- Eg kan ikkje hugsa at eg har vore redd nokon gong her i Israel
Vår mann i Jerusalem spaserer mellom topp-politikarar og falaffel-seljarar. Vi fekk fire dagar saman med han i Det heilage landet.
Det er fjerde året at han er i Jerusalem som korrespondent for Dagen.
- I Bibelen står det 365 gonger «frykt ikkje». Det er ein gong for kvar dag, legg han til, og John lever etter det.Eg trudde eg kjente John Solsvik nokonlunde bra, men etter nokre dagar i Jerusalem har eg fått ein haug av overraskingar.
Ein sann israelitt
Vi skal ut i trafikken. John kjører som ein israelitt, skiftar felt og rusar og tutar på dei som ikkje følgjer med på trafikklysa. Om ikkje John er redd, så kjenner eg at eg blir det. Her går det unna.
Og så snakkar han mens han kjører. - Va datta dar nåken plass å stå, åja, sjå her kjeme du ja, jaja, då må vel eg flytta litt på meg.
Turistane i Israel går glipp av så mykje, meiner John.
- Dei kjører busslast på busslast til dei same tinga heile tida. Dei får ikkje oppleva landet, Dei må få vera med ut i naturen, vekk frå trafikken og hotella, kjenna på lukter, og sjå plante og dyreliv, eller gå ut på byen ein kveld i Jerusalems pulserande gater med spennande restaurantar, gatemusikarar, folkedansarar og butikkar.
Topp-politikarar og falaffel-seljaren
Eg har fått ein kopp urtete av beste sort i handa, sit i ein god sofa, saman med John og to tre karar til.
Praten går om jødar og palestinarar, om ørkenblomstring, fuglereservat og eldgamle kloster, blant anna. Mennene vi pratar med er kristne tyskarar og israelske jødar.
Dei er turoperatørar, og legg opp alternative israelsopplevingar. Her handlar det ikkje om tur til Fødselskyrkja eller ein dyr butikk der ein kan kjøpa julekrybbe av oliventre.
Dei arrangerer blant anna fjellturar, ørkenvandringar og turar som gir lærdom om dei ulike folkegruppene i regionen. Turane er både i Israel og dei palestinske områda, for å prøva å byggja bru mellom dei ulike folka. John er som han er heime, pratar og ler og er i godlag.
John er interessert i alt mulig, og han har eit svært og fargerikt nettverk av alle mulig slags menneske, frå Knesset-medlemer til falaffel-seljaren i Gamlebyen.
Me tek ein tur til En Prat, ein vakker liten elvedal i utkanten av Judeaørkenen. Og me pratar heile tida. Dette er på Vestbreidda, og me må gjennom nokon av kontrollpostane som Israel har sett opp av sikkerhetsgrunnar.
- Av og til oppfører israelarane seg som nokon, ja eg veit ikkje ka eg ska sei, dei behandlar palestinarane som kveg rett og slett, då er dei med på å skjerpa konflikten. Her kjem velutdanna palestinarar i 50 åra og blir behandla elendig av unge israelske soldatar. Det er klart at det vekkjer sinne, seier John.
John overraskar meg, eg hadde ikkje venta så krasse ord om israelske soldatar.
Ekstremistar
- Der er nokre få ekstremistar på begge sider som øydelegg for alle dei andre, held han fram. John fortel om ei undersøkjing der palestinarar i Gaza, Israel og på Vestbreidda skulle svara på om dei ville bu i ein rein palestinsk stat. Ein svært høg andel av dei som svara, var bekymra for å bu i ein slik stat. Dei var, som folket i arabiske land rundt omkring, redde for ein islamistisk stat med sharialover og lite fridom. Eit stort fleirtal ville heller bu i fred saman med israelarane og nyta godt av dei demokratiske verdiane det ville innebera.
- Dei palestinske leiarane er mykje verre enn folket dei styrer over, seier John, og han gir dei skulda for at fredsprosessen ikkje kjem vidare.
- Israel er villig til å gi palestinarane ein eigen stat, men dei palestinske leiarane vil ikkje gi Israel det same tilbake.
John kjenner Jerusalem ut og inn, han veit til og med kor han får tak i bacon, sjølv om det er forbudt mat både for jødar og muslimar. Om kveldane møtest eg og John i Jaffagata i Jerusalem.
Her gjekk hovedvegen mot Tel Aviv tidlegare. Det var eit bråk utan like, og forretningslivet sleit. No har dei renovert heile området, og det er berre Bybanen som har lov å kjøra her. Her vrimlar det av folk, artige butikkar og små restaurantar.
John fortel at han ein gong i veka møter ein rabbi her for samtalar.
Eg spør om ikkje dei ortodokse blir nysgjerrige på Jesus, sidan dei studerer Torahen (GT) heile livet. Den peikar jo fram imot Jesus.
- Problemet, seier John, er at dei ikkje studerer Torahen, dei har funne ut at GT er for vanskeleg å forstå. Derfor har dei vismenn som tolkar skriftordet. Dei ortodokse jødane studerer ikkje ordet direkte, men masse forklaringar og tolkningar som vismennene har skrive. Dei blir på ein måte stengt av frå å lesa sjølve gudsordet.
- Kva skal til for å nå jødane med evangeliet, undrar eg?
John tenkjer ikkje lenge på det. - Det som skal til er det same som skal til for meg og deg til å ta imot evangeliet, seier han, det er Gud som må gjera eit under og openberra det for dei.
Han er oppgitt over mange kristne organisasjonar som er oppteken med å velsigna jødane på den eine og andre måten, men som ikkje legg vekt på å forkynna evangeliet til dei.
Oppteken av evangeliet og bibelordet
På sabbaten går John til gudsteneste i ulike messianske menigheter. Han er oppteken av evangeliet og av bibelordet, og reagerer på forkynning som berre blir forteljingar om kva Gud har gjort her og der, og som ikkje underviser frå Bibelen.
Han fortel om eit karismatisk møte han har vore på, der han opplevde dette.
- Og så blir følelsane så viktige, seier han, det blir eit jag etter følelsar. Eg tenkjer at han kanskje ikkje er så glad i karismatikk, men der overraskar han meg igjen. John fortel at han møtte Jesus-vekkelsen på 70 talet. Han opplevde å bli fylt av Guds Ande og fekk tungetale.
- Den brukar eg framleis, fortel John, - eg ber stadig for sjuke, og mange har blitt friske. John snakkar vanlegvis ikkje så høgt om dette, men når han får tenkt seg om, får eg lov å skriva om det i avisa. Me får ein lang samtale om karismatikk, sunt og usunt, følelsar og lydighet.
John fortel vidare om jødar som har kome til tru.
- Det er fantastisk å høyra på messianske pastorar. Dei har ein heilt annan forutsetning enn oss for å forstå Bibelen, og dei ser så mange djupner i bibeltekstane som me ikkje får auga på. Ansiktet til John skin liksom opp når han fortel om dette. Eg tenkjer at John må vera det Bibelen kallar ein sann israelitt, ikkje berre når han kjører bil.
DAGEN