Kosar seg: Mor Elin Merete Flannum fortel at sonen Jonas Ullebø-Flannum blir «kjempegira» av å vera med på babysong.
Den fyrste song
Ein tenkjer kanskje på dåpen som det fyrste møtet smårollingar har med kyrkja. Men mange spebarn har vore innom lenge før det.
På det lappverket av tepper, puter og laken ligg det elleve pludrande småborn. Foreldra, nokon rutinerte på det som skal skje, andre heilt nye, sit på kne bak borna og slår av ein prat med naboen. Rundt omkring ligg diverse fargerike rytmeinstrument i ei herleg blanding med smokkar og bittesmå ytterjakker med teddybjørnøyrer på. I det sokneprest Signe Sandberg stemmer i med dåpssalma «Det skjer et under i verden» , syng alle dei vaksne, og nokon av dei små, med. Utan så mykje som ein jukselapp. Det er tid for babysong i Årstad menighet.
Meiningsfullt
Sokneprest Sandberg var med på å dra i gong babysong akkurat her for omlag ti år sidan. Då tenkte ho at ho ikkje var god nok til å leie an i songen, i dag seier ho dei har senka ambisjonsnivået. Alle skal kunne vera med med den stemma dei har. Også den som leier opplegget.