Alliansen Verdipartiet
Det er mykje som står på spel i landet vårt, familieverdiar, demokrativerdiar, kristne verdiar og mykje meir. Kven vil følgje opp dei klassiske verdiane som fleire parti tok vare på før i tida?
Norge Idag og andre media har skrive ein god del om spenningar i Partiet De kristne.
Ein nestleiar har gått ut. Det har vore samtalar mellom småpartia Kystpartiet, Demokratane og Kristent Samlingsparti om ein allianse med Steinar Bastesen som førstemann på ei felles stortingsliste. Dette glapp med ei stemme på Kystpartiet sitt landsmøte.
Fleire vil nå danne ein ny allianse og kalle den «Alliansen De Verdikonservative». Kanskje kunne ein kalle partiet «Alliansen-Verdipartiet» (AVP, eller Verdipartiet – En Allianse) med undertekst om kva verdiar ein vil legge vekt på.