TV Visjon Norges webshop selger blant annet disse dyre chaga-dråpene.

Visjon Norge hevdar at kosttilskot er «virushemmande»

Kanalen risikerer fleire hundre tusen kroner i bot for brot på marknadsføringslova.

Publisert Sist oppdatert

Kanalen har den siste tida hatt fleire annonser i sosiale medium kor dei reklamerer for kosttilskotet Chaga. Kanalen påstår at produktet «styrker immunforsvar, er betennelse og virushemmende! Viktig i disse tider!». Dette skriv dei også i nettbutikken sin.

Kanalen skriv vidare at produktet er laga på soppen kreftkjuke som blir omtalt som «Skogens diamant», og sel flasker på 100 milliliter til 299,- per flaske.

Utnyttar frykta

Reklamemann og dosent Trond Blindheim ved Høyskolen Kristiania reagerer sterkt på reklamen.

– Dette trur eg overskrid både marknadsføringslova og legemiddellova. Viss ein skal snakke om dokumentert effekt, skal det vere evidensbasert, seier han.

– Kva tenkjer du om denne reklamen?

– Viss det hadde hatt dokumentert effekt hadde apotek seld det. Det held ikkje å kome med anekdotiske bevis om at folk føler seg pigg. Det er også viktig at ein ikkje påstår at det er medisin.

Blindheim meiner at kanalen utnyttar den globale koronakrisa for å tene pengar, og meiner at dette er ei sak for Forbrukartilsynet.

– Dei seier nesten at dette verkar mot koronaviruset. Dei unyttar den frykta som er ute i samfunnet blant folk no. Det er nok nokon som bit på og kjøper det.

Denne reklamen publiserte Visjon Norge på Facebook. Foto: Skjermdump

Oppretta sak

Juridisk direktør Frode Elton Haug i Forbrukertilsynet seier at dei har fått fleire klager på dette produktet og har allereie oppretta ei sak.

– Det vi kan seie er at vi er i gang med å gjere ei vurdering av denne marknadsføringa, og det er ei sak som vi prioriterer å behandle raskt, seier Haug.

400.000 i gebyr

Forbrukertilsynet har fått inn klager på fleire produkt som har lova å beskytte mot korona.

Emptiodirect AS fekk førre veke eit gebyr på 400.000 kroner for grovt brot på marknadsføringslova ved fleire annonser i Dagbladet for kosttilskotet Immiflex. Denne annonsen nemnte heller ikkje koronaviruset eksplisitt.

– Kan Visjon Norge risikere liknande gebyr for sin reklame?

– Ja, det er noko ein kan risikere ved brot på marknadsføringslova. Det er ein del fellestrekk, men no må vi sjå om det er noko som skil marknadsføringa til Visjon Norge frå den andre saka, seier Haug.

Snakkar ikkje med Dagen

Dagleg leiar Jan Hanvold i TV Visjon Norge ønskjer ikkje å kommentere saka.

– Eg snakkar ikkje med Dagen. De har hengt meg ut i fire år, og de er ikkje interessert i kva eg seier. Så sånn er det, seier Hanvold.

Powered by Labrador CMS