«Vi slit alle med livet»
– Eg er så lei av alle masker og alle fasadar, seier Jørn Lemvik. Han har sett mykje bak fasadar hos kyrkjeleiarar.
Ein morgon i mars 2016 sit Lemvik og et frukost på ein restaurant på Manhattan i New York. Den norske misjonsleiaren kjenner seg i dårleg form. Jamvel har han hatt kontinuerleg hovudverk i 40 år, men han kjenner at det er noko enda meir. Han er ukonsentrert.
Nokre gater lenger nede på Manhattan har han tilbrakt timesvis i det ruvande FN-bygget der representantar frå heile verda samlast til intens lobbyverksemd på den årlege kvinnekonferansen.
Lemvik har vore med på morgonmøte i den norske FN-delegasjonen i skyskraperen med utsikt til verdsorganisasjonen. Der har han gjenteke kor viktig det er at ein tek omsyn til religion når ein kjempar for kvinners rettar. Viss ein ikkje snakkar med religiøse leiarar, kan ein mange stadar ikkje oppnå endring, gjentek Lemvik.
Kollapsen
Med på frukosten denne morgonen er ein gamal ven, som også er lege. Han råder Lemvik til å sjekke blodtrykket. Er det for høgt, kan han ikkje ta fly heim att.
Lemvik går på eit apotek, ser at blodtrykket er like under flygrensa – og reiser heim.
I ettertid skal han omtale denne tida som «kollapsen».
Ingen veit heilt kva som skjedde, men samtaler og hendingar er vekke frå minnet hans. Han blir sjukmeld med ordre om å gå tur og gjere hagearbeid.
Venene begynte å be
Han er vant med å arbeide og at ting går seg til.
Lemvik er oppvaksen på Kverneland på Jæren. Foreldra gjekk ikkje på bedehuset eller i kyrkja, men Lemvik sjølv vart med i skulelaget for å bli kjent med trua. Men etter eit skuleopphald i Frankrike kom han heim og sa at no ville han ikkje lenger kalle seg kristen.
– Eg hadde ikkje levd eit ryddig liv i Frankrike. Men då begynte venene mine å be for meg.
Samtidig vart han forelska i ei kristen jente frå Halsnøy i Ryfylke og vart med på leir på Utsyn på Finnøy.
Det endra livet hans. For alltid.
– Eg opplevde at eg møtte Jesus. Det snudde livet mitt dramatisk.
Saman reiste dei som misjonærar til Etiopia for Misjonssambandet. Først var han lærar for misjonærborn, men gjekk raskt over til å bli konsulent for Mekane Yesus-kyrkja. Mest kjent er han som generalsekretær i Digni, paraplyorganisasjon for 20 kristne misjonsorganisasjonar som årleg får 160 millionar kroner i stønad frå Norad.
Han vart også valt til styreleiar i Oslo kirkelige fellesråd med 334.000 kyrkjemedlemer. Denne veka har han vore på kyrkjemøtet i Trondheim.
Siger i FN
Ein dryg månad etter kollapsen i New York, kom sluttdokumentet frå kvinnekonferansen i FN: For første gong vart trusbaserte organisasjonar, altså kristne og andre religiøse, innlemma i sluttdokumentet frå FNs kvinnekommisjon. Takka vere initiativet frå den norske bistandsleiaren og med påtrykk frå den norske delegasjonen.
Då nyheten kom, var det ikkje Lemvik som kunne kommentere. Han var for sjuk.
No set han ord på sigeren frå FN.
– Eg var veldig nøgd. Eg trur religion er ei av dei største barrierane kvinner møter, fordi religion kan bli opplevd som totalitær. Det er stort sett menn som set spelereglane. Skal vi endre verda, må vi invitere religiøse leiarar til bordet, snakke saman og sjå om vi finn løysingar. Det viktigaste i alt utviklingsarbeidet er at kvinner får ein annan posisjon i samfunnet. Vi tapar enormt med engasjement og kompetanse når dei er annanrangs. Vi taper på alle frontar. Og dessutan er det ikkje rett.
Det skulle vere ein rutinekontroll
Hausten for halvanna år sidan kom han tilbake på jobb, men fekk blodpropp i hjernen. Likevel, han karra seg tilbake til jobb på nytt. Kjende på seg at det er godt å vere i gong igjen, men nok ein gong er det stopp i det han får ein blackout då han feira 40-års bryllupsdag med den næraste familien.
Men heller ikkje denne gongen gav han opp jobb.
Han kjem tilbake i fjor haust, kjenner at det går betre og betre. I januar skulle han til rutinekontroll hos legen.
– Då fekk eg melding om at han aldri ville kome fullt tilbake i arbeidslivet.
Det dirrar i stemma når han snakkar om det då Dagen møter han på Litteraturhuset i Oslo. Han har nettopp blitt takka av som generalsekretær i Digni med ein fagdag. Der fekk han mange rosande ord.
– Du viser at du er sårbar. Det er sikkert krevjande også, seier generalsekretær Heidi Westborg Steel i HimalPartner.
Generalsekretær Bjørn Bjørnø i Pinsevennenes ytremisjon omtalar Lemvik som ein nettverksbyggjar av rang. Men Bjørnø fortel også om ein uredd kristenleiar.
– Vi lurer på kor runde formuleringar vi skal bruke i arbeidet vårt. Så køyrer du på og snakkar om omvending og Jesus. Det er befriande, seier Bjørnø.
– Er så lei alle masker
Etter avtakkinga, tek Lemvik med seg blomsterbukettane og set seg ved bordet i restauranten for å få seg litt lunsj.
– Eg er så lei av alle masker og alle fasadar. Vi slit alle med livet. Med samliv, born, jobb, kollegaer. Det er frykteleg slitsomt å spele skodespel. Vi kan godt vere ærlege utan å vere for utleverande. Eg er ikkje ein særleg vellukka person, og så treng eg ikkje gje inntrykk av at eg er der.
Han har også gått ein tur-retur i kristenlivet. Først var han ivrig misjonær med bakgrunn frå Misjonsambandets høgborg Fjellhaug, og med organisasjonens motto «Verden for Kristus» møtte han kristne i Etiopia i 1983.
– Eg møtte ei kyrkje som snakka holisme. Så begynner eg å lese Bibelen om igjen, så ser eg at praktisk kristendom eigentleg er nestekjærleik. Det endra meg veldig. Eg hadde ein periode der omvendingsaspektet nesten var vekke. Det kretsa veldig om diakoni.
No har han justert seg nokre steg tilbake.
– Då eg leste Bibelen, erkjente eg at eg hadde blitt utruleg einsidig. Misjonsbefalinga fins faktisk. Samtidig har eg moderert meg veldig frå den sterke omvendingsforkynninga eg hadde i starten. Livs-vitnesbyrdet er trass alt det sterkaste.
Han har teke hovudfag i leiing og informasjonsvitskap og har jobba som konsulent for mange internasjonale kyrkjeleiarar. Det har ikkje alltid vore eit sterkt livs-vitnesbyrd han har møtt.
Ser dobbeltliv
– For mange kyrkjeeiarar begynte det ofte bra. Så var dei ikkje budd på makta dei fekk og freistingane makta fører med seg. Så fall dei. Men dei hadde ikkje ryggrad til å reise seg og vedkjenne kva dei hadde gjort. Då blei dei veldig sterke i forkynninga på talarstolen, ofte sterkare enn før. Så hadde dei ei svart side som dei håpte ingen oppdaga.
– Kva har du gjort når du har vore vitne til eit dobbeltliv?
– Heile engasjementet mitt for leiarar har vore å hjelpe dei å kome til rettes med store utfordringar og vere så rakrygga at dei kan utfordre styresmakter eller andre utan at nokon kjem inn bakvegen og seier: «Tei stille, for hugsar du kva som skjedde?»
«Ei pen dame på fanget»
Lemvik fortel at han har opplevd at det blir lagt feller for nye kyrkjeleiarar, for andre i kyrkja vil ha noko på den nye leiaren for å styre han.
– Ei pen dame på fanget. Litt pengar i banken. Det er forbausande lett å gå i fella. Det treng ikkje vere dei store tinga. Så trur dei ingen veit. Brått set dei i eit klister.
– Har du konfrontert leiarar direkte?
– Ja.
– Kva seier du?
– «Dette er ikke greit. Når du sel ut eigen integritet, mister du autoriteten til å snakke».
– Har du blitt mykje skuffa?
– Ja.
Han veg orda.
– Eg hadde ein god ven. Vi snakka mykje saman, også om sex, damer og freistingar for kyrkjeleiarar. Vi var veldig einige. No har han ei sak hengjande over seg, for han har valdteke si eiga stedotter, og ho er gravid. Det har vore skuffingar, ja, som er krevjande.
– Kva gjer det med deg?
– Det gjer meg ivrigare etter å prøve å hjelpe dei som blir leiarar no. No held eg på med leiarutviklingsprogram for Mekane Yesus-kyrkja. Ofte er det lite å gjere for dei som har forbrote seg. Men ein kan hjelpe nye leiarar med å førebu seg på makta dei får.
Mektig
Lemvik vart i 2016 kåra til ein av landets mektige personar i Vårt Lands kartlegging av kven som har mest innverknad på trus- og livssynsfeltet. Han har vore lite i media, men har forvalta store ressursar og har eit stort nettverk, heitte det i grunngjevinga.
– Kva har du brukt makta di til?
– Eg ynskjer å byggje ei god kyrkje. Ei kyrkje som står på ein solid og trygg teologi og som lever teologien ut i kvardagen og gjer ein skilnad, enten det er i Noreg eller i utlandet. Eg ser at Den norske kyrkja på mange måtar er i ei veldig avgjerande tid. Difor tok eg på meg å vere leiar for fellesrådet i Oslo, og eg var med å stifte nettverk for fellesråd i Noreg. Eg trur mi styrke er å byggje bruer og få folk til å snakke saman. Om halvanna år er perioden min over.
– Ikkje lov å la vere
Sjølv om helsa har gjort at han måtte forlate generalsekretærstolen i Digni, er han forsiktig tilbake som konsulent i eige selskap. No vil han konsentrere seg om å utvikle gode leiarkulturar, ikkje berre einskildleiarar. Og han vil fortsetje som brubyggjar mellom religionar, statar og FN.
Ei oppleving i England for nokre år sidan var med å prege han. Då var han den einaste utlendingen som var med i erkebiskopen av Canterburys gruppe for religion og utvikling i den anglikanske kyrkja.
– Vi sat 100 rundt mange småbord. Så oppdaga eg at viss du la inn eit lag over hovudet vårt og ikkje såg kvar bønene gjekk, var vi kliss like. Det var det same engasjementet for folk og den same nauda for folk som har det vondt.
Rundt borda sat kristne, muslimar, hinduar, sikhar og agnostikarar.
– Vi har ikkje lov til å la vere å samarbeide for ei betre verd.