PASTORPAR: Andrew og Norine Brunson dreiv kyrkjelyd i Izmir i Tyrkia i 25 år. Fengslinga sette ein brå stoppar for det.

– Blei sjokkert av at eg ikkje opplevde Guds nærvær

Det var ei langt større påkjenning å hamna i tyrkisk fengsel enn det pastor Andrew Brunson hadde trudd.

Publisert Sist oppdatert

I to år var den amerikanske pastoren fange i president Erdogans fengsel i Tyrkia. Det første året kjende han seg knust.

– Hadde eg kome ut av fengsel etter det første året, ville eg ligge på golvet i fosterstilling, seier Andrew Brunson til Magasinet Stefanus.

Den amerikanske pastoren risikerte 35 år i tyrkisk fengsel, han var skulda og tiltalt for både spionasje og støtte til terror. Støttespelarane kalla tiltalen ein farse – ei blanding av løgner og konspirasjonsteoriar. Fleire av vitna var anonyme.

Tvilte på Gud

I retten 12. oktober i år vart fleire vitnemål trekte, tiltalen vart kraftig redusert – og Brunson vart sett fri straks. Då hadde han i knapt to månader sete i husarrest. Om kvelden etter at han fekk forlata fengselet, fekk han og kona Norine setja seg på flyet tilbake til USA.

Stefanusalliansen møtte Andrew og Norine Brunson i Izmir i Tyrkia like før ekteparet reiste til USA, 25 år etter at dei starta tenesta i Tyrkia.

– Å hamna i fengsel var langt, langt meir enn eg kunne klara, seier Andrew Brunson til Magasinet Stefanus.

– Det første året opplevde eg skuffelsar, og eg tvilte på Gud. Etter å ha lese biografiar om folk som har vore fengsla, hadde eg fått inntrykk at det var ei stor glede å lida for Kristus og at dei opplevde at Gud var nær kvar einaste dag. Slik kjende ikkje eg det, seier han.

Opplevde ikkje Guds nærvær

I 2007 gjekk Brunson ut av det kyrkjesamfunnet han hadde arbeidd i, han takka farvel også til eit dyrt kyrkjebygg. Brunson starta opp ein ny kyrkjelyd i Izmir Tyrkia. Han seier at han «sidan 2007 har sprunge etter å oppleva Guds nærvær».

– Vi har mange gonger kjent at Gud har vore nær. Men i fengselet blei eg sjokkert av at eg ikkje opplevde Guds nærvær. Eit par gonger trudde eg at Gud snakka til meg, gjennom draumar, men det skjedde ikkje noko. Det knuste meg.

Men det andre året byrja Gud å byggja han opp att, fortel Brunson.

– Eg byrja å putta alle spørsmåla som eg ikkje fekk svar på, i ein tenkt boks som eg låste. Berre Gud og eg kunne opna boksen. Eg ville berre fokusera på å vera ein trufast son som kunne halda ut. Eg sa til Gud at den dagen eg skal stå framfor Ham, vil eg ikkje vera ei skam, seier Brunson og fortsett:

– Eg vil spørja: «Då du testa meg, svikta eg? Gjorde eg alt deg kunne for Deg? Var det meir eg kunne gjort?» Eg bad: «Eg vil tena Deg, òg i fengsel.» At eg var i fengsel handla ikkje berre om meg. Eg hamna tilfeldigvis midt i noko større. Eg bad om at Gud skulle gje meg mot til å halda ut til slutt. Eg bad: «Eg vil tena Deg, Gud, ikkje med mine følelsar, men med min vilje.»

«Det er liding»

Åleine og isolert blei Jesaja 50,10 hans vers: «... han som vandrar i mørker og ikkje har lys, men må stola på Herrens namn og støtta seg til sin Gud?»

Han seier at han det andre året i fengsel byrja å oppleva den nåden som hadde vore usynleg for han det første året i fangenskap.

– Det kan av og til vera vanskelegare å leva for Jesus enn å døy for Jesus. Men Gud tok meg gjennom det. Folk må førebu seg meir på forfølging. Men det er viktig å vera realistisk, å vita kva det er. Mor mi sa: «I 2000 år har folk lide for Jesus. No er det din tur.» Eg gråt og svarte: «Det er fælt, det er smertefullt.» Ho svara: «Sjølvsagt er det hardt. Det er liding.»

Powered by Labrador CMS