SKULE: Den videregåande skulen i Lom skal leggjast ned.
Foto: Google street view
Vil etablera kristen privatskule i Lom
Den vidaregåande skulen i Lom vert nedlagd, men lokalsamfunnet har funne ei mogleg løysing.
I oktober 2024 vedtok Arbeidarpartiet, Høgre og MDG i Innlandet å leggja ned den vidaregåande skulen i Lom. Resultatet var eit lokalsamfunn i sorg og frustrasjon.
No har ei arbeidsgruppe, saman med lokale eldsjeler i Lom, lansert ein førebels plan. Dei ynskjer å starta ein kristen frittståande privatskule som eit alternativ.
– Dette gjev mogleik til å tilby yrkesfag under ein kristen paraply, seier leiaren av arbeidsgruppa, Hanna Flakøy Skjåkødegård, til Klassekampen.