– Vi vaksne har eit særskilt ansvar
– Alle stader er prega av ein kultur om kva som er innanfor og utanfor, seier Anette Sørensen Rege, som er rektor ved Nordborg skoler, Misjonssambandets skular på Finnsnes i Troms.
Ho skal også vere ordstyrar på generalforsamlinga som begynner tysdag.
Ho gjev honnør til Nordhus som tek opp spørsmålet om debattklima generelt og i forkant av generalforsamlinga.
– Er det tema ein ikkje har lov å snakke høgt om i bedehusland?
– Det spørsmålet kunne ein stilt i alle samanhenger, både i familien, storfamilien, på jobb og på skulen.
– Skjult makt
Dei som pregar miljøet kan delast inn i to grupper, seier ho.
– Dei sterke stemmene og dei som ikkje talar så høgt, men som snakkar undercover. Det er nesten enda verre. Ei slik skjult makt kan leggje ei klam hand over det som blir sagt.
– Det er nok mange ungdomar som har vore radikale eller liberale og ivrige, som har fått strenge tilbakemeldingar, som gjer at dei i neste omgang ikkje våger å seie noko. Ungdomar skal ta imot rettleiinga, men vaksne har eit særskilt ansvar for korleis dei formidlar det, seier Rege og tek fram eit anna døme frå organisasjonen:
– Eg høyrer det er sagt at kvinner skal sleppe å ta ansvar og at vi ikkje er skapte til å ta leiaransvar. Å få det mot seg når ein er ung kvinne, kan vere tøft. Som om det var ein premie å sleppe å ta ansvar. Det er eit privilegium å ta ansvar, seier ho.
– Droppar forsamlinga
Bjørn Steinar Haugland er journalist i Misjonssambandsradio Ptro og har laga radio i 20 år. Han etterlyser at kristne leiarar er interesserte i å høyre kva andre tenkjer og lytte nøye.
– Er ein for lite interesserte i å høyre kva andre meiner?
– Ja. Det merker vi her i radioen. Vi får tilbakemeldingar frå folk som synest det er vanskeleg å gå i forsamlingar, men har funne radioen som ein nødløysing. Det kan gjelde viss ein er skilt eller viss fasaden ikkje er så fin som ein opplever at andres fasade er. Eller at ein har litt andre meiningar. Når det er sagt, har det blitt større rom dei siste ti åra, seier Haugland.
– Det er så lett å sjå dei som er synlege. Dei som stiller spørsmål, kan lett bli usynlege. Har du dei rette meiningane, er det lettare å kome seg fram, seier han.
– Opplever ope
Christoffer Inge Hovda har dei to siste åra vore forsamlingsleiar i Misjonssambandets forsamling Salem i Stavanger. Han kjenner seg ikkje att i at det er vanskeleg å seie det ein meiner.
– No er eg relativt ny, men eg opplever det ikkje slik, seier Hovda, som kom frå ei stilling i bank.
– Korleis er samtaleklimaet i misjon samanlikna med næringslivet?
– I næringslivet må ein snakke ærleg. Over tid vil businessen død viss du ikkje lyttar til kundane, seier han.