Vil stengja ute jødar frå Tempelhøgda
Onsdag behandla UNESCO ein resolusjon frå Jordan som fordømer og avgrensar jødisk og israelsk aktivitet på og rundt Tempelhøgda i Jerusalem.
Det var venta at utkastet til vedtak ville bli akseptert av UNESCO på grunn av samansetninga og den store stemmeblokka som Jordan har i slike FN-organ.
Forslaget kjem frå Jordan som fordømer israelsk aktivitet i Gamlebyen og jødiske besøkjande på Tempelhøgda. I tillegg fordømer dei utgravingar og arkeologisk aktivitet av Israel og jødiske organisasjonar i Gamlebyen rundt Tempelhøgda.
Skuffa
Lisa Rahmani i organisasjonen «Face of Israel» seier til Tazpit News Agency at ho er svært skuffa over innhaldet i forslaget.
– Vi er opprørte over forslaget. Det bryt ikkje berre med Artikkel 9 i fredsavtalen mellom Israel og Jordan, men også med Artikkel 18 i den universelle Menneskerettserklæringa når det gjeld trusfridom, seier Rahmani.
I følge vedtaket i UNESCO-komiteen må Israel stansa all aktivitet i området. Jordan foreslår 19 tiltak på Tempelhøgda, og påstår at Israel hindrar muslimsk og kristen tilgang til plassen. Andre som er imot vedtaket, hevdar at teksten er full av antisemittisk og anti-israelsk ordbruk og byggjer på feilinformasjon og feiltolking av fakta og internasjonal lov og rett.
Ankar vedtaket
Organisasjonane «Face of Israel» og «International Legal Forum» har anka vedtaket i UNESCO.
– Vedtaket kan medføra stor skade mot israelarar og jødar alle stader, og det kan skade dei kjerneverdiar som dykkar organisasjon byggjer på. Vi krev at de ikkje seier ja til denne kontroversielle resolusjonen på noverande tidspunkt, men gjev oss sjansen til å leggja fram fakta og bevis som støttar våre krav, heiter det i eit brev til UNESCO frå direktør Jifa Segal i «Legal Forum».
UNESCO har tidlegare gitt etter for krav frå palestinske styresmakter og kalla Rakels Grav i Betlehem og Patriarkane si grav i Hebron for muslimske moskear. No brukar Jordan og palestinarane UNESCO til å få vedta at Tempelhøgda i Jerusalem kun er ein muslimsk heilagdom der jødar ikkje skal ha tilgong.
----------------
Følg også Israel-korrespondenten på Facebook - trykk her for å gå til siden der du kan trykke på Liker-knappen