VID kan bli Noregs første private universitet: – Kan gå raskare enn først tenkt
No endrar den kristne privatskulen samansetninga i styret som ein del av jakta på universitetsstatus.
Jan Olav Aarflot blir ny leiar, medan Arne H. Krumsvik og Anners Lerdal blir nye styremedlem. Det melder VID vitenskapelige høgskole i ei pressemelding.
– Aarflot har lang fartstid i universitetssektoren, personalarbeid og kyrkjeleg sektor, seier rektor, Bård Mæland, til Dagen.
Styret
Aarflot har vore personal- og organisasjonsdirektør ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet, NMBU, personaldirektør ved Høgskolen i Østfold og generalsekretær i Presteforeningen.
– Eg er trur dette blir ei spennande utfordring, VID har klare strategiar og utviklingsplanar, og eg ser fram til å vidareføret det gode arbeidet som er lagt ned, seier Aarflot til Dagen.
Ifølge Khrono gjekk VID alt i 2018 inn for visjonen om å bli universitet.
Styret står sentralt i dette arbeidet.
Dei er det øvste organet privatskulen har, og VID seier målet med dei nye oppnemningane er eit styre med brei erfaring, som kan realisere ambisjonen.
– Kan gå raskare
Den nye styreleiaren seier han ikkje veit når dei vil nå målet, men at han vil jobba for å gjere det.
Rektor Mæland er optimistisk.
– Vi har ikkje sett eit bestemt årstal, men det er eit ekspertutval som no jobbar med kriteria for å bli universitet, så det kan gå raskare enn først tenkt, seier han til Dagen.
Han forklarar at å få opp talet på doktorgradsprogram er ein viktig del av jobben.
I dag sende dei inn søknaden om sitt tredje PhD-program, innan helse og samhandling.
– Det er ein milepæl i VID´s historie.
Frå før tilbyr dei PhD i teologi og religion, og i diakoni, verdiar og profesjonell praksis. Til saman har dei 100 stipendiatar.
Mæland reknar med å få svar frå NOKUT om eitt års tid.