Fader Aho gav mat til svoltne som banka på klosterdøra. No må han i fengsel
Dei sa dei var svoltne og tørste. Fader Aho gav dei mat og drikke. No er han skulda for å støtte terroristar.
Hendinga skal ha skjedd midt på varmaste sommaren i 2018, i Mor Jakob-klosteret sør-aust i Tyrkia.
I ei årrekkje har den syrisk-ortodokse munken budd her, i fjella nær Nisibis i provinsen Mardin, for å ta vare på det 1500 år gamle klosteret. Gjennom hundreåra har det vore eit viktig prinsipp for munkane å vise omsorg og hjelpe fattige og svoltne.
Då to ukjende personar banka på klosterdøra denne sommaren, fekk dei det dei bad om av presten Sefer Bileçen, kjend som fader Aho.
9. januar i fjor vart han arrestert i byen Arkash i Mardin. No har ein tyrkisk domstol dømd han til 25 månader i fengsel for å ha gitt mat og vatn til folk frå den kurdiske opprørsgruppa PKK, som Tyrkia definerer som terroristar.
Reaksjonar
Dommen har vakt sterke reaksjonar. Den assyriske nyheitstenesta Aina skriv at syrianske organisasjonar i Europa krev at den tyrkiske regjeringa set fader Aho fri og droppar alle anklager mot han.
«Det einaste han har gjort, er å gi brød og vatn til to framande som bad om det. Han handla berre i tråd med verdiane sine», heiter det i eit brev som er signert syrianske organisasjonar.
Etter arresten i 2020 vart presten konfrontert med tiltalen. Ifølgje Aina nekta han ikkje for å ha gitt folk brød og vatn, men sto fast på at han gjorde dette i tråd med trua si, ikkje fordi han ville støtte noko gruppe.
I siktinga blir det påpeika at han ikkje melde frå til politiet, og det blir hevda at han var kjend med identiteten til dei som bad om mat, skriv Aina.
Klosteret til fader Aho ligg i eit kurdiskdominert område sør-aust i Tyrkia. På 1990-talet var dette området prega av konflikt mellom den tyrkiske hæren og PKK. Tusenvis av kristne og kurdarar vart då tvinga vekk frå heimane sine.
Nålestikkmetode
Norske Stefanusalliansen har tidlegare møtt fader Aho i samband med arbeid dei støttar i området Tur Abdin. Redaktør Johannes Morken er svært skuffa over dommen.
– Denne dommen viser kor lite som skal til for å bli stempla som terrorsympatisør i Tyrkia. Ein brødbit og litt vatn var alt som skulle til.
Morken seier dei har eit spesielt hjarte for fader Aho.
– Men han er ikkje den første i rekkja av kristne frå Tur Abdin som blir fengsla og gjerne pressa ut av landet.
Han meiner saka viser korleis tyrkiske styresmakter brukar nålestikkmetode for å svekke det kristne nærværet.
– Det er også stadige rettstvistar om eigedomsretten til gamle kristne eigedommar, seier han.
Hardt pressa
Johannes Morken er uroleg for utviklinga i Tyrkia.
– President Erdogans autoritære, nasjonalistiske og islamistiske politikk er krevjande. Den råkar svært mange, blant andre minoritetar og menneskerettsforkjemparar, seier han.
I dei kurdiske områda er dei gamle syrisk-ortodokse kyrkjene under press frå både kurdiske grupper og staten. Evangeliske kyrkjer, der mange av medlemmene er konvertittar, er under press frå styresmaktene, blant anna ved at utlandske pastorar blir svartelista og utestengde frå landet.
Negativt signal
– Tyrkiske styresmakter nyttar ei kvar anledning til å svekke den kristne arven i Tyrkia. Dei gjer det ekstremt vanskeleg for dei små kristne samfunna å overleve. Dei kveler oss, seier ein syrisk-ortodoks menneskerettsforkjempar til britiske Christian Solidarity Worldwide (CSW).
CSW er blant dei som har engasjert seg for fader Aho.
– CSW er djupt skuffa over denne dommen, som sender endå eit negativt signal til Tyrkias religiøse minoriteter, skriv president Marvyn Thomas i ei pressemelding.
Han ber om at skuldingane mot presten straks blir vurderte på nytt, og at advokaten til presten får fri tilgang til alle dokument og vitnefråsegn i saka, for å sikre rettferdig rettargang.
– Vi ber også om at det internasjonale samfunnet legg press på den tyrkiske regjeringa, for å få slutt på alle former for diskriminering mot religiøse minoritetar. Tyrkia må respektere si konstitusjonelle plikt til å verne og respektere rettane til alle borgarar, uansett kva tru og etnisitet dei har, legg han til.