Avslørande faktasjekk
Boka bør bli standardverk både i media, journalistutdanning, skuleverket og som kunnskapskjelde for politikarar og andre som vil byggja sine vurderingar på objektive fakta og ikkje politisk propaganda.
Misforstå meg rett: Eg er glad for at Med Israel for fred (MIFF) ikkje er ein kristen organisasjon: Då kan ingen skulda dei for å vera ei konservativ kristen sionistisk rørsle.
Her er engasjerte medlemmer frå ulike kulturelle, politiske og religiøse miljø. Organisasjonen er livssynsnøytral og partipolitisk uavhengig. MIFF har eit hovudsikte - sanninga om Israel og det jødiske folk.
Mi personlege røynsle frå talaroppdrag i ulike miljø er at knapt nokon stad møter eg ein kunnskapsrik tilhøyrarskare som nettopp i MIFF!
MIFFs daglege leiar Conrad Myrland har med denne boka sett skarpt søkelys med faktasjekk på media og skulebøker sine presentasjonar og vinklingar om Israel.
Boka er delt inn i fire deler med eit appendiks med ytterlegare informasjon. Dei fire delene er desse:
I) Hvor utbredt er det falske bildet av Israel?
II) Medienes bidrag til det falske bildet av Israel. Her er hovudfokus særleg på NRK og NTB, men TV2 og sentrale aviser er også avslørande visitert.
III) Skolens bidrag til det falske bildet av Israel
IV) Den farlige effekten av medienes og skolebøkenes formidling.
Loddet på vekstskola
Motseiingsretten er fundamental i alle samfunn. Det er loddet på vekstskola som hindrar ekstremisme og einsretting. Men motseiing må vera sakleg grunngjeve slik at det ikkje berre blir propaganda utan dokumentasjon.
Det er nettopp det som gjer denne boka så viktig - her er grunngjeven argumentasjon som ein ikkje kan avfeia. Både NRK, NTB må koma med sine tilsvar. Ellers bidreg dei til farleg utvikling.
For alle israelsvenner og andre sanningssøkande er denne faktasjekken svært velkommen og verdifull. Mange av oss som har delteke og følgd med i debattar og reportasjar vil kjenna oss igjen i mykje av det Myrland dokumenterer.
Personleg har eg også eigne erfaringar som denne - nett kommen heim frå Israel ein gong, - intervjua for Dagsrevyen og fekk plutseleg spørsmålet: Korleis kan du forsvara ein stat som drep barn?
- Eg svara slik: «Godt spørsmål, eg høyrde i Israel om at yngre palestinske tenåringar blei sende med bombebelte, men Israel greide å berga deira liv. Har du fleire spørsmål om barnedrap?» - Det intervjuet kom aldri på lufta!
«Folkeretten»
Boka har grundige og overtydande faktasjekk på mange felt. Boka har mange konkrete døme. Noko av det aller viktigaste som Myrland med rette avslører, er dei diskutable føresetnader og den grunnhaldning som media legg til grunn med urette som udiskutabelt.
Etter mi vurdering gjeld det særleg bruk av uttrykket «folkeretten», «ulovleg okkupasjon» og status på FN-resolusjonar, og fakta om konkrete episodar. Her presenterer både media og politiske miljø ofte propaganda og ikkje objektive fakta.
Det er noko av det aller alvorlegaste i debatten om Israel. Til dømes blir våpenkvilegrensa frå før 1967 framstilt som folkeretten og palestinaarabisk land.
Propagandist
Boka har også sin objektive styrke med eit sterkt føreord av den uredde og fagleg sterke journalisten Alf R Jacobsen. Dei skal vera godt skodde som kan motseia hans vurderingar.
Myrland namngjev ein del journalistar og fagfolk. Det er forståeleg, og dei har tydeleg eit ansvar som dei må svara for. Media burde velja breiare faktabaserte fagfolk.
Eg hugsar ein debatt for år sidan med ein slik innhenta «fagperson» presentert som forskar. Eg fekk svært mange personlege positive tilbakemeldingar etter den debatten.
Men eg hugsar spesielt ein professor som ringde: Du var for snill og godtok at vedkomande var forskar. Vedkomande er ikkje forskar, men propagandist, meinte professoren.
Eg må også få legga til som eiga erfaring, eg klagar ikkje på dei som intervjuar meg. Dei gjer ein profesjonell jobb, men røyndomsforståinga er ofte feil.
Eg kunne nemna slike dyktige journalistar som Knut Olsen i NRK TV, Kari Sørbø i radio, og Per Ståle Lønning i TV 2. Eg fekk høyra frå lyttarar at journalistar var tøffe, negative og kritiske.
Då svara eg alltid: Det er flott å møta slike profesjonelle mediefolk - det er jo slik dei får det beste ut av oss som blir intervjua.
Tileigna til onkel
Conrad Myrland har tileigna boka til sin onkel Odd Myrland. Det synest eg er flott. Odd Myrland er det største levande leksikon på dette fagfeltet. Han har stor ære for at MIFF har slik stor kunnskapsbase til gagn for både Israel og alle som vil sjekka fakta på saksfeltet.
Tusen takk for boka. Den bør bli standardverk både i media, journalistutdanning, skuleverket og som kunnskapskjelde for politikarar og andre som vil byggja sine vurderingar på objektive fakta og ikkje politisk propaganda.
Temaet er alvorleg. I ei tid med aukande antisemittisme bør ein merka seg følgjande sitat frå Alf R. Jacobsen: «Fra anti-israelske stemninger til anti-semittiske holdninger er veien kort.»
Kjøp, les, bruk!