Vil starte kristen tv-kanal som sender heile døgnet
Bladet Evangelisten melder seg på i rekka av kristne aktørar som vil i tv-ruta med kristen forkynning og misjonsprogram 24/7.
Med eit opplag på 6000 og framstøytar i diverse nettbaserte mediekanalar er ikkje det kristelege bladet med adresse på Sotra mellom dei tyngste aktørane i Kristen-Noreg. Visjonane er det likevel dimensjonar over.
Redaktør Kurt Urhaug seier til Dagen at dei arbeider målretta med å etablera ein ordinær tv-kanal. Som kjent finst det mykje som på nett som liknar på tv, men Urhaug stadfester at det er snakka om ein «gamaldags» kanal som sjåarane kan finna på eit nummer i kanalveljaren på tv-apparatet.
Har bygd studio
I dag er Visjon Norge den største tv-aktøren i Kristen-Noreg. I tillegg sender Kanal 10 kristne program heile døgnet. Avisa Vårt Land undersøker om det er grunnlag for å starte ein tv-kanal, og Tro og Medier har også lansert ein idé i same retning og i samarbeid med svenske aktørar. Begge prosjekta har fått ein viss mediedekning.
Evangelisten sine planar har så langt gått under radaren, sjølv om Urhaug seier dei har lansert idéen i eigne fora og for bladet sine lesarar.
– Vi byrjar i det små og har laga ein del program i fleire år, fortel Urhaug.
Førebels er det bygd eit tv-studio på Knappskog på Sotra og kjøpt inn inn ein del utstyr for produksjon. Program er sendt på Frikanalen eit par års tid.
– I første omgang er tanken å utvida til litt fleire program på fleire dagar i veka - og meir varierte program, seier Urhaug vidare.
Rike onklar?
Ein 24/7-kanal er eit heilt anna prosjekt. Det må skaffast store midlar og inngåast avtalar med dei store aktørane innanfor tv-distribusjon. Evangelisten-miljøet er også for lite til at ein åleine kan fylla ein slik sendeflate.
– Alt dette arbeider vi med. Vi opplever at dører opnar seg, seier redaktøren.
– De treng vel strengt tatt også nokre rike onklar som kan putte store pengar inn i eit slikt arbeid?
– Vi må ha økonomi og eldsjeler, ja, svarar Urhaug først.
– Og rike onklar?
– Vi må ha kontakt med både den eine og den andre. Slike ting er vi i gang med.
– Kor store inntekter må de ha på årsbasis for å drive ein 24/7-kanal?
– Du snakkar med ein som ikkje har greie på pengar. Eg ser berre forskjell på fargane. Eg ser når tala er raude.
– Men du ser forskjell på 5 og 50 millionar?
– Det er klart det kostar. Vi har eit reknestykke. Ingenting er gratis. Vi er i ein prosess. Vi er ikkje i ruta enno.
– Kvifor vil Evangelisten starte tv-kanal?
– Vi driv allereie mediearbeid. I tillegg til bladet er vi på radio, i ulike nettutgåver, på Facebook, Youtube, Frikanalen, podkast, og vi har forlag. Vi sit med ein veldig god bodskap, evangeliet. Det handlar om å nå folket med Guds ord. Då må vi bruke alle tilgjengelege verktøy.
Samarbeid
Urhaug seier det er vanskeleg å seie når saka er avklart.
- Medierøynda er i rask endring. Ting lever og skiftar fort. Vi må også følgje med i den utviklinga.
Han svarar stadfestande på at Evangelisten er avhengig av samarbeidspartnarar for å fylle tv-ruta på døgnbasis.
– Vi er i prat med ymse aktørar som det kan vere naturleg å invitere inn i eit slikt prosjekt.
– Snakkar vi om til dømes organisasjonar innanfor bedehuslandskapet, der Evangelisten har sitt nedslagsfelt?
– Ja, absolutt. Vi treng fleire programleverandørar som kan løfte prosjektet.
Teologi
Evangelisten har sin teologiske ståstad innenfor ein del av bedehusrørsla som går gjerne under namnet bjerkreimianarar. Tradisjonelt er dei meir opptekne enn andre kristne retningar av korleis det bibelske materialet om endetida skal oppfattast.
– Kor breitt kan de samarbeida utan at det går på profilen laus?
– Nokså breitt. Vi vil ut med evangeliet og tene misjonen, svarar Urhaug.
Vil vurdere støtte
Skipsreiar Per Sævik er mellom dei pengesterke aktørane i miljøet der Evangelisten har sitt nedslagsfelt. Er han mellom «dei rike onklane» som vil støtte bladet sitt tv-prosjekt?
Til Dagen seier Sævik dette:
- Vi har ikkje ikkje fått nokon henvendelse om dette. Får vi ein slik henvendelse, må vi sjølvsagt vurdere den.