Du siterer Bibelen utan å vite det
Norsk er eit av språka som har henta flest faste uttrykk frå Bibelen. Fleire av dei brukar du nok utan å vere klar over at dei er bibelske.
Språkprofessor Sylfest Lomheim har samla mange av dei i ei fersk bok med tittelen «Adam og Eros. Ord og uttrykk i Bibel og mytologi». Medan Terje Nordby har skrive om dei mytologiske orda og uttrykka, har Lomheim har teke seg av dei som kjem frå Bibelen.
- Det er mange bibelord i daglegtalen. Nesten kvar gong eg blar gjennom ei større norsk avis, finn eg bibelspråk», skriv Lomheim i forordet sitt.
Dansen rundt gullkalven (1. Mosebok), skrifta på veggen (Daniels bok) og ein arbeidar er verd si løn (Jesus i Lukas-evangeliet) er tre kjende døme.
- Mest sitert er evangelisten Matteus, med 1. Mosebok som ein god nummer to, opplyser Lomheim.
Her er eit utval av orda og uttrykka Lomheim presenterer og forklarar:
Kainsmerke
Det at nokon ber eit slikt, er eit teikn på brotsverk og skam. Den som ber merket, er ein vanæra person. Men det er misvisande: I 1. Mosebok står det at Gud sette eit merke på Kain - som hadde drepe bror sin Abel - for at han sjølv ikkje skulle bli drepen. Men samstundes skulle det vitne om ugjerninga han hadde gjort.
Himmelropande
Uttrykket kjem frå dei same to brørne, som var sønene til Adam og Eva. «Blodet til bror din ropar til meg frå jorda», seier Herren til Kain.
Syndflod
Eigentleg har ikkje denne med synd å gjere. Flaumen råka rett nok jorda fordi menneska hadde vendt ryggen til Gud, men sjølve ordet kjem av ei mistyding og feilomsetjing. Martin Luther nytta nemleg ordet Sintflot då han omsette Bibelen til tysk på 1500-talet. Det var korrekt, for det tyske ordet «sint» er det same som ein har på norsk i ord som siflod og siregn. Men då danskar og svenskar seinare skulle omsetje Luthers bibel til sine språk, mistolka dei og omsette det med synd.
Ark
Ordet blir brukt om båten som Noah bygde. Seinare blir det også brukt om kista der Moses og folket oppbevarte tavlene med dei ti boda, staven til Aron og ei krukke med manna. Korleis heng dette saman? Jau, ordet kjem av det latinske acra, som kan omsetjast med kiste. Både båten og kista var ei kasse eller ei kiste, og vart altså nytta som transportmiddel.
Laban
Mest kjent er gjerne dette i dag som namn på seige søtsaker frå Nidar, men det er også eit mildare skjellsord. Ein laban er ein slamp, slyngel eller utru fyr. Opphavsmannen var svigerfar til patriarken Jakob i 1. Mosebok. Laban kravde at Jakob skulle tene sju år for å få gifte seg med Rakel, men så vart Jakob lurt til å gifte seg med storestystra Lea i staden. Det førte til at han måtte tene ytterlegare sju år for å få Rakel i tillegg.
Det sorte får
Dette er den som skil seg negativt ut i eit elles pynteleg fellesskap, gjerne ein familie, utan at vedkomande ser ut til å bry seg stort om det. Opphavet kan godt vere frå historia om Jakob etter mange års tru teneste fekk gå gjennom saueflokken til Laban og sortere. Luringen Jakob skilde ut alle dyr med flekker og spraglar, samt alle som var svarte.
Gjere livet surt for nokon: Uttrykket kjem av då egyptarane under Farao gjorde israelsfolket til slavar. Så seint som i 1978-omsetjinga av Bibelen heitte det at egyptarane tvinga israelittane til å træle for seg og gjorde livet surt for dei. I omsetjinga frå 2011 heiter det «gjorde livet bittert for dei».
Alle som ein
Dette betyr at alle står samla, side om side. Ingen bryt ut, ein står last og brast. Seiemåten er brukt fleire stader i Bibelen, mellom anna i 2. Mosebok, Dommarboka og Jesaja.
Ansikt til ansikt
Då har ein ingenting å skjule seg bak, men må stå fram som den ein er. Det krev eit visst mot. Og det kjem frå ei hending der dette verkeleg var på sin plass. «Så tala Herren med Moses, andlet til andlet, slik som menneske snakkar med kvarandre», vert det fortalt i 2. Mosebok 33,11. Dette blir svært sterkt, i og med at Det gamle testamentet elles vitnar om at den som ser Gud, må døy.
Sjå gjennom fingrane med
Særleg forståeleg er ikkje dette uttrykket, men det betyr å late att auga for noko. Ein vil ikkje sjå det, og lét det skje. Ein kan tenkje seg at det inneber å halde fingrane framfor auga som ei grind, og at det fungerer som eit filter. Talemåten kjem via Martin Luther, som nytta uttrykket i omsetjinga av 3. Mosebok. Det dreia seg om kva Herren ville gjere dersom folket oversåg (såg gjennom fingrane med) barneofringar til Molok. I 2011-omsetjinga heiter det «lata att auga for».
Få ånden over seg
Inspirasjon er stikkordet. Uttrykket siktar truleg til det som skjedde med læresveinane på pinsedag, slik det er fortalt i Apostelgjerningane. Uttrykket er også brukt i Det gamle testamentet, men berre om nokre få personar.
Ein torn i auget
Innbyggjarane i Kanaan skulle drivast ut av israelsfolket då dei inntok landet etter tida i Egypt. Elles ville dei verte «ein torn i auget» på dei, seier Herren til Moses.
Å vere heilhjarta
Fleire stader i Bibelen står det om at hjartet til mennesket bør vere heilt, ikkje delt. Djupast sett beskriv det korleis forholdet til Gud bør vere. Eit slektsnært uttrykk er å gjere noko «av heile sitt hjarte».
Hengje i ein tynn tråd/på hengjande håret
Det betyr at noko er usikkert. Uttrykket er brukt i 5. Mosebok om kva farar og situasjonar israelsfolket ville kome i dersom dei vende seg til gudar av stokk og stein. Dei ville få sviktande syn og motlause sinn. Livet deira «skal hanga i ein tråd».
Slå handa av nokon
Då oppfører ein seg ufint eller sviktar nokon. Uttrykket kjem frå Josvas bok, der nokre menn i Gibeon sende bod til leiaren Josva - som førte folket inn i Kanaaan etter at Moses døydde utan å få passere grensa - og bad han om ikkje å gjere dette.
Gammal og grå
Ein kan tru uttrykket har liten med Bibelen å gjere, men det har faktisk stått der i to-tre hundreår, minst. Opphavsmannen er den aldrande profeten Samuel, som seier at han ikkje lenger kan styre. Han er blitt «gammal og grå».
Sjå skeivt på nokon
Viss nokon skuler på ein annan fordi ein er sjalu eller misunneleg, kan det seiast at dei ser skeivt på vedkomande. Og uttrykksmåten vert brukt om kong Saul, som begynte å mislike David. Han forstod at folket heller ville ha den unge gjetaren som konge, etter at han hadde felt kjempa Goliat.
Kreti og pleti
Ordparet har ikkje vore å finne i norske biblar på heile 1900-talet, men er kome inn igjen i 2011-utgåva, som kretarane og pletearane. Det er brukt om dei som tenestegjorde i livvakta til kong David, for å vise at det ikkje berre var snakk om israelittar. «Kreti» er folk frå Kreta, medan «pleti» er filistarar.
Ikkje krumme eit hår på hovudet
Kong David vil ta den opprørske sonen Absalom til nåde igjen. I tre år har Absalom gøymt seg oppe i fjellet saman med mennene sine. Djupt sorgtyngd uttalar kong David til ei mor som er redd for at sonen hennar skal verte drepen i strid: «Så sant Herren lever, ikkje eit hår skal blir rørt på hovudet til sonen din», står det i nynorskbibelen frå 2011. På bokmål er verbet «krummet». Ordet kan brukast også på nynorsk, men vert ikkje brukt. Å krumme er ikkje det same som å røre, men heller å bøye.
Ha ein finger med i spelet
Då David tok Absalom til nåde igjen, spelte livvakten og tenaren Joab rolla som meklar. Tidlegare stod det at han hadde hatt ein finger med i det som skjedde. No er fingeren skift ut med ei hand. «Kongen spurde: Har Joab hatt ei hand med i dette?» spør kong David ifølgje 2. Samuelsbok.
Sveve mellom himmel og jord
Då har ein alvorlege problem. Igjen er det historia om rebellen Absalom som er opphavet. Absalom flykta frå mennene til David på muldyr inn gjennom ein skog, men hårlokkane hans festa seg i eit tre og «han vart hangande mellom himmel og jord». Folka til David fann han - og drap han, noko som gjekk hardt inn på kongen.
Å ikkje vite ut eller inn
Formuleringa kjem frå Salomo. Han skulle svare Herren på kva han ønskte seg etter å ha teke over som konge etter faren David. I riksmålsbiblar frå starten av 1900-talet vert Salomo omsett slik: «Jeg er bare en ungdom og kjenner verken min inngang eller min utgang». Kvar kjem så uttrykket frå? Det kjem truleg frå tysk, for Martin Luther omsette visstnok setninga på denne måten: «Ich weiss weder aus noch ein». Og sidan er dette blitt eit fast uttrykk for å stå i eit dilemma.
Følgje i fotspora til nokon
I Bibelen er det gjerne tale om å leve eit liv i samsvar med det gode forgjengarar har gjort, ikkje minst Meisteren sjølv. «For Kristus leid for dykk og gav dykk eit førebilete, så de skulle følgja i hans fotspor», står det i Peters første brev.
Rive seg i håret
Ein må langt tilbake i Det gamle testamente for å finne denne seiemåten for å vere fortvila og slått av skrekk og vantru. «Då eg høyrde dette, reiv eg sund kjorten og kappe, reiv meg i hår og skjegg og sat lamslagen», står det i Esras bok.
Vekse oss over hovudet
Ei sak er komen ut av vår kontroll. Igjen er det Esra som er kjelda. «For syndene våre er så mange at dei har vakse oss over hovudet, og skulda vår er så stor at ho har nådd opp til himmelen».
Rett og slett
Uventa, kanskje, men også dette kjem frå Bibelen - og frå tysk. I opningsverset til Jobs bok karakteriserte Martin Luther hovudpersonen med orda «schleth und recht». På veg inn i dansk og norsk kvardagsspråk har orda bytta plass. Slett betyr i dette tilfellet ikkje dårleg, men rett, bein eller flatt. I den siste norske bibelomsetjinga heiter det om Job at han var «from og rettskaffen».
Ikkje vere fødd i går:
Her er eitt av tilfella der dagens norske omsetjing ikkje gjer det opplagt kvar uttrykket kjem frå. «For vi er frå i går, vi veit ingen ting», står det. Men på engelsk heiter det «not to be born yesterday», og tilsvarande er det på fleire andre europeiske språk, mellom anna tysk - der vår formulering truleg kjem frå.
Ende med forferdelse:
Noko kjem til å gå skikkeleg gale. Det var det Asaf såg om dei ugudelege, som han skriv om det i Salme 73. I 1930-omsetjinga til bokmål stod det «tok ende med forferdelse». I dagens nynorske utgåve står det «dei endar i redsle».
Kniven på strupen:
Her må det handlast. Du har ikkje noko val. Uttrykket er å finne i Ordtaka i Det gamle testementet, men her er poenget eit anna. Der er det snarare snakk om ei åtvaring mot å la seg lokke av all verdas svikefulle rikdommar. Set deg ein kniv for strupen, dersom lysta på nyting vert for sterk.
Akk og ve:
Utropet uttrykkjer sorg og fortviling. Det kjem frå Ordtaka. «Kven ropar akk, kven ropar ve, kven må krangla og kven må klaga?»
Gjøre rett og skjell:
Det betyr å gjere dei rette tinga på rett måte. Kjelda er Esekiels bok, men ordet skjell er der ikkje lenger. «(når) han så vender om frå si synd og gjer det som er rett og rettferdig, då skal han leva og ikkje døy», lyder verset i 2011-omsetjinga.
Få elddåpen sin:
Dei første tøffe erfaringane i livet er bakgrunnen for dette inntrykket. Opphavsmannen er Johannes døyparen som seier om Jesus: «Han skal døypa dykk med Den heilage ande og eld».
Utbasunere:
Det er å seie noko høgt og tydeleg, slik at ingen kan unngå å få det med seg. Poenget er å sikre seg ære. I Bergpreika åtvarar Jesus mot å gi til dei fattige for å få ros og merksemd. «Når du gjev til dei fattige, så blås ikkje i basun for deg sjølv», seier Jesus med dagens omsetjing. Tidlegare vart verbet «utbasunere» brukt.
Trangt om saligheita:
Særleg høgtideleg er ikkje dette uttrykket. Det viser til at ein kjem ein stad og konstaterer at rommet er så fullt at det er vanskeleg å få plass. Men atmosfæren er så god at ein samstundes uttrykkjer forståing for at folk vil vere der. Det sannsynlege opphavet er meir alvorleg. «Trong er den porten og smal er den vegen som fører til livet, og få er dei som finn han», seier Jesus i Bergpreika.
Ulv i fåreklær:
Ein person som gir seg ut for å vere grei og verkar tillitvekkande, kan ha skumle planar. «Ta dykk i vare for dei falske profetane! Dei kjem til dykk i saueham, men inni er dei grådige ulvar!» åtvarar Jesus.
Å vere ledig på torget:
Ein har ikkje noko å gjere, men er klar for oppgåver. Jesus brukar talemåten om arbeidarar som vart leigde inn til å jobb på vinmarkane.
Den ellevte timen:
Ja, det heiter den ellevte timen, ikkje den tolvte. Då skjer noko like før det er for seint. Truleg kjem uttrykket med den tolvte timen frå at folk forvekslar med eit slektsnært uttrykk: at noko hender «fem på tolv». Den ellevte timen var i gammal jødisk tid den siste på arbeidsdagen. Dagen tok til klokka seks på morgonen og slutta klokka seks på kvelden.
Stoppe munnen på nokon:
Uttrykket er brukt mellom anna i Matteusevangeliet og Titus´ brev. Truleg skriv det seg frå skikken med å kneble fangar eller stappe ei fille i munnen på dei.
Kjenne sin besøkelsestid:
Når tida er der, må ein slå til. Det er tragisk når nokon ikkje nyttar høve som byr seg. Då Jesus rei inn i Jerusalem, gret han over byen. I den danske bibelen frå 1862 seier han om byen at han «ikke kjedte din Besøgelses Tid». Dei tok ikkje imot Meisteren. Det enda i katastrofe. I år 70 fall Jerusalem. Tempelet vart jamna med jorda og er sidan aldri blitt reist igjen.
Tretten til bords:
Ulykkestalet 13 går tilbake til skjærtorsdag - då Jesus var til bords med dei tolv læresveinane sine. Fredag den trettande som uttrykk for ein skjebnesvanger dag, kan truleg førast attende til langfredag. Det har sett sine spor: På mange hotell finn du ikkje rom nr. 13, og på mange fly finn du ikkje rad nr. 13.
Hokus pokus:
Trylleformularet har faktisk eit bibelsk grunnlag, frå innstiftinga av nattverden. Det latinske «hoc est corpus» betyr «dette er kroppen». Forresten er det verdt å merke seg påhenget «filiokus», som betyr «og sonen» - altså i tillegg til Faderen.
Ikkje av denne verda:
Utgangspunktet finn vi i Johannesevangeliet, og poenget er åndeleg. Jesus seier at riket hans ikkje er av denne verda. I moderne språkbruk gir det uttrykk for at noko er fantastisk eller utruleg, nærast så fjernt at det vert oppfatta humoristisk.
Lassis eller lasaron:
Fattig, fillete og sluskete er den som vert omtalt på denne måten. Opphavsmannen i Bibelen er Lasarus. Eller burde vi skrive opphavsmennene? Det finst nemleg to Lararus-ar. Den første er broren til Marta og Maria, som Jesus vakte opp frå dei døde. Den andre er den fattige som Jesus fortel vart teken til Abrahams fang, i motsetnad til den rike som vart pint i dødsriket.
En stakket stund:
Formuleringa kjem frå eldre danske omsetjinga. No heiter det hos Johannes: «Om ei lita stund ser de meg ikkje lenger». Følgjeleg snakkar vi om Jesu avskil med læresveinane.
Både Per og Pål:
Heilt vanlege menneske, med andre ord. Og kjende frå eventyra - i tillegg til Espen Oskeladd. Men i røynda dreiar det seg om Peter og Paulus.
Slag i lufta:
Totalt bortkasta strev. Uttrykket gir assosiasjonar til boksesporten, men kan førast tilbake til Paulus. I 1. Korintarbrev skriv han at han ikkje er ein «nevekjempar som slår i lause lufta».
Fred og ingen fare:
Ja, igjen er det faktisk Paulus som er opphavsmann. «Når folk seier: `Fred og ingen fare´, då kjem undergangen over dei», skriv han i 1. Tessalonikarbrev.
Alfa og omega:
Dette er den første og den siste bokstaven i det greske alfabetet. Og uttrykket betyr det første og det siste. I Johannes Openberring heiter det: «Eg er Alfa og Omega, seier Herren Gud, han som er og som var og som kjem, Den allmektige».
DAGEN