Å vere utanfor
Kor vanskeleg er det å vere kristen i Noreg i dag?
Det opplagte svaret skulle vere at det ikkje er vanskeleg. Vi bur i eit land som gjennom fleire hundre har vore prega av kristendom. Inntil nyleg hadde vi ei statskyrkje, og framleis vert det brukt milliardar av offentlege kroner på å støtte og oppretthalde ei folkekyrkje og frikyrkjer.
Kristne har ytringsfridom , kan samle seg kvar og når dei vil, får offentleg støtte til å drive eigne skular. Både journalistar og kristne i andre land sperrer opp augo opp når eg fortel at det faktisk fins to kristne dagsaviser i vesle Noreg.
Likevel er det 27 prosent av dei kyrkjeaktive som seier at dei opplever det som litt eller veldig vanskeleg å vere kristne i Noreg. Dei teiknar eit bilete av å bli møtt med fordomar, bli latterleggjort og bli sett på som dumme. Media blir peikt på som ei utfording. Fleire trekkjer også fram noko heilt anna: Materialisme gjer det vanskeleg å vere kristen i rike Noreg.
Tru og religion blir meir framand for mange. Kyrkjeaktive kristne kan oppleve at dei har gått frå å vere ein majoritet, eller i det minste å ha aksept frå majoriteten i samfunnet. No kan det sjå ut til at det er ei stor gruppe som kjenner at den aksepten smuldrar vekk. Ein opplever seg sjølv som minoritet. Og minoritetar må forklare seg viss andre folk våger å spørje.
Men nettopp det kan sjå ut til å vere eit problem. Ingeborg Marie Ekenes fortel korleis ho blir møtt med unnvikande blikk. Hadde folk enda spurt korleis det var å vere misjonær i Japan, kunne det vore enklare.
Noreg har vore eit av dei fremste misjonslanda i verda, men krafta i den globale kristentrua ligg ikkje lengst nordvest i Europa.
Tvert imot kan vi her nord finne mykje til ettertanke i røynslene til kristne og kyrkjer som er vant med å vere minoritetar. Biskop Thomas i den koptiske kyrkja i Egypt er vant til å leve som minoritet. No er det ingen i Noreg som har grunn til å lengte etter eit liv som ein forfølgd trusfellesskap.
Biskopen seier at det lett kan bli slik at ein uttrykkjer meiningane sine bak gardinene i lukka rom. Kostnadene ved å ytre seg offentleg kan nokon gonger opplevast for høg, seier biskop Thomas i samtale med Eyvind Skeie i boka «I kjærlighetens sirkel».
Det er det nok fleire enn koptarane i Egypt som kan kjenne seg att i.
Men løysinga er ikkje å dra gardinene tettare for, i alle fall ikkje for kristne leiarar. Kristent leiarskap må inkludere vilje til å bruke røysta si også i det offentlege rommet. Også på vegne av dei som ikkje sjølve kan heve røysta.
Biskopen er veldig oppteken av kva som skal vere kristnes rolle i samfunnet. Det vil alltid vere å skape ein atmosfære av fred og forsoning, seier han. Særleg når situasjonen blir spent og fiendebileta veks.
Dermed er utfordringa gjeven til kristne som kjenner seg marginaliserte og utanfor. Ein kan freistast til å dra gardinene enno tettare for. Undersøkinga er ein invitasjon til å snakke inngåande om korleis ein skal vere kristen i Noreg i dag, nettopp slik Ingeborg Marie Ekenes gjer.
Men tala bør også vere ei utfordring til dei som gjennom måten ein opptrer på kan bidra til stigmatisering og utanforskap. Er det slik at kristne må gjennom ein ekstra test: Først må ein vise at ein er tilrekneleg og empatisk - og deretter kan ein få ein sjanse til å bli med i fellesskapen, enten det er på leikeplassen, studieplassen eller i arbeidslivet?