– Bibel utan kvinner er ein halv bibel
Alf Kjetil Walgermo meiner at kvinnene i Bibelen fortener å bli løfta fram og få historia si fortald. Derfor har han skrive bok om dei.
Forfattar og journalist Alf Kjetil Walgermo elskar å arbeide med Bibelen. I 2017 var han aktuell med «Røff guide til Bibelen», ei bok for alle som treng å få friska opp bibelkunnskapane sine.
VG meinte at boka opna Bibelen på nytt for ei lesande samtid. Kanskje vil det same skje når Walgermo no gjev ut «Bibelens kvinner – historiene som forma verda.»
195 namngitte
Ifølgje boka, som kjem ut i dag, er det 195 namngitte kvinner i Bibelen; inkludert nokre «usikre kort», eit par symbolske kvinnenamn og åtte gudinner. I tillegg er det fleire hundre som ikkje har fått eit namn av dei bibelske forfattarane.
– Eit døme på det er kvinna som salva Jesus før han vart korsfesta. Jesus sa at ho skulle bli hugsa av alle for det ho gjorde. Så hugsar ikkje evangelieforfattarane namnet hennar eingong, med mindre ein vel å tolke det som at det var Maria frå Betania eller Maria Magdalena som gjorde det, seier Walgermo.
Maria Magdalena
Ei av dei kvinnene som har gjort sterkast inntrykk på han er nettopp Maria Magdalena.
– Det står ingenting i Bibelen om at ho var prostituert. Det var ei tidleg tolking, fordi ho vart kopla til syndarinna i Lukas 7 i Det nye testamentet. Det har sidan blitt fanga opp av kunsthistoria som har framstilt ho som botferdig, ofte lettkledd. Nokre har dradd historia så langt at dei har tenkt at ho var kjærasten til Jesus, men ifølgje Bibelen var ho ein av Jesu nærmaste følgjesvener og eit viktig vitne til oppstoda.
Marta er ei anna kvinne som har gjort sterkt inntrykk på forfattaren, mellom anna fordi ho var heilt sentral i det å formulere trua på Jesus som Messias og Frelsar. Då Jesus i Evangeliet etter Johannes kapittel 11 seier til henne at han er oppstoda og livet, svarer ho: «Eg trur du er Messias, Guds son, han som skal kome til verda.»
– Det ho seier er så å seie identisk med det Peter seier i Matteus 16: «Du er Messias, den levande Guds Son.»
Kvinner med dårleg rykte
Dei to nesten identiske vedkjenningane har fått Walgermo til å leike med tanken på kva som ville skjedd om det var Marta som fekk høyre at ho var den klippa kyrkja skulle byggjast på og ikkje Peter, slik Bibelen fortel.
– Då hadde teologihistoria sett svært annleis ut, trur han.
I boka skriv han mellom anna om den første kvinna, Eva, om kvinner i krig, om metoo-historier og om Bibelens «bad girls». Han skriv om kvinner som fekk eit dårleg rykte, om kvinner i randsonene og om Paulus og kvinnene han omgav seg med. Boka er rikt illustrert med verk frå kunsthistoria.
– Eit viktig aspekt ved det er å få fram korleis teologien og kunsten kan påverke kvarandre gjensidig. Når eg les Bibelen med blikk for kvinnene, ser eg kor ekstremt viktige dei er. Eva var den viktigaste handlekrafta i Edens hage, og den som skaper heile mennesket si historie på jorda. Kvinnene rundt Paulus var svært delaktige i å utbre evangeliet. Mange kan tenkje at han hadde eit konservativt kvinnesyn, men det paradoksale var at han hadde svært betrudde og nære kvinnelege medarbeidarar som var med og bygde kyrkjelydane.
Junia og Junias
Forfattaren trekkjer mellom anna fram Lydia, Priskilla og Junia, som bibeltolkarane lenge trudde var ein mann, og som vart kalla Junias. Først i den norske bibelomsetjinga frå 2011 vart Junia ei kvinne.
– Ut frå det som står om henne, tolkar eg at ho var ein svært sentral medarbeidar som mellom anna sat i fengsel med Paulus. Kanskje kunne ho òg kallast ein apostel, det er iallfall ei mogleg tolking, undrar han.
Walgermo meiner det er typisk at ein del av kvinnene i Bibelen blir urettferdig behandla og at dei har kome i skyggen av mennene. Eit eksempel på det er Jokebad, mor til Moses.
– I dag er det få som hugsar namnet hennar, med unntak av dei aller mest trufaste bibellesarane. Men tenk på det desperate håpet til ei mor som sender ungen ut på elva i ei handfletta korg. Det gjer i alle fall meg nysgjerrig på henne. Forteljinga om henne er underfortalt, sjølv om sonen hennar kom til å spele ei sentral rolle i den bibelske historia, seier han.
Erotikk
Ein anna historie som Walgermo trekk fram er jenta i Høgsongen, som han beskriv som ei av dei mest initiativrike og livskraftig rollemodellene som finst i Bibelen. Ikkje minst er ho eit positivt forbilde for yngre kvinner, meiner han.
– Kvifor ønsker du å framheve henne?
– Eg tenkjer at den erotiske kjærleiken etter kjærasten gjev ung, kvinneleg seksualitet ei etterlengta verdi, noko det ikkje er for mykje av i Bibelen. Sex er noko av det vakraste Gud har skapt, og det er fint at Bibelen har positive skildringar av seksuell lengsel og lidenskap som ein naturleg del av det som står der.
Han viser til at Høgsongen har vore tolka allegorisk, der guten blir eit symbol på Gud og der jenta blir eit symbol på kyrkjelyden.
– Men du kan også lese teksten som eit lidenskapeleg forhold mellom to unge som finn kvarandre. I mine auge har ikkje det med seksualmoral å gjere. Teksten er meir ei skildring av den gode kjærleiken som Gud har skapt.
Hulda og Jeremias
Forfattaren trekkjer også fram profetkvinna Hulda, som var ein framståande profet på Jeremias si tid.
– Det var til Hulda kongen gjekk då han søkte råd. Ho var den føretrekte profeten ved hoffet, men ho vert ikkje nemnt med eit ord hos Jeremia. Viss ein byrjar å spekulere, kan ein undre på om det kan ha vore ei rivalisering mellom dei to. Det er i alle fall påfallande at vi ikkje har høyrt meir om henne, seier Walgermo.
– Korleis har det vore å jobbe med boka?
– Eg elskar å jobbe med Bibelen. Sjølv om det har vore arbeidskrevjande, har det vore ein fest også.
I arbeidet med boka har han hatt rikeleg anledning til å fordjupe seg i bibeltekstane og i kunstnariske tolkingar av dei, særleg innan biletkunsten, skjønnlitteraturen, musikken og filmen.
– Dukka det opp inspirasjon til ei ny bok undervegs?
– Du skal ikkje sjå bort frå det.
– Ei rikare leseoppleving
– Du skriv at vi må vakne opp for det kvinnelege perspektivet i forteljingane. Kva vinn vi ved å gjere det?
– Vi får ei mykje rikare lesaroppleving og ei rikare forståing, både av Bibelen og av trua.
– Har det blitt ei feministisk bok?
– Det får vere opp til kvar enkelt å vurdere. Eg synest uansett ikkje ein skal setje opp frontar mellom feminisme og Bibelen, eller mellom feminisme og klassisk kristendomsforståing. Eg tenkjer vel heller at det er viktig for alle, både kvinner og menn, å inkludere både det mannlege og kvinnelege perspektivet når ein les.
Walgermo meiner boka fremjar ein positiv feminisme, som gjev kvinnene den anerkjenninga dei skal ha. Han skriv i boka at kvinnene sin plass i Bibelen og i kristendommen har blitt påverka av synet på Gud: «Enkelt sagt: Dersom Gud er mann, er mannen den viktigaste og kvinna nummer to.»
– Er det for enkelt sagt?
– Poenget mitt er at Gud rommar både det mannlege og det kvinnelege. Eg nemner det fordi eg meiner at ein refleksjon rundt spørsmålet som er nødvendig og som handlar om kva plass kvinna har hatt i den teologiske historia.
Ein mannleg identitet
Walgermo meiner at sjølv om Gud i Bibelen blir presentert med ein mannleg identitet, som når Jesus kallar Gud for far, så betyr ikkje det at kvinnene er mindre viktige.
– Tvert om viser eg i boka at kvinnene gjennomgåande er svært sentrale i Bibelen. Nokre har fått god plass i medvitet vårt, andre har blitt gløymt. Det eg ønsker er å peike på og synliggjere alle desse viktige kvinnene.
Med boken «Bibelens kvinner – historiene som forma verda» ønskjer Walgermo å hjelpe lesarane til å bli klar over kor essensielle kvinnene er. Han håper også å få fram kvinner som ikkje er så kjende frå før og peike på nye aspekt ved dei vi trudde vi kjente godt.
– Bibelens kvinner rommar ein nesten uendeleg rikdom. Mange av historiene deira vil prege meg resten av livet, seier han.