NYTT LIV: Presten Thor Haavik var 17 år då han fekk eit møte med Gud.

For ti år sidan bad Thor Haavik (27) til Gud. Då opplevde han at noko spesielt hende

– Eg feira jubileumet med ein betre middag med mor mi, seier kjendispresten.

Publisert Sist oppdatert

– Vil du ha vatn eller tran?

Thor Haavik har nyleg kjøpt seg leiligheit i Åsane i Bergen, men kaffitraktaren vart ikkje med i det fyrste flyttelasset. Dagen-journalisten takkar ja til vatn.

Haavik vart eit kjent fjes i Noreg då han kom heilt til finaleveka i reality-programmet Farmen på TV 2 i fjor vinter. Same haust byrja han også som prest i Salhus kyrkje i Bergen.

Under omvisinga i leiligheita finn Haavik fram to to kilo-vekter og skal ha journalisten med på ein løpande melkespannkonkurranse.

Ingen som kjem inn desse dørene slepp unna. Og ingen som er med på Farmen kjem unna utan varige mén.

– Eg var aldri med på melkespannhaldinga sjølv, men det er den tvekampen eg ville valt. Det ser så tøft ut å stå i eit kors.

Møtte Gud

Etter at Haavik var med i førre sesong av Farmen, har han blitt ein folkekjær prest, og eit ynda intervjuobjekt. I ulike intervju har han delt frimodig om eit sterkt møte med Gud i ein alder av 17 år.

6. Mars 2011 bad Haavik til Gud, og han opplevde at ein ufatteleg fred og kjærleik kom over han.

– Eg feira tiårsjubileumet med ein betre middag med mor mi, seier Haavik.

– Korleis var dei neste vekene og månadene etter opplevinga denne marsdagen for ti år sidan?

– Systera mi var konfirmant det året, og det var to år sidan eg konfirmerte meg. Etter mi eiga konfirmasjonstid var eg litt ferdig med det, sjølv om det var ei fin tid. Men eit par dagar etter opplevinga spurte eg systera mi om ho kunne setje meg i kontakt med presten. Ho fekk tak i e-postadressa hans, og eg sendte han ein e-post.

Kontakta presten

Haavik finn fram eit bilete av e-posten, som er datert 13. mars 2011 klokka 22:00, sju dagar etter han hadde det sterke møtet.

«Hei, Olav. Lenge siden sist. Kunne vi ha møttes en dag? Er nå klar til å gi alt for gud.»

– Det må jo være veldig kjekt for en prest å få en sånn mail, seier Haavik og ler.

Nokre dagar etter at han sende e-posten, treftest Haavik og presten Olav Dørdal. Dørdal presenterte ungdomsarbeidet i Loddefjord kyrkje, og Haavik vart raskt ein del av gjengen.

Ungdomsarbeidet gav Haavik ein plattform der han kunne dele det han hadde opplevd.

– Eg byrja å brenne for at andre skulle kome til tru, og få oppleve den kjærleiken som eg fekk oppleve av Gud.

Bytta skule

To månadar seinare skulle systera konfirmere seg, og Haavik bestemte seg for å dele.

– Eg hadde fortalt kjernefamilien det eg hadde opplevd, men i konfirmasjonen hennar avslutta eg talen min med å dele det til heile slekta. Det var noko stort som hadde gripe meg, som gjorde det vanskeleg å ikkje dele det.

På det tidspunktet gjekk Haavik fyrste året på Laksevåg vidaregåande skule. Undervegs i det andre året vurderte han å byrje på Danielsen, ein kristen privatskule i sentrum av Bergen.

– Det huskar eg var eit dilemma som eg drøfta med presten Olav. Skal eg gå på ein kristen skule, eller skal eg vere eit lys på ein offentleg skule? Til slutt fann eg ut at eg ville ta siste året på Danielsen, for å oppleve det. Eg hadde aldri opplevd å gå på ein kristen skule før.

Nye gensre

Og Haavik vart ikkje mindre frimodig av å gå på ein kristen privatskule.

– Eg hugsar vi kjøpte bollar i friminutt og gjekk rundt og delte ut til folket og sa: «Hugs at Gud elsker deg». Vi brukte våre egne penger på det. Det var ei frimodigheit som fortsatt er der, som har eit litt anna uttrykk no.

Hadde eg gått på vidaregåande no, så hadde eg nok tort å gjere det fortsatt, men eg tør ikkje å gå med gensarar det står «Gud elsker deg!!», «Du er vakker, fantastisk og verdifull» eller «Free hugs for you» lenger. Men det gjorde eg då, og det gjorde eg fyrste året på teologistudiet óg.

Gensarane Haavik viser til var eigenproduserte produkt som vart hyppig brukt.

– Det er så tidig – Thor i joggebukse og «Gud elsker deg» i gongane på NLA Høgskulen» ler Haavik før han må kjøle seg ned med eit glas vatn. Etter å ha samla seg litt held han fram:

– Det var jo ein bodskap som var vanskeleg å halde inne. Eg hadde lyst til å møte folk med trua. I etterkant har eg óg blitt veldig oppteken av dette med å setje spor i andre menneske.

Truspor

Når han ser tilbake på tida på Danielsen videregående skule, og det å vere konfirmantleiar, fortel han at han er veldig stolt av å ha sete både trusspor og gode spor i mange menneske sitt liv.

– Eg hugsar det var ein som sa nokre år etter at «du var min generasjons forbilde på Danielsen». Og det var utruleg fint å høyre.

– Kva tid skjønte du at det var prest du ville bli?

– Det var fyrst i 2017. Då var eg på tredje året på studiet i teologi. Det året vurderte eg veldig å bytte studieretning til lærarutdanninga. Eg tenkte at det var ein jobb der ein kunne følgje nokon opp i mange år, og bety noko spesifikt inn i elevane sin kvardag. Men då eg snakka med studieinspektøren, så sa ho at dei skulle legge om til fem års lærarutdanning. Då måtte eg ha byrja heilt på nytt, så eg fann ut at eg skulle fortsetje på teologiretninga.

Prestevikar

Den våren reiste Haavik rundt i Bergen og intervjua prestar for å snakke med dei om korleis dei syntest det er å vere prest. Det vart ei veldig positiv oppleving, og han bestemte seg for å søkje sommarjobb som prestevikar i Kristiansund.

– Da eg var ute i felten som prestevikar, så fann eg ut «du verden, for en moglegheit til å dele trua på Jesus og sitje gode spor i folk.» Der fekk eg veldig god oppfølging av ein prest som heitte Erik Blomstrøm, og fekk sakte, men sikkert meir erfaring i dei ulike delane av yrket. Eg møtte menneske i så mange ulike situasjonar, og fekk lov til å fortelje om Jesus kvar einaste dag.

Samtalar om Gud

Haavik samanliknar yrket med jobben han hadde i den lokale matbutikken – ein annan jobb han liker veldig godt.

– Ein gang i månaden følte eg at eg fekk ein skikkeleg god samtale med nokon. Om tru eller livet, eller kva det skulle vere. Men som prest så får eg gjort det kvar dag. Etter ei veke i sommarjobben med djupe samtaler om tru eller Bibelen, vart eg rett og slett sikker på at det var prest eg skulle bli.

– Du har snakka mykje om trua di i offentlegheit, men korleis jobbar du med trua di personleg?

– Eg har ei dagleg bønnestund. Det er ein av dei tinga som eg har bestemt meg for at eg skal gjere. Det har vore superviktig i mitt kristenliv, og i livet generelt. Eg er nok litt nerd óg. På fritida les eg mykje kristen litteratur, skriv og ser på taler.

Fotballmentalitet

Haavik har bakgrunn som fotballspelar, men slutta då han skada seg som 17-åring. Mentaliteten frå fotballbana har han teke med seg inn i presteyrket.

– På grunn av fotballbakgrunnen min, har eg veldig trua på at ein må legge ned mange timer for å kunne bli dyktig i noko. Viss eg skal vere ein flink prest, og møte menneske best mogleg, så trur eg at kvar time eg legg ned i å fordjupe meg i den kristne trua gagnar dei menneska som eg møter. Viss ein hadde spurt kor mange timer eg har brukt på den kristne trua dei siste ti åra, så hadde eg tippa 20.000. Men det er sjølvsagt ein balanse, ein må få nok søvn, vere fysisk aktiv og vere i hyggelege, sosiale samankomstar.

– Kva vil du seie til dei som vurderer å bli prest?

– Det kjem til å bli ein stor prestemangel i Noreg, og nokon må gjere den jobben. Om ein har lyst til å setje gode spor i andre menneske sine liv, og dele trua, så er det ein utruleg fin arena for å gjere det som prest. Viss du er glad i menneske, glad i Jesus, glad i Bibelen, så køyr på – bli prest, seier Haavik.

Powered by Labrador CMS