– Forfølging av kristne nærmar seg nivået for folkemord
Det kjem fram av ein ny rapport som er utarbeidd for det britiske utanriksdepartementet.
Ein rapport utarbeidd på oppdrag frå den britiske utanriksministeren Jeremy Hunt hevdar at forfølginga av kristne visse deler i verda nærmar seg nivået for folkemord, melder BBC.
«Prov viser ikkje berre at anti-kristen forfølging spreier seg geografisk, men også blir meir alvorleg», skriv biskop Philip Mounstephen. Han har leia arbeidet med rapporten som kom i ei mellombels utgåve i førre veke. Den endelege utgåva er venta til sommaren.
– Sove på vakt
Eitt av tre menneske lir under religiøs forfølging, ifølgje rapporten. Og kristne er den mest forfølgde religiøse gruppa.
«Den ubehagelege sanninga» er ifølgje rapporten at «det overveldande fleirtalet (80 prosent) av forfølgde religiøst truande er kristne».
Millionar av kristne i Midtausten er blitt drivne frå heimane sine, og mange er blitt drepne, kidnappa, fengsla eller diskriminerte, skriv The Guardian.
Hunt er sjølv anglikanar og har gjort forfølging av kristne til eit viktig tema som utanriksminister,
– Eg trur vi har skygga unna å snakka om forfølging av kristne fordi vi er eit kristent land og har ei kolonifortid, så nokre gonger er der ein nervøsitet, sa Hunt.
– Det vi har gløymt i denne politisk korrekte atmosfæra er at kristne som vert forfølgde, er nokre av dei fattigaste menneska på kloden, la han til.
– Vi har alle sove på vakt når det gjeld forfølging av kristne.
Møtte erkebiskop
Denne veka hadde Hunt den amerikanske kollegaen sin, Mike Pompeo, som gjest. Saman møtte dei også erkebiskopen av Canterbury, Justin Welby, den øvste leiaren i Church of England.
Dei tre snakka om korleis kristne kan verte verna frå forfølging. Welby opplyser at dei også diskuterte korleis ein kan sikre religionsfridom for menneske uavhengig av kva trustradisjon dei tilhøyrer.
Utanriksminister Hunt understreka at dette er eit spørsmål som ligg både han og Pompeo på hjartet.
– Dei grusomme som nyleg er skjedd i New Zealand og på Sri Lanka minner oss om kvifor, sa han ifølgje christiantoday.com.
Møtet fann stad same dagen som det vart kjent at Asia Bibi endeleg har fått forlate Pakistan, etter fleire års frykt for å verte dømd til døden for blasfemi.
Hunt kalla utviklinga i saka «eit lysglimt».
To konkrete forslag
To poeng var særleg viktige å formidle for erkebiskop Justin Welby i møtet med dei to utanriksministerane. Det eine var at Storbritannia må bruke handelskontakt med land der det føregår forfølging til å fremje trusfridom.
– Vi vil oppmuntre til at ein, med kulturell sensitivitet, seier at trusfridom er ein essensiell del av å vere eit menneske, sa Welby ifølgje christiantoday.com.
Det andre poenget var konsekvensar av militære intervensjonar. Welby meiner erfaringane i Midtausten, med samanbrot i dei kristne grupperingane i nokre land, viser kva følgjene kan bli på lang sikt.
I møtet deltok også den katolske erkebiskopen KevinMcDonald, sjefrabbinar Ephraim Mirvis og imamen Qari Asim.
Møter motbør
I ei påskehelsing i år sa Hunt at han synest det er forferdeleg at 245 millionar kristne verda rundt opplevde forfølging på grunn av trua si. Det britiske utanriksdepartementet sa det kvar månader er 300 kristne som vert drepne på grunn av trua si.
Kritikarar meiner det ikkje er politisk korrekte haldningar, men frykt for økonomiske konsekvensar som gjer at forfølginga av kristne får merksamda det fortener.
«Jeremy Hunts siktemål er edelt, men holt - trass alt gjer regjeringa hans forretningar med Saudi-Arabia, Egypt og Kina», skriv forfattar Andres Brown i The Guardian.
Som ei markering av at fastetida var over, sende Hunt brev til 40 kristne leiarar og grupper. Den første av desse var nederlendaren Andrew van der Bijl (90), grunnleggjaren av Åpne Dører som er kjend under namnet Broder Andreas.