Vil visa kva Hauge betydde for Noreg
Hans Nielsen Hauge snudde opp ned på Noreg. På Hauge-seminaret i helga var fleire hundre samla for å lære av han som endra landet.
Rundt 250 personar frå heile Sunnmøre i tillegg til Sogn og Fjordane og Hordaland var i helga samla i Herøy Frikyrkje for å høyre om Hans Nielsen Hauge og kva han har betydd – og betyr – for Noreg.
Det var Per Sævik, Per-Arne Lillebø, Roger Kvalsvik og Olaus Jon Kopperstad som inviterte til det niande seminaret i rekkja om samfunnsreformatoren Hauge.
– Vi ønskjer å vise kva Hans Nielsen Hauge betydde for Noreg og lære av hans verke og innsats både når det gjeld samfunnsbygging og bygging av åndelege fellesskap, seier dei i ei pressemelding.
Grunnlag for likeverd
Førstelektor ved Nord Universitet og historikar, Linda Helen Haukland, fortel at ho er med som foredragshaldar på Hauge-seminaret fordi det er viktig å gjere folk kjent med Hauge og rekkevidda av det han gjorde. På Stortinget i 1883 var fleirtalet haugianarar og haugianarane sitt livs- og menneskesyn påverka samfunnsutviklinga.
– Haugianarane hadde eit viktig premiss om likeverd på tvers av kjønn, alder, sosial tilhøyrsle og helse. Det var bruk for folk uansett. Alle var like mykje verd. Slik bidrog dei til at vi vart eit land av likemenn i mykje større grad enn mange andre land, seier Haukland.
I overgangen mellom 1700-talet og 1800-talet lærte nordmenn flest å lese og skrive gjennom det som starta som ei religiøs rørsle.
– Dei vart kalla "lesarar" fordi dei samlast om Bibelen og møttest for å lese, seier Haukland.
– Den som trur, set spor
– Eg har vore med på Hauge-seminar fleire gongar før, og opplever det som givande og interessant. Denne gongen var forteljinga frå cella til Hauge, korleis han, heilt nedbroten, likevel ikkje gav opp, ikkje vart bitter, noko av det som rørte meg mest, seier deltakar Inge Kolås frå Ørsta.
Det var sosiolog og mangeårige leiar av Ungdom i oppdrag, Alv Magnus, som fortalde om Hauge sine mange og til dels lange opphald i fengsel.
Både Haukland og Magnus peikte på Hauge som ein som vart rørt av Gud og var villig til teneste. Slik vart han radikal i si samtid.
– Den som trur, set spor. Evangeliet har ei kraft til å endre samfunn, seier Magnus.