TILFREDS: Gunnar Valderhaugsstrand som er på «Brukt og nyttig» saman med barnebarnet Josefine, er glad for at KrF ikkje gjekk til venstre i regjeringsspørsmålet.

Vinden bles frå høgre i KrF-bastion

Gunnar Valderhaugsstrand er glad KrF ikkje gjekk til venstre. I heimkommunen Giske er han slett ikkje åleine.

Publisert Sist oppdatert

Plassert rett ovanfor den gamle ferjekaia har indremisjonsbutikken «Brukt og nyttig» på Valderøy panoramautsikt til Ålesund og sunnmørsalpane i bakgrunnen. Det er lenge sidan ein måtte ta sjøvegen for å kome til inn til byen. Frå Godøy, Giske, Vigra og Valderøy kjem ein seg kjapt dit gjennom undersjøiske tunnelar.

Ikkje-sosialistisk

Novembersola forgyllar det sunnmørske landskapet heilt ute i havgapet. Her er det nesten aldri heilt vindstille. Politisk bles vinden frå høgre i kommunen som har 8.373 innbyggjarar, ifølgje SSB.

Ved stortingsvalet i fjor hadde Høgre og Framstegspartiet reint fleirtal åleine. Frp vart størst med 28,8 prosent av røystene. KrF fekk 15,1 prosent oppslutnad og var dermed eit prosentpoeng større enn Arbeidarpartiet. Men dette var ein tilbakegong på 4,2 prosent.

Uroleg for avkristning

Innanfor dørene på butikken luktar det nysteikte vafler. Møblar, servise og leiker som ventar på nye eigarar, står utstilt i det intime lokalet.

Gunnar Valderhaugsstrand er innom saman med barnebarnet Josefine for å levere eit salongbord.

– Eg støttar det borgarlege alternativet, seier han.

– Kvifor?

– Utgangspunktet er at motsett side motarbeider kristendommen. Det vil seie at dei eksponerer avkristninga, seier Valderhaugsstrand.

– Nokre vil seie at det ikkje er så mykje betre på høgresida heller?

– Det ville ikkje eg ha sagt. Dei gir signal om at dei har verdiar på eit konservativt grunnlag. Og historisk sett har KrF alltid vore borgarlege. Den historia forpliktar, seier Valderhaugsstrand.

Han fortel at 90 prosent av dei han har kontakt med, er kritiske til at partileiar Knut Arild Hareide tilrådde regjeringssamarbeid til venstre.

Personleg fridom

– Kva er det som gjer at mange sunnmøringar er så skeptiske til sosialisme?

– Det er basert på haugianarrøsla som sette individet og fridomen for den einskilde høgst, seier han.

Kommunen har tradisjonar for eit sterkt kristenliv med relativt store bedehusforsamlingar. Den korte pendleavstanden til Ålesund har gjort Giske til ein tilflyttingskommune og medverka til at befolkninga er blitt meir mangfaldig.

– Kva forventningar har du til regjeringsforhandlingane?

– Eg kjenner meg litt usikker, men håper dei kjem i mål.

– Kva statsrådspostar håper du KrF i så fall får?

– Familie, seier han.

Gjekk tilbake

På veg til Giske rådhus litt lenger oppe i bakkane stoppar vi ved Øy-senteret for å høyre om fleire i lokalbefolkninga har synspunkt på regjeringssamarbeidet, men får ikkje napp. Dei forbipasserande har ikkje tid til eller interesse av å ytre seg.

– Eg er veldig lite inne i politikken, seier ei jente som sit utanfor.

Ordførar Harry Walderhaug (KrF) har derimot møtt mange i kommunen som syntest kommunikasjonen frå KrF vart for utydeleg framfor valet i fjor. KrF gjekk tilbake 4,2 prosent i Giske samanlikna med valet i 2013.

– Det var ein del som sa at dei røysta på andre parti på høgresida fordi dei ville vere trygge på at Erna vart verande statsminister, forklarer Walderhaug.

OPPOSISJON: Giske-ordførar Harry Walderhaug skulle helst sett at KrF vart verande i opposisjon, men støtta subsidiært samarbeid til høgre. Foto: Tore Hjalmar Sævik

Mest gule

Sjølv meinte han i utgangspunktet at KrF burde blitt verande i opposisjon, men på landsmøtet støtta han subsidiært å gå i sonderingar med den sitjande regjeringa.

– Det er inga sak som tilseier at KrF skulle felle Erna no. Det er nesten uverdig at eit parti skal ha eit fem-seks veker langt roadshow der ein leitar etter identiteten sin berre tolv månader etter eit val. Eg har fått respons frå mange, sjølv på venstresida, som synest det er rart at KrF vel å gjere det slik i staden for framfor eit val, seier ordføraren.

Samstundes meiner han prosessen har vore prega av respekt og ei samling om kva som er sakene til KrF.

– Vi er først og fremst eit gult parti, eit eige parti, seier han.

Som eksempel viser han til striden om tvillingabort.

– Det viser at vi har ei rolle å spele i politikken og gjer ein forskjell.

Løftar eigne saker

Sjølv om Walderhaug har inntrykk av at mange KrF-veljarar i Giske ønskjer samarbeid til høgre, oppfattar han også at det er andre som er opne for samarbeid til venstre.

– Eg trur det har vore sunt å få dette fram, seier han.

– Kva vert viktig i eventuelle regjeringsforhandlingar?

– Det vert å få opp saker som er særmerkte for KrF, mellom anna innanfor familiepolitikk og for menneske med spesielle behov.

– Og kva blir særleg utfordrande?

– På einskilde område vil nok KrF særleg utfordre Framstegspartiet. Det gjeld mellom anna å ta ansvar for menneske i naud, både flyktningar som kjem hit og menneske som treng hjelp ute i verda.

Forventningspress

– Trur du regjeringsspørsmålet vil påverke kommunevalet neste år?

– Eg er audmjuk i møte med det. Alt kan skje, seier Walderhaug.

Han påpeikar at lokalval i større grad er personval og dermed også vert ei evaluering av innsatsen til han og andre lokalpolitikarar.

– Men dersom det strammar seg til på sentralt hald, og ein ikkje lykkast i forhandlingane, kan jo dette slå ut, seier han.

Men her er forventningar å leve opp til: I alle val frå 1963 til 2011 hadde KrF aldri mindre enn 25 prosent av røystene i kommuneval i Giske. I 2015 vart oppslutnaden 24,2 prosent.

Powered by Labrador CMS