjette sauer i mange år. Dei var veldig beleste (og smarte) folk, seier ho.
Farfaren sat også i heradsstyret i ei årrekke. Tanta til far hennar, som rett nok budde i Stavanger, vart ein av dei første kvinnelege teologane i Noreg, men søkte ikkje ordinasjon.
– Historia seier at det var fordi ho var imot kvinneleg presteteneste, fortel Skartveit.
Utvida perspektiv
– Har det gjort noko med deg som kommentator å ha familiebakgrunnen frå Finnøy?
– Eg trur kanskje at eg er mindre redd for religion og tru enn mange andre er. På eit vis er eg jo litt fleirkutlurell, seier redaktøren.
Skartveit trur ho fekk med meg nokre fleire perspektiv av å vere der.
– Men det er også veldig mange oslofolk som har bakgrunn frå andre stader i Noreg og dermed har med seg fleire inntrykk, understrekar ho.