NØKKELOVERLEVERING: Dag Inge Ulstein (til venstre) vart presentert som utviklingsminister i går. Her overtek han nøkkelen til departementet av forgjengaren, Nicolai Astrup. Foto: Ingjerd Våge

Frå bedehus 
til departement

Den nye utvikingsministeren Dag Inge Ulstein har den første leiarerfaringa si frå Norsk Luthersk Misjonssamband.

Publisert Sist oppdatert

I går vart Ulstein utnemnd som ny utviklingsminister. Han overtek stillinga frå Nikolai Astrup (H) som vert digitaliseringsminister.

Ulstein kjem frå øykommunen Sula på Sunnmøre, 20 minutts køyretur frå Ålesund. Han er oppvaksen i ein familie med sterk tilknytning til Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM), den største misjonsorganisasjonen i landet.

Ulstein har gått på Vestborg vidaregåande skule som er eigd av denne organisasjonen og ligg i sunnmørskommunen Stranda. Han er også svoger til Øystein Engås som tidlegare var leiar for NLM Norge.

Var ungdomsleiar

I fleire år hadde Ulstein jobb som ungdomsleiar i NLMs forsamling Salem i Bergen.

– I løpet av desse åra lærte eg Dag Inge å kjenne som ein målmedviten og resurssterk person. Med eit brennande engasjement makta han å motivere på ein positiv måte. Han var lett å samarbeide med, og ein skikkeleg teamarbeidar. Han var ein viktig inspirator også i byggeperioden med Nye-Salem, skriv Eivind Sætre i epost frå reise i Kenya. Sætre var forsamlingsleiar i Salem på denne tida.

Suksess med band

I ei årrekke var Ulstein sentral også under Ung Landsmøte (UL). Denne store nasjonale ungdomsfestivalen arrangerer NLM kvart år i Rogaland i samarbeid med ImF Ung. Mellom anna var Ulstein med som forsongar og spelte i 2003 inn cd-singelen «Memory Completing» med husorkesteret på UL, som i bandutgåve kalla seg Elevate.

– Vi vil gi noko meir enn ei fin oppleving. Vi ser på dette som ei type misjonsgjerning og håper det kan ha verdi for æva, sa Ulstein til Dagen den gongen.

Seinare heldt nokre av medlemene i bandet fram med musikk med electronikabandet Electric City. I 2012 gav dei ut singelen «Bittersweet». Denne nådde på eit tidspunkt toppen av vekelistene over dei mest spelte låtane på ungdomskanalen NRK P3.

Omfamna av Ap-byråd

Harald Schjelderup (Ap) har som byrådsleiar i Bergen samarbeidd tett med Dag Inge Ulstein som finansbyråd.

– Dette er ei regjering som eg ikkje støttar, men eg kan fint og med glede støtte Dag Inge som utviklingsminister, både politisk og personleg. Han har eit sterkt engasjement for rettferd og for sosial utjamning.

Schjelderup understrekat at Ulstein har eit internasjonalt engasjement, men i mindre grad har fått utløp for dette i løpet av åra som byråd i Bergen.

– Som person er han ein det er umogeleg å ikkje bli glad i. Han elskar jo å stå på scena og opptre, men samstundes er han usjølvisk og er aldri oppteken av å framheve seg sjølv. Nokre vil seie at han derfor er ein litt utypisk politikar, smiler Schjelderup.

Han meiner folk kan få eit feil inntrykk av Ulstein sidan han er så blid, positiv og engasjert.

– Han er både analytisk og smart, og han kan vere ein knalltøff forhandlar når han må.

Ville til venstre

Under debatten om retningsvalet for KrF i haust markerte Dag Inge Ulstein tydeleg støtte til dåverande partileiar Knut Arild Hareide som ville søkje samarbeid med Arbeidarpartiet og Senterpartiet.

– Sjølv om han står på såkalla raud side i KrF, kjenner han heile KrF. Han er veldig klar over synspunkta og standpunkta til dei blå, seier Harald Schjelderup.

I november valde Ulstein å trekkje seg som byråd av omsyn til familien. Han er gift og har fire born.

– Kva trur du blir mest utfordrande for han som byråd?

– Det er to ting. Den eine er at han må vere mykje borte frå familien, noko han også syntest var krevjande som byråd. På det politiske planet hadde han ønskt eit anna retningsval for KrF, men eg trur han er gjennomtenkt på kvifor han har valt å gå inn i regjeringa, seier Schjelderup.

– Kjenner kristent landskap

Generalsekretær Hjalmar Bø i Digni understrekar at dei ønskjer eit godt samarbeid med utviklingsministeren same kven vedkomande er. Digni er ein paraplyorganisasjon for kristne organisasjonar som driv utviklingsprosjekt i andre land og får 186 millionar i årleg støtte frå Norad.

– Digni er veldig glad for at vi fekk ein utviklingsminister for eitt år sidan og at denne ministerrolla held fram i regjeringa. Som sivilsamfunnsorganisasjon håper vi Ulstein vil halde fram med å styrke satsinga på sivilsamfunnet. No opplever vi at det føregår ei innskrenking for sivilsamfunnet globalt, seier Bø.

Tidlegare var Bø leiar for NLM Utland. Både han og Ulstein studert ved Fjellhaug Internasjonale Høgskole i Oslo, som er eigd av NLM.

– Vi tenkjer det er positivt for Digni å få ein utviklingsminister som kjenner medlemsorganisasjonane våre så godt, kjenner det kristne landskapet og misjonens betydning over lang tid i andre land. Eg har forståing for at han vil få eit stort ansvar og må forhalde seg til alle aktørar, men eg håper vi vil ha god dialog, seier Bø.

Powered by Labrador CMS