BYSTYRE: Trygve Birkeland (KrF) er med på å ha fleire gater kalla opp etter kvinner.

Vil kalle opp gate etter kvinnelig misjonspionér

KrF sitt forslag om at den kjende kvinnelege kinamisjonæren Marie Monsen skulle få gate kalla opp etter seg, fekk fleirtal i bystyret. – Ho sameiner byen, seier KrF–politikar.

Publisert Sist oppdatert

I Bergen finst det få gatenamn kalla opp etter kvinner. Oddny Irene Miljeteig i SV har foreslått at fleire gater får namn etter kvinner som har ei historie i byen. SV drar fram ein kvinneaktivist, ein samisk forkjempar, og dei første kvinnene som var del av Bergen bystyre, som alternativ.

Bergen bystyre har handsama eit såkalla privat forslag. Det går ut på at bystyrerepresentantane kan kome med eigne saker.

Kvinnefrigjering og misjon

KrF har tenkt at det ikkje nødvendigvis treng å vere kvinner frå akademia, musikk og politikk som får sine namn på gater i Bergen.

– Kvinner frå dei kristne miljøa bør også førast opp på ei liste over namneforslag. Det tok oss ikkje mange minutta før namnet Marie Monsen dukka opp. KrF tek derfor initiativet til at hennar namn vert lagd til på denne lista, seier Trygve Birkeland, gruppeleiar for KrF i Bergen bystyre.

Marie Monsen reiste ut tidleg i 20–åra og arbeidde i Kina i over 30 år. Då ho kom heim til Norge, budde ho lenge på Nesttun i Bergen. Ho brann for kvinnefrigjeringa og var også kjend som «Huskirkenes mor». Monsen etablerte blant anna ein jenteskule ved namnet Concordia i Kina, og er kjend for å ha stått i ei stor, evangelisk vekking i dette landet.

– Ho er kanskje den norske misjonærkvinna som er aller best kjend i både inn og utland. Så høyrer det også med til historia at i 2001 vart det reist ein bauta på Solheim kyrkjegard til minne om hennar livsverk, seier Birkeland.

– Alle har del i henne

Som 13–åring las Birkeland boka hennar «Bønnens makt», noko som gjorde stort inntrykk på han.

– Ho opplevde så store ting rundt Gud sine ferdiglagde gjerningar for livet hennar. Det gav meg inspirasjon og noko nært å relatere meg til. Eg tenkjer at alle har ein del i henne uansett om ein høyrer til lutherske miljø eller frikyrkjemiljø. Ho var ei karismatisk dame og var ikkje framand for åndelege gåver, under eller kraftgjerninger, fortel han.

Birkeland seier det er viktig for KrF å få fram kandidatar partiet er fortrulege med, og å løfte fram internasjonale storleikar som har sine røter i Bergen.

– I første omgang er vi nøgde med å ha Monsen med på lista. Då vi i KrF snakka saman om dette temaet, visste den yngre generasjonen kven ho var. Vi vart fort samde om at det var hennar namn vi ville fremje.

Fekk fleirtal

Han seier at mange i bystyret er positive til å løfte fram Monsen på denne måten. Og KrF fekk alle partia, bortsett frå FrP, med på forslaget under bystyremøtet denne veka.

– Kor vil det vere naturleg å ha ei gate kalla opp etter henne?

– Det bør vere i Sandviken eller sentrale deler av Fana der ho vart fødd og budde sentrale deler av livet sitt.

Gater for menn?

Birkeland er positiv til at det er ynskt fleire gater kalla opp etter kvinner i byen. Han er derimot ikkje heilt med på den delen av SV sitt forslag som seier at «Ingen nye gater i Bergen skal oppkalles etter menn før andelen kvinner er økt til et tilfredsstillende nivå».

– Den delen av SV sitt forslag synest vi i KrF er ei litt for valdsam tilnærming. Det kan godt hende at det er nokre menn som ligg før i løypa. Men vi ser at fleire gater bør få kvinnenamn, seier han.

Kristen–Bergen

Birkeland seier at KrF førebels ikkje har fremja andre kvinnenamn.

– Når noko skal løftast fram i bystyret, treng vi 34 stemmer for at det skal verte fleirtal. Og då tenkte vi at Marie Monsen er eit namn som er såpass kjent, at det ikkje ville vere vanskeleg å få folk med.

Om ein er pinsepastor, kyrkjeleiar, eller luthersk leiar, er dette eit namn dei fleste kjenner, ifølgje Birkeland.

– Ho sameiner Kristen-Bergen.

Powered by Labrador CMS