REKTORNEKT: Fra venstre: ungdomsskuleelevane Karen Sofie Sande Fisketjøn, Hannah Riveland og Ida Marie Vårdal har teke initiativ til å starte skulelag ved Bogafjell ungdomsskule i Sandnes, men får ikkje lov.
Helene Reite Uglem
Vil starte skulelag, men får ikkje lov
Det blei hit, men ikkje lenger for lagsstyret ved Bogafjell ungdomsskule i Sandnes som opplever «rektornekt».
Ida Marie Vårdal (14), kasserar Hannah Riveland (15) og leiar Karen Sofie Sande Fisketjøn (15). Dei er styret i det dei håpar ein dag skal bli Laget på Bogafjell ungdomsskule.
Oppgåvene er fordelte mellom dei. Lista over interesserte veks. Her skal det vere plass til alle, seier dei, også dei som kjem berre for ein gratis kjeks.
Det er berre eitt problem: Dei får ikkje lov å ha møte i skuletida.