– Alltid ein nasjon i bøn
Fem presidentar medverka under årets utgåve av Den nasjonale bønefrukosten. Donald Trump var ikkje blant dei.
Som alle amerikanske presidentar sidan 1953 talte Biden under frukosten som vert arrangert den første torsdagen i februar kvart år. På grunn av pandemien var arrangementet i år gjort digitalt og innslaga kortare enn dei brukar å vere.
Vanlegvis er rundt 4.000 deltakarar frå heile verda samla i ballsalen på hotellet Washington Hilton i den amerikanske hovudstaden. Bønefrukosten vart starta av den norske emigranten og metodistpresten Abraham Vereide frå Gloppen i Nordfjord.
Siterte Kierkegaard
I talen sin framheva Biden tru som oppskrifta på å møte dei «mørke, mørke tidene» nasjonen går gjennom med lidingane under pandemien og uvissa om dei økonomiske konsekvensane.
– Eg har delteke under mange av desse bønefrukostane opp gjennom åra med ein nasjon i krig og kamp og konflikt, ein nasjon i fred og framgang, men likevel alltid ein nasjon i bøn, sa Biden. ( Sjå videoppttaket her.)
Han viste også til ekstremvêr, rasemotsetnader og åtaket på Kongressbygningen i januar.
Biden er den andre katolikken som er blitt president i USA. Han framheva at befolkninga no treng å stå saman på tvers av politiske og andre skiljelinjer.
Presidenten siterte den danske filosofen Søren Kierkegaard som sa at trua ser best i mørkret.
– Eg trur det er sant. I mine mørkaste augneblinkar gir trua håp og trøyst, sa Biden.
Han meiner amerikanarar i tru kan finne ein veg vidare med eit felles siktemål, med respekt og omsorg for kvarandre.
Las bibeltekstar
Som i innsetjingstalen sin i januar siterte Biden ei setning frå Salme 30 i Det gamle testamentet: «Om kvelden kjem gråt som gjest, om morgonen blir det gledesong».
Den republikanske senatoren James Lankford, som er sørstatsbaptist, las eit avsnitt frå Paulus´ andre brev til korintarane om «forsoningstenesta», melder Religion News Service.
Tidlegare president Barack Obama las frå det same brevet, med ein bodskap om å halde ut i prøvingar:
«Alltid er vi utsette, men ikkje kringsette, rådville, men ikkje rådlause, forfølgde, men ikkje forlatne, nedslegne, men ikkje ihelslegne».
Speaker Nancy Pelosi i Representanthuset, som også er katolikk, las frå profeten Jesaja om Guds herlegdom og kor forgjengeleg menneskelivet er, men at dei som ventar på Gud «lyfter vengene som ørna».
Fråverande Trump
Dei tidlegare presidentane Bill Clinton og George W. Bush kom også med helsingar som var spelte inn på video. Jimmy Carter, som er blitt 96 år, hadde sendt ei skriftleg helsing som vart lesen opp.
Donald Trump deltok under bønefrukosten alle dei fire åra han var president. Han nytta høva til å framheve verdien av gudstru, bøn og trusfridom, men hadde også mindre typiske element i talane sine. I 2017 oppmoda han til forbøn for betre sjåartal for skodespelar og tidlegare California-guvernør Arnold Schwarzenegger som hadde teke over som programleiar etter Trump for «The Apprentice».
I fjor løfta Trump opp avisa USA Today med framsidetittelen «AQUITTED» (Frikjend) og bilete av han sjølv etter riksrettssaka. No er det ei ny riksrettssak på gang etter åtaket mot Kongressbygningen 6. januar, men Trump var den einaste av dei nolevande amerikanske presidentane som ikkje deltok under bønefrukosten i år.