Ei annleis og utfordrande noregshistorie
Boka er ikkje ei komplett noregshistorie, men ei bok som prøver å forklare kvifor Noreg er det Noreg det faktisk er i dag, og kva som er «det norske» og «norsk kultur».
Anmeldt:
Kaj Skagen
Norge, vårt Norge
Et lands biografi
Dreyer 2018
lb.427 sider.
----
Det er skrivne mange bøker om Noregs historie. Dei er i stor grad like, og det må dei verta når det gjeld fakta om personar, årstal og hendingar. Det er også lite skilnad når det gjeld analyser og forklaring av utviklinga, i den grad historiebøkene tek opp slike spørsmål.
Kaj Skagen si bok, som er presentert under den originale innfallsvinkelen «et lands biografi», er svært ulik alle andre historiske framstillingar. Det gjeld både prioriteringar, innfallsvinklar og analysar. Dette gjer boka til spennande historie, og dels også til overraskande og provoserande lesing. Eg har lese boka med stort utbytte.
Hans Nielsen Hauge
Historisk sett er det ikkje til å koma forbi at det er kristendommen som har forma og prega land og folk i generasjonar –som i Europa i det heile. Den som nektar dette, er historielaus eller antikristeleg. Når ein kuttar ut den kristne tenkinga, skjer ein av sine historiske røter og kjem i kulturell drift. Det har vi sett mange døme på dei siste tiåra.
Endring
Skagen sin arbeidsmåte er at han i stor grad går presenterer oss for norske forfattarar, for kulturpersonlegdomar, for skulen og universitetet. Det som har prega desse og det desse har formidla, har forma land og folk.
Lenge var det homogent kristent, men frå slutten av 1800-talet, særleg frå 1870-talet, skjer det ei endring. Då slår nye åndsstraumar frå Europa inn over landet som kraftige bylgjer. Dei har utgangspunkt i ei delvis ateistisk og materialistisk orientert tenking ut frå den franske revolusjonen, darwinismen, den nye naturvitskapen og nye filosofiske skuleretningar.
I tillegg til kristendommen, særleg av luthersk-pietistisk karakter, er det også innslag frå mystikken – både av kristen og ikkje-kristen valør, frå norskdom- og naturmystikken og frå antroposofien. Sjølv om alt dette er nokså innbyrdes ulikt, har det det til felles at det opnar for ein åndeleg dimensjon. Mennesket vert ikkje reint naturalistisk eller jordisk. Skagen vektlegg her åndsdimensjonar utanom kristendommen på ein langt sterkare måte enn vanleg, og eg er usikker på om han her overvurderer mystikken og antroposofien og deira innverknad som stod for det.
Kasta vrak
Kaj Skagen legg altså stor vekt på pietistisk kristendom i forklaring av norsk kultur, men også på mystikk og antroposofi. I denne samanhengen løfter han fram forfattarar og andre som nok er kjende, men som han gjev ein lagt sterkare posisjon enn det som er vanleg, og han tek nokre av kulturpersonlegdomane ned frå sine pidestallar. Han let seg ikkje styra av det som er opplese og vedteke som det kulturelt og politisk korrekte.
Om alt Skagen hevdar, er rett, kan eg ikkje vurdera sikkert. Eg trur likevel det i stor grad stemmer. Hans konklusjon er at den europeiske sivilisasjonen ut over 1900-talet har kasta vrak på eller marginalisert dei åndsstraumane som har bore denne sivilisasjonen fram – og det må få radikale konsekvensar.
Det vil føra for langt her å gå konkret inn på framstillinga når det gjeld analysar, argumentasjon og konsekvensar. Det er altså drivkreftene i historia som her vert løfta fram. Det bør sjølvsagt vera interessant for alle med interesse for historie, men like mykje for alle som er opptekne med samfunnsutvikling og politikk. Vi treng alternativer røyster som Kaj Skagen –anten ein er samd eller usamd med han. Denne boka er eit imponerande verk –både når det gjeld kunnskap og tankekraft.